Tysdag vart dei offisielle opplagstala for norske mediehus presenterte, og Sunnmørsposten har ein auke på 71 abonnentar frå andre halvår i fjor til første halvår i år. Opplaget er no på 26.671 abonnentar, mot 25.688 første halvår i 2020. Vi må heilt tilbake til 2013 for å finne tilsvarande gode tal. Ein auke på 983 abonnentar i løpet av eit år gir mange grunnar til jublande glede. Her er tre av dei:

1. Styrker Sunnmørspostens posisjon som det største mediehuset i nordvest

Å nå ut til flest mogleg med journalistikken vår, er det daglege målet. Derfor er det svært gledeleg at stadig fleire blir abonnentar. Dette inspirerer og motiverer. Over 75.500 personar les Sunnmørsposten dagleg, anten via mobil, papir, e-avis eller pc, viser oppdaterte lesartal. Eit abonnement omfattar mange ulike tenester, og kan delast med fleire i ein familie.

Alle regionar i Norge har behov for mediehus som kan sette dagsorden nasjonalt med saker som er viktige for innbyggarane i regionen. Sunnmørsposten skal spegle det som skjer i denne delen av landet, og den rolla tek vi på alvor, både som lokal- og regionavis. Ambisjonen er å bidra til ein betre kvardag for alle, og skape positiv utvikling ved å lage grundig, undersøkande journalistikk. Dei fleste mindre lokalavisene på Nordvestlandet har også god opplagsutvikling, og det er vi glade for.

2. Gir tryggare arbeidsplassar

Sunnmørsposten får ikkje pressestøtte. Vi lever av dei inntektene vi klarer å skape. I mange år var annonsar den viktigaste inntektskjelda vår, men gigantar som Facebook og Google har snudd opp ned på inntektsstraumen. Det siste tiåret har vore prega av mange bratte motbakkar på grunn av fall i annonseinntektene. Innføring av pluss-modellen, som betyr at sakene på nett berre er opne for abonnentane, har skapt eit nytt fundament. I dag utgjer brukarinntektene rundt 70 prosent av inntektene, og derfor er abonnentane viktigare enn nokon gong.

Aukande opplag er med på å skape tryggare arbeidsplassar, og vi kan tilsetje nye medarbeidarar. Denne veka vart det kjent at Andreas Lie blir ny sportsjournalist i Sunnmørsposten, og vi har feira opning av nytt kompetansesenter for levande bilde. På grunn av Sunnmørspostens rolle som pioner på streaming, har Polaris Media valt å etablere dette senteret i Ålesund. Det nye senteret betyr fire nye, spennande arbeidsplassar på Sunnmøre, som tilfører regionen verdifull kompetanse.

3. Gode aviser, gir betre offentlege tenester

Nordmenn ligg på verdstoppen når det gjeld avislesing, og floraen av små og store aviser har gjort Norge til verdas beste land å bu i. Forskarar har til dømes funne ut at norske kommunar som har lokalaviser med høg husstandsdekning, blir drive meir effektivt enn kommunar med aviser som har lav husstandsdekning. Det gir positiv effekt at politikarane veit at dei kan bli kikka i korta.

Sunnmørsposten har til dømes nyleg undersøkt kor mykje Ålesund kommune bruker på administrasjon og kommunestyremøte, samanlikna med andre kommunar. Det handlar ikkje om at folkevalde ikkje fortener løn for innsatsen, men at det er behov for å sjå på organisering og struktur. Å kunne diskutere spørsmål basert på fakta, gir eit heilt anna utgangspunkt enn ryktespreiing og sladder. Aftenposten har nyleg avdekka feil bruk av pendlarbustadar, og administrasjonen på Stortinget har erkjent feiltolking og at det er behov for opprydding. Kritikkverdige forhold må fram i lyset for å bli retta på. Det er denne openheita som skaper tillit.

Dei fleste av oss er lykkeleg uvitande om kva det vil seie å leve i eit samfunn utan fri presse. Pandemiåret har skapt større forståing hos mange for verdien av redaktørstyrte medium. Ei undersøking gjennomført av MBL viser at sju av ti nordmenn har tilgang til minst eit avisabonnement. Ein av tre svarer at nyheiter og journalistikk er viktig for eit velfungerande samfunn. Undersøkinga viser også at stadig fleire personar under 30 år vel å abonnere på aviser. Det lover godt for det norske demokratiet.