Siv Jensen si kunngjering om at ho går av som partileiar kom overraskande. I 15 år har ho hatt ein urokkeleg posisjon som partileiar.

«Siv sit så lenge som Siv vil».

Slik har Siv Jensen sin posisjon i partiet vorte omtalt internt.

No er det avklart. Siv har bestemt. Ho vil ikkje meir.

Peiker på Sylvi

Ho nøyer seg ikkje med det. Ho peikar også på Sylvi Listhaug som arvtakar. Då blir det slik.

Ikkje fordi Siv Jensen har diktatorisk makt i partiet, men ho har autoriteten som skal til. Berre det at ho peikar på Sylvi Listhaug som partiet sin neste leiar, er eit bevis på den autoriteten – og på at ho kjenner seg trygg på at ho har den.

Det er svært uvanleg at ein avtroppande partileiar så klart gjer opp arverekkjefølgja.

Samstundes peikar ho på Ketil Solvik-Olsen som framtidig nestleiar i partiet. Slik limer ho dei to fløyene i partiet så tett til kvarandre at ein open leiarstrid er utelukka.

Dette handlar ikkje berre om at Siv har talt.

Provoserande og uredd

Sylvi Listhaug har gjennom dei siste åra bygd sin posisjon i partiet. Ho er sterk og uredd i debattar, mange vil seie konfliktsøkjande og provoserande. Ho har breidd ut sitt politiske kompetanseområde, i virket på Stortinget, i partiet og ikkje minst i sine mange statsrådsposisjonar.

Der Ketil Solvik-Olsen tok timeout frå nasjonal politikk, har ho vore ein av dei mest offensive spelarane på den politiske arenaen. Både i regjering, i avgjerda om å ta partiet ut av regjering og som opposisjonspolitikar har ho saman med Siv Jensen vore Frp sin mest synlege profil.

Spenninga ligg i om ho har tenkt å ta partiet i ei ny retning. Om vi får eit Frp som liknar meir på det Listhaugs store politiske forbilde Carl I. Hagen stod for. Å så fall blir det eit parti vi neppe nokon gong vil sjå som ein del av ei ny borgarleg regjering. Men dette gjenstår å sjå.

Med arveprinsar som Solvik-Olsen og Jon Georg Dale som politiske skuggar av seg sjølv er det ingen som kan eller vil utfordre Sylvi Listhaug i hennar veg mot partitoppen.

Listhaug har enno ikkje kommentert om ho vil stille som partileiarkandidat. Den beskjeden får vi i morgon formiddag. Svaret er opplagt.

Nokon har snakka saman

Før Siv Jensen orienterte landsstyret i partiet og stortingsgruppa om sin avgang, hadde ho informert berre sine næraste og ei handfull fortrulege i partiet.

På den lista stod Terje Søviknes, Hans Andreas Limi, generalsekretær Finn Egil Holm – og Sylvi Listhaug.

Siv Jensen er ingen politisk novise eller kløne som ville peika på arvtakaren utan å spørje henne først. Sylvi har sagt ja.

Partilandsmøtet helga 7. til 9. mai blir reine parademarsjen for Listhaug. Frank Sve leiar valkomiteen i partiet og gliset vil gå heilt rundt når han presenterer forslaget om Listhaug som ny partileiar. Når ho då tar imot applaus – fysisk eller digital, er det ein draum som går i oppfylling. Allereie då ho sa ja til å ta førsteplassen på stortingsvallista i Møre og Romsdal ved valet i 2017, hadde ho arven etter i Siv Jensen i sikte.

Det var likevel aldri eit sjølvsagt utfall at det skulle bli slik. Frp er eit parti med sterke spenningar og fløyer som står steilt, nokre vil seie hatefullt, imot kvarandre. Dette kunne like gjerne enda med full kamp og kaos.

For Siv Jensen har det vore eit mål å unngå akkurat det.

I pressekonferansen torsdag ettermiddag gjorde ho det då også klart at det har vore viktig for henne å overlate skuta i god stand, og rydde der det har vore naudsynt.

Hard i klypa

Jensen oser av sjølvsikkerheit på at ho gjer nettopp det, og forklaringa på det er i alle fall ikkje oppslutninga på målingane.

Nei, det gjer ho fordi ho kjenner seg trygg på at ho forlèt eit parti der fløyene står i ei slags våpenkvile.

Vegen fram dit har vore tøff nok. Seinast med ryddeprosessen i Oslo Frp, partilaget som no får ein ledig listetopp etter Siv Jensen. Tidlegare har Bergen Frp fått merke at partiklypa kan vere hard mot "bråkmakarar".

Og sett i forhold til spenningane i partiet etter seks år med regjeringsslitasje, er dagens motsetningar som krusningar på vatnet å rekne. Slik sett er Siv Jensen sin timing så perfekt som den kan vere.

Siv Jensen sat så lenge som Siv Jensen ville.