Norge er verdas beste land å bu i. For 15. året på rad toppar vi FN-kåringa som byggjer på kor mykje pengar vi har å bruke, kor lenge vi lever og kor mange år vi går på skule.

Berre Hedmark er flinkare enn Møre og Romsdal til å få elevar til å fullføre vidaregåande skule. Det viser ei undersøking frå Utdanningsdirektoratet som kom denne veka.

Slik har det vore – til no.

«Meisterbrev er like viktig som mastergrad», var den viktige bodskapen frå ordførar Lena Landsverk Sande (V) i Vanylven då ho og partikollega Iselin Nybø, minister for forsking og høgare utdanning besøkte den vidaregåande skulen i Syvde midt under valkampen. Smilande skein dei om kapp med TIP-elevane (teknikk og industriell produksjon) då dei blei fotograferte.

Det vert om lag som då eg gjekk i lag med foreldregenerasjon deira på gymnaset i Volda midt på 80-talet. Der herja det både åheimarar og syltefjordingar. Kjekke folk var det, og det kjem nok til å gå heilt greitt med borna deira også. Dei veit kva dei går til.

Men er det slik vi vil ha det?

Dei siste ti åra har kvar tiande vanylving flytta frå kommunen. Desidert største fråflyttinga i fylket. Og herfrå – som einaste staden – vert det vidaregåande skuletilbodet fjerna fullt og heilt.

Side Brok-sjef Runar Gudnason er ein mann med mykje på hjartet. Han har fast spalte i Møre-Nytt, og eg gir att frå det han temmeleg harmdirrande skreiv om skulesaka 22. november:

«Her trengst det i mine auge berre eitt argument: Ungdom skal ha eit så breitt og godt utdanningstilbod som mogleg, i nærleiken av der dei bur. Punktum.»

Han er som alltid klar og tydeleg, bygderappar Sjef R, og det er kona hans også. I same Møre-Nytt-spalte siterer han henne slik:

«Me bur i eit land der kommunane ikkje har råd til å fylle badebassenga med vatn, mens folk flest har råd til sitt eige basseng i hagen».

Det er godt sagt om kontrasten mellom privat velstand og offentleg armod.

Nedpinte kommunebudsjett – og fylkeskommunebudsjett – blir vedtekne berre på vona, i lause lufta – reine akrobatpolitikken.

Sjølv står vi godt planta framfor betalingsterminalen og handlar inn til jul.

Gudnason dristar seg til å foreslå at vi kan betale litt meir skatt. Slik at det offentlege får råd til både vegprosjekt i milliardklassen, gode skular og ferjeprisar til å leve med.

Men her på Sunnmøre er vi ikkje akkurat norske meistrar i skatteglede, og Gudnason slår då også sjølv fast at det mest er ein sprø tanke.

For å seie det med bandet:

Når vi veit «kar me kjøme frå» er det nok større sjanse for at ein talsmann for skatteauke heller blir stempla som «din likkje drit» enn som «ein likandes kar».