Dei første tre vekene av året fekk 21 kvinner publisert meiningane sine i avisa. Det same gjaldt for 64 menn, og nokre av dei i fleire omgangar. Det var dermed berre ein tredjedel hokjønn som bidrog til debatten.

Skeiv balanse

Då eg talte over innlegg med berre éin avsendar, vart bildet endå tydelegare: Berre 18 prosent av meiningsberarane var kvinner. Det er tydelegvis skummelt for kvinner å hevde seg på eiga hand.

Januar-tala er neppe spesielle. Interne kjelder i avisa hevdar det har vore slik i årevis.

Ikkje alle bidrag blir publiserte, så kan feilen ligge hos debattredaksjonen? På ingen måte, det fløymer over av menn i refusjonsboksen også. Det vekslar mellom skamlause gjengangarar som sender inn tusenvis av ord i månaden, og e-postar med frenetisk, dels uforståeleg innhald.

Karane er vel å merke framleis velkomne, både til spalteplass og refusjon. Dei held trass alt ordskiftet i live, tidvis med glitrande innspel. Men vi må ha fleire kvinnelege stemmer, om skal vi ha ein offentleg debatt som faktisk speglar samfunnet.

Frykt

Det kan berre spekulerast i om det er strukturelt, kulturelt eller biologisk at kvinnene er så tilbakehaldne. Det dreier seg iallfall ikkje om kompetanse eller engasjement. Eg har vore i tallause middagsselskap med venninner som serverer skarpe analysar og slagkraftige argument om alt frå lokalt helsetilbod til global politikk. Men å dele meiningane sine offentleg? Å nei, det skjer ikkje.

Min tese er at kjernen av problemet er frykt for å ta feil; å dumme seg ut. Kva om du ikkje har full oversikt over temaet? Kva om det finst verkeleg gode motargument der ute?

Sanninga er at det å ytre seg offentleg medfører risiko. Uansett kor godt du formulerer deg, kan du bli møtt av nedlatande kommentarar og krass kritikk – iallfall om du er kvinne.

Eit betre grunnlag

Menn er på si side ofte temmeleg skråsikre, såpass at sjølv fortent kritikk prellar av. Konsekvensen er at menn kjem til orde gong på gong, og får følgeleg dytta samfunnsutviklinga i den retning som passar dei.

Skal tendensen endrast, må kvinner rett og slett tørre å kaste seg inn i debattar – og med det tole å få tyn. Det er ved å kaste idear, fakta, analysar og meiningar fram og tilbake at vi saman skapar det beste grunnlaget for ei betre framtid.

Kvinne, eg utfordrar deg.