Sist laurdag vann Sunnmørsposten Data-SKUP-prisen for liten redaksjon (redaksjonar med færre enn 50 tilsette). Det er ein heiderspris for undersøkande journalistikk i norsk toppklasse som nyttar datatekniske metodar og/eller digitale fortellarteknikkar. Dette er stor stas og noko av det gjevaste Sunnmørsposten har vunne av prisar. Journalist Karl-Petter Løvoll begynte på arbeidet med Dødsulykkene for fire år sidan. Som ein journalistikkens Therese Falk, beit han seg fast mellom alle moglege andre oppgåver og landa til slutt prosjektet med god hjelp av digital utviklingssjef Liv-Jorunn Håker og fleire andre då vi i mars publiserte eit omfattande sakskompleks.

Det går ei linje frå prisutdelinga tilbake til sommaren 2012 då vi valte å starte satsinga på datajournalistikk. For ti år sidan stod journalist Eirik Meling i spissen. No i haust vart Meling tilsett som Sunnmørspostens første gravesjef. På heiltid skal han no arbeide for at journalistane våre oftare leverer kvalitetsjournalistikk der både tradisjonelt solid handverk og meir avansert metodebruk kan stå bak sluttresultatet. Sentralt i dette arbeidet står også eit omfattande kompetanseprogram i samarbeid med Institutt for Journalistikk. Dette får alle journalistane i Sunnmørsposten-konsernet tilbod om i år. Seinast denne veka var mange i redaksjonen på kurs i bruk av datajournalistiske reiskaper med Vegard Venli, årets SKUP-prisvinnar og ein av dei beste journalistane i landet.

Denne satsinga gjer vi fordi det er viktig at norske redaksjonar utanfor dei største tyngdepunkta i Oslo, Bergen og Trondheim bidreg til dei journalistiske djupdykka som gjer lokalsamfunna våre opnare og betre. Toppjournalistisk mangfald må romme meir enn det riksmedia leverer. Men vi gjer det også med solid kunnskap om brukarane våre sine preferansar. På listene over mest leste og sette saker er den mest ressurskrevjande journalistikken faste innslag i toppen – kvart einaste år. I så måte er også Data-SKUP-prisen ein stor inspirasjon for komande prosjekt.

Men like viktig som flaggskipjournalistikken er den raske og presise responsen når noko skjer i dekningsområdet vårt. Det skal ikkje store hendinga til før lesartala våre mangedoblar seg. Ei trafikkulykke, ein stengt tunnel, ei ferje med motortrøbbel, ein grasbrann eller kva det måtte vere. Lesarane reknar med at smp.no er oppdatert på sekundet, og så sant vi vurderer hendinga å ha nyheitsverdi, er dette ei forventning vi lever godt med. Difor har vi styrka mannskapet på nettdesken denne hausten.

Vi har no tre reindyrka frontsjefar i turnus som skal syte for at smp.no til ei kvar tid er optimalt oppdatert med tekst, bilete og video på det siste, det viktigaste og det beste. Desse tre har til ei kvar tid med seg ein journalist som har som hovedoppgåve å supplere frontsjefen når noko skjer, slik at vi raskare får ut saker og raskare får oppdatert sakene med fleire kjelder. Vi skal følgje opp sakene tettare istadenfor å stoppe dekninga når røyken har lagt seg. Ved større hendingar skal vi, om det er mogleg, ut og dekke hendingane direkte med levande bilete. Dette er ei spissing av prioriteringa på det som i fagsjargongen går under namnet «breaking». Omorganiseringa har vore i drift berre nokre veker, men vi ser allereie lovande resultat på lesarstatistikkane våre. Det er fleire som går inn på smp.no, dei les fleire saker og brukar lengre tid på sakene.

Så vil somme kanskje innvende at prioriteringa av den krevjande gravejournalistikken og dei hendingsbaserte nyheitene kan føre til at noko får mindre merksemd. At breidda i den redaksjonelle dekninga kan bli smalare fordi fleire journalistar er opptekne med høvesvis graving og breaking. Det er ein risiko vi er merksame på. Difor vil vårt nyheitstudio og sportsstudio på smp.no oftare vere landingsplassen for dei kortare og komprimerte nyheitsmeldingane. Vi vurderer også tilsvarande løysingar for andre stoffområde. Ikkje alt vi får tilsendt blir publisert, men i desse formata skal terskelen vere låg.

Som redaktørstyrt medium skal vi informere om det som skjer i samfunnet og avdekke kritikkverdige forhold. Men i kraft av å vere redaktørstyrt skal vi prioritere. Å prioritere betyr også å velge bort noko. Med retninga vi no går i, er håpet at journalistikken i det største mediehuset mellom Bergen og Trondheim skal løfte seg ytterlagare - både i det korte og lange løp.