Skyhøge straumprisar har fått straumdebatten til å slå gnistar denne vinteren. 3.000 ekstra på straumprisen per månad for ein normal husstand sør i landet – før straumstønad, er forklaring god nok på det.

Når vi må leve på vatn og grovbrød, blir jakta på både syndebukkar og lettvinte løysingar kort.

Vi har igjen blitt vekt frå draumen om at vi vassa i breiddfulle magasin av overskotskraft. Skal vi ta det grøne spranget, vil straumkrisene kome tettare enn dei vi har lagt i gløymeboka frå tiåra vi har lagt bak oss.

Vi treng meir straum.

Då ser vi til havs.

Som ein skipper Worse eller Terje Wigen ser vi håp, men også farar og konfliktar i synsranda.

Vi har alt bygd ut det meste av lønsam vasskraft og verna resten. Vi har vedtatt å leggje ned det einaste kolkraftverket vi har hatt, det som i dag forsyner Longyearbyen med straum.

Atomkraft er knapt nok på ønskelista. Gasskraft gravla vi med ei månelanding på Mongstad og eit ubrukt, mobilt kraftverk på Aukra.

Vindkraft på land har fått så mykje motvind at den er politisk død, til trass i at nye vindkraftanlegg saman med knapp overføringskapasitet er ei viktig årsak til at Midt- og Nord-Norge i dag har lågare kraftprisar enn i sør og aust.

Då står vi att med havvind – om vi då ser bort energieffektivisering og litt solenergi

Og vi må langt til havs.

Planane er mange. Draumane er store.

Maritim industri og energibransjen kjenner ferten av det neste norske industri- og energieventyret.

Det er ikkje tvil om at potensialet er der.

Men møllene er så langt få.

Det er det gode grunnar til.

For det første har høge kostnader og låg straumpris lagt ein solid dempar på eventyrlysta. Kystnær havvind er dessutan kanskje like politisk betent i Norge som å etablere vindmøller på Frøya eller Haramsfjellet.

Flytande havvind er endå meir kostbar enn botnfaste installasjonar, og teknologien er enno umogen.

Vi har i dag ein einaste flytande vindturbin, ein testturbin utanfor Karmøy.

That's it!

Norge er eit lite land, men ein stor havnasjon. Havarealet er åtte gongar så stort, og 80 prosent av dei beste vindressursane i verda ligg til havs.

Trur vi at store havområde betyr at potensialet er uendeleg, bommar vi likevel grovt.

Omtrent slik som då Kristian Kvart, forleten av kjærasten og blakk etter 30-årskrigen, kasta seg over dei norske fjellpå 1600-talet.

Også han likte dårleg å leve på vatn og grovbrød, og var misunneleg på svenskane sine malmressursar.

OK. Gode Cristian IV av Danmark og Norge fekk ut sølv frå gruvene i Kongsberg og gjorde sitt til at Røros vart bergverksstad.

Men også han fann ut at fjell oftast er berre gråstein.

Også hav er for det meste vatn.

Av heile det norske havarealet er det berre ein liten del som er eigna for utbygging av havvind, flytande eller botnfast.

Og heller ikkje utanfor horisonten er det konfliktfritt.

Det blir fort djupt utanfor storparten av kysten vår.

Djupna er også ein viktig kostnadsdrivar. Djup større enn 70 meter er difor temmeleg uaktuelle.

Her kjem vindkraft dessutan ofte i konflikt fiskeria.

Grunne, kystnære område som er eigna for vindkraft er i mange tilfelle også viktige fiskefelt, slik som Havsul utanfor sunnmørskysten.

Omsynet til miljøet og dei uerstattelege gytefelta vil også utelukke store delar av det aktuelle arealet.

Flytande turbinar kan forankrast ned til rundt 400 meter. Men også her er djupne – og avstand til land, ein vesentleg faktor. Både fordi vindkraftområda må knytast til store magasinkraftverk på land.

Heller ikkje til havs er det alltid vind.

Og dei må byggast der dei gjer mest nytte ved å sikre regional og nasjonal energibalanse.

Så kjem omsynet til skipstrafikken, farleier, risikotrafikk og internasjonale avtalar om trafikkfordeling.

Alt dette er med på å avgrense potensialet for havvind.

Og då er ikkje ein gong spørsmålet om lønsemd eller hybridkablar.

På pris er flytande havvind til no sjanselaus utan at den kan eksporterast eller subsidierast.

Det er lov å drøyme. Vi må ha visjonar. Havvind vil gi oss både straum og ny aktivitet og inntekter for industrien og energibransjen.

Men vi må grundig avklare forholdet til fiskeri, skipstrafikk og miljø.

Det tar tid og set klare grenser.

Havvind er ingen lettvint veg til billeg straum eller forsikring mot nye straumkriser.