I dag, laurdag, er det dag sju for klimakonferansen GOP26. Privatflya har frakta statsleiarane heim. Scena er overtatt av forhandlarane. Rampelyset av miljøaktivistar og lobbyistar.

No startar den tunge jobben med å lage vegkartet for korleis nye og gamle klimalovnader skal bli realitetar.

Nye mål for er lagt til i skrytelista. Meir enn 100 land er i tillegg samde om å bremse avskoginga. Like mange er samde om ein plan for å ta ned utsleppa av klimaverstingen metan med 30 prosent før utgangen av dette tiåret.

Meir enn 40 har signert på eit farvel til kol – den enkeltståande størst kjelda til klimaendringane.

Dette er blant dei gode nyheitene.

Dei dårlege?

Ei rekkje store utsleppsland, som USA, Australia, India og Kina, har ikkje signert på kol-utfasinga. Ingen sluttdato er sett. Heller ikkje metan-kuttet har Kina, Russland og India med på laget.

Dessutan er klimalovnader slett ikkje det same som kutt.

Spriket mellom lovnader og tiltak og resultat er så langt stort, også blant «klimaidealistane». 1,5-gradersmålet ser alt ut til å gleppe.

Dei meir dramatiske konsekvensane av klimakrisa rykkjer nærare for kvart år.

Kva har det så med min diesel-Volvo utanfor heimekontoret å gjere? Ja, så veldig diesel-tørst er den ikkje no, der den står med batteriladar under det opne panseret.

Likevel er står den der som bauta over fossil-alderen.

Fossil er eg også sjølv blitt saman med vår sivilisasjon. Eg er ein av dei gamle gretne gubbane som tviheld på eigne privilegium.

Visst bryr eg meg, men eg er nesten like hyklersk i mitt klimaengasjement som klubben av rike land.

Eg har det godt her eg bur i eitt av dei rikaste landa i den rikaste delen av verda. Eg har vakse opp i tiår med nesten samanhengande økonomisk framgang. Eg kan unne meg eit forbruk og gode som var uoppnåelege då mine foreldre var unge.

Saman med den galopperande velstandsveksten har veksten i klimautsleppa følgt i godt trav.

No skal vi altså stramme taumane, men kven skal ta støyten?

Rampelyset er retta mot Glasgow, fødestova til dampmaskinen og den industrielle revolusjonen, sjølve klimasynda. Samstundes er verda i ei global energikrise.

Prisane på elektrisitet, gass, olje og kol svir i budsjetta til både privatpersonar og bedrifter.

I tillegg har dei globale matprisane slått ny tiårsrekord.

Årsakene er mange som samanhengande komplekse.

Med aukande forbruk veks sjølvsagt energibehovet, trass i ny og meir energieffektiv teknologi.

Og akkurat no spelar knappe kol og oljelager i ein postpandemisk omstart av økonomien eit djevelsk spel saman med klimaomstilling av energisektoren, nedstenging av kol- og atomkraftverk og vrange vêrgudar som bremsar tyske vindmøller og tørkar norske vassmagasin.

Og kven tar støyten?

Korkje klimakrisa eller energikrisa er rettferdig – like lite som den pandemien vi privilegerte no trur vi ser i bakspegelen. Dei som har minst, er dei som må bere den tyngste børa – igjen.

Rike land og rike menneske slepp lettast unna.

Det er krisene sitt felles alvorlege dilemma.

Den rikaste eine prosenten av befolkninga i verda har 30 gongar så høge klimautslepp som gjennomsnittet og 70 gongar meir enn den halvparten som har minst å rutte med.

Den økonomiske einprosent-eliten vil i 2030 stå for 16 prosent av totalen.

No er dei fleste av oss ikkje blant desse superrike, men i Norge, Norden og Europa kjem vi godt over midten rekna i utslepp og økonomi, både no og historisk.

Men også her er det skilnad på folk.

Det er dei som alt har det trongt som får svi mest straum-rekninga dunkar tungt ned i postkassa eller dieselprisen stig.

Og klarer vi ikkje å omstille smertefritt til ein grønare økonomi, er det dei som har minst som må stramme livreima mest.

Sjølv om vi globalt sett kjem godt ut, er dette med på å gjere klimakutta politisk vanskelege.

Volvoen utanfor heimekontoret er snart ferdig med sitt ufrivillige klimakutt. Ein nabo med kunnskap om både forbrenningsmotorar og elektrisitet har stilt opp for ein gretten fossilgubbe.

Der var mi energikrise over. Blir nok el-bil neste gong. Eg er privilegert nok til det.

Solidaritet frå ein god nabo var løysinga denne gongen.

Korleis skulle vi klart oss utan?

Kan vi unngå klimakrisa utan?