16 intense OL-dagar ligg framfor oss før OL-elden sloknar søndag 20. februar.

Opningsseremonien for dei 24. olympiske vinterleikane fredag var ein akkurat så storslått og symboltung start på dette som det måtte vere når Kina er vert og den verdskjende filmskaparen Zhang Yimou har regien.

Beijing-OL er no dressa opp som det utstillingsvindauget regimet vil det skal vere.

For medan den norske medaljejakta startar med 15 kilometer for kvinner og mix-stafett i skiskyting i ein kamp mot klokka og omikron-viruset, har Kina sin mektige president, Xi Jinping, heilt andre ting på blokka.

Ikkje berre sport

Sjølvsagt vil han ha sportsleg suksess, men når verdas mest folkerike land tek på seg sitt andre OL på 14 år, handlar det om mykje anna enn sport.

Politikk for eksempel.

Myten om at OL og idrett må vere upolitisk er noko Den internasjonale olympiske komite (IOC) gjer alt den kan for å halde liv i. Heilt fåfengt dog.

Dette er like lite levande som Mao Zedong der han ligg på sin lit de parade.

OL og internasjonal storpolitikk er to sider av same mynt.

Og det har det vore lenge.

Historia er full av døme. Vertsnasjonar og andre nyttar OL som ein politisk arena. Dei mange statsleiarane som vanlegvis gjestar leikane og alle dei milliardane vertsjansjonen brukar for å få dei til å glitre, er bevis nok.

Eller når gjestane vel å boikotte dei.

Glansa utstilling

Og for vertsnasjonane er OL eit utstillingsvindauge på godt og gale.

Jada. OL på Lillehammer var viktig for vårt sjølvbilde på 90-talet. For mange heng glitteret att enno. Likevel er dette eit stykke unna korleis autoritære statar kler seg i dei olympiske ringane.

For Hitler var OL i 1936 ein måte å propagandere for nazi-styret og den germanske rasen si storheit, sjølv om Jesse Owens øydela litt av det med sine sigrar under Hitler sin plass på tribunen på Olympiastadion i Berlin nokre augustdagar denne sommaren.

Vladimir Putin gjorde OL i Sotsji i 2014 til ein demonstrasjon av makt og geopolitiske musklar.

Landet sin medaljehaust hamna i skuggen av dopingskandalane for mange idrettsglade, men for Putin var vegen frå skiløypene til Krim-halvøya svært kort. Det stod om dagar meir enn veker.

Putin & Xi = sant

Og det er ikkje tilfeldig at Vladimir Putin er den mest prominente gjesten til president Xi under dette OL. Årsaka er ikkje berre at boikott igjen står på det olympiske programmet.

No er det ein diplomatisk boikott det er snakk om.

Under Xi Jinping sine tiår på toppen har overvaking og undertrykking av aktivistar og opposisjon auka.

Boikott

USA, Canada, Australia og ei rekkje europeiske land har valt å markere motstand mot mellom anna undertrykkinga av demokratirørsla i Hongkong og ugjerningane mot den muslimske Uigur-minoriteten ved å la tribuneplassar og luksussuiter stå tomme.

Andre, også Norge, deltar ikkje i denne markeringa, og forsvarer det med at idrett og politikk ikkje skal blandast, at idretten skal vere ein arena for dialog, forbrødring og fredsarbeid.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt reiser likevel ikkje til Kina, men då på grunn av omikron-smitte.

Markerer styrke

Fleire statsleiarar, også frå Europa, blir derimot til stades for å varme tribuneplassane, og kastar glans over arrangementet og regimet. Boikotten blir altså mindre synleg og mindre sviande enn då nær 70 nasjonar boikotta OL i Moskva i 1980 – Kina inkludert, i protest mot Sovjet sin invasjon av Afghanistan.

Putin og Xi Jinping nyttar no OL til å vise samhald og felles styrke. Begge slit litt med Vesten sitt syn på undertrykking, demokrati og slikt, og har omfamna kvarandre både politisk og økonomisk.

Kinas statsleder Xi Jinping poserer her sammen med Russlands Vladimir Putin den 4. februar, under åpninga av vinter-OL i Beijing. Ingen av dei ser ut til å ha noko planer om å vidareføre eller fordele makta si. Foto: Alexei Druzhinin

Russland sitt forhold til Vesten er på frysepunktet.

Kina er samstundes ein viktig marknad for russisk olje og gass, og no også for politiske støtteerklæringar.

Små skuggar

Begge åtvarar Vesten mot å blande seg i indre saker, og Kina støttar russiske krav til Nato i Ukraina-konflikten – trass i at landet for mindre enn seks år sidan fordømte annekteringa av Krim-halvøya, ei annektering som er ein del av den same konflikten.

For Xi kastar den diplomatiske boikotten av leikane berre små skuggar. Og han står fram som ein svært sjølvsikker president. Posisjonen i partiet er udiskutabel, og han har ført Kina gjennom eit enorm økonomisk oppsving i åra han har leia landet.

Millionar er løfta ut av fattigdom.

Han i ferd med å skrive seg inn i partihistoria som ein av dei tre store saman med forgjengarane Mao Zedong og Deng Xiaoping.

Problemet er ikkje virus

No får han for andre gong vist sine eigne 1,4 milliardar landsmenn og -kvinner at Kina kan arrangere eit OL, heilt på eigne premiss. Det styrkar posisjonen endå meir.

OL fekk han i konkurranse med Kasakhstan.

Valet stod altså ikkje mellom to demokratiske fyrtårn.

Det er det dessverre ein grunn til.

Det er eit større problem for OL og IOC enn omikron akkurat no.