Kvar dag les rundt 75.600 menneske Sunnmørsposten, anten på papir, nett eller mobil.

Som lesar har du ei viktig rolle i utviklinga av det største mediehuset i nordvest, og vi tek gjerne imot tilbakemeldingar, både ris og ros. Dette er bakgrunnen for at vi her presenterer den redaksjonelle årsrapporten vår.

Mål og prioriteringar

Sunnmørsposten skal vere nyheitsleiande i nordvest. Vi skal informere om det som skjer, avdekke maktmisbruk og andre kritikkverdige forhold, verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming, og få fram det positive i samfunnet, som kan inspirere og skape glede. Vi skal også legge forholda til rette for ein open, offentleg debatt, slik at ulike syn kan kome fram. Kort sagt bidra til at folk får ein betre kvardag.

Samfunnsrolle

I år har vi mellom anna sett søkelys på barnefattigdom i vårt område, og kva som blir gjort for å hjelpe dei som har det vanskeleg økonomisk.

foto
Foto: SMP faksimile

Ein større reportasjeserie handla om rusproblematikk. Vi møtte dei det gjeld, rusmisbrukarane sjølve, pårørande og dei som er nærast problema i rusomsorga. Serien avdekte fleire store dilemma og utfordringar på området, mellom anna mangelen på gode nok tilbod til alvorleg sjuke som kan vere farlege, både for seg sjølv og andre. Folkevalde vart utfordra til å svare, og dette følgjer vi opp vidare.

Les saka her

foto
Havaristen lasteskipet MS «Eemslift Hendrika» blir taua av «Normand Drott» inn Breisundet på veg til kai i Ålesund. Her er bildet tatt frå Alnes på Godøya. Foto: Staale Wattø

Drama på havet

5. april blei det sendt ut naudmelding frå lasteskipet MS «Eemslift Hendrika» som då låg 60 nautiske mil vest for Ålesund med 12 mann om bord. Skipet hadde slagside på grunn av last som hadde forskuva seg. Det var starten på to dramatiske nyheitsdøgn som toppa seg då den evakuerte båten var nær å drive på land ved Stadlandet med 350 tonn tungolje om bord. Sunnmørsposten var tett på situasjonen heilt til MS «Eemslift Hendrika» i siste liten blei berga frå å grunnstøyte og taua inn til Ålesund.

Les sakene om MS «Eemslift Hendrika» her

Tragisk lynnedslag på fjellet

Søndag 4. juli kom eit kraftig torevêr innover Sunnmøre. På fjellet Melshornet i Hareid kommune omkom to søstrer på 18 og 12 år då dei blei råka av lynet. Ei tredje søster var med på fjellturen, men kom frå det med livet i behald. Den djupt tragiske hendinga sette sterkt preg på kommunen og dekninga i Sunnmørsposten dei komande dagane.

Les saka her

foto
Foto: SMP faksimile

Raset ingen gløymer

Snøraset i Molaupsfjella 23. november 1971 tok ikkje berre sju menneskeliv. Alle grendelaga langs Hjørundfjorden blei ramma så hardt at spora er tydelege 50 år etter. Ingenting blei som før og såra er framleis opne. Sunnmørsposten valte å fortelje om tragedien på nytt med visuelle verkemiddel, og formidle historiene til dei som var involverte den gongen.

Les saka her

foto
Bustaddraumen vart eit mareritt for fleire familiar på Hjellhaugen. Foto: Linda Nygard-Sture

Familiar i uferdige hus

I februar vart Sunnmørsposten kontakta av ein bustadeigar på byggefeltet Hjellhaugen i Ålesund. Fleire familiar hadde ikkje fått bruksløyve til heimane sine, og som følgje av det vart dei truga med utkasting av kommunen. Dei hadde i lang tid kjempa for å få erstatning frå utbyggaren, som hadde signert gjeldsavtale der det vart innrømma skuld. Men lite skjedde. Husdraumen var blitt eit mareritt. Sunnmørsposten gjekk grundig gjennom forretningshistoriene, og dokumenterte tvilsam forretningsskikk.

Sunnmørsposten vart klaga inn til PFU av to av aktørane i saka, men vart ikkje felt. (Sjå meir om dette under punkt Etikk)

Les saka her

foto
Skjermdump frå filmen Foto: Jan Erik Finnsæther

Ein time på Nordøyvegen

Like før jul opna første delen av Nordøyvegen, vegprosjektet til 5,6 milliardar kroner som gir fastlandssamband for 2700 menneske på fem øyar nordvest for Ålesund. Sunnmørsposten blei med på jomfruturen med journalist og fleire fotografar. Vi filma heile turen, både frå bilen og med dronar. Den timeslange sendinga gav eit godt innblikk i byggeprosjektet og blei godt motteke av lesarane.

Les saka her

foto
Ann-Mari Thorvik ved grava til sonen på Nedre gravlund i Ålesund. Foto: Staale Wattø Staale Wattø / Sunnmørsposten

Baby i ukjent grav

Tidlegare var det vanleg praksis å legge babyar, som døde før eller like etter fødsel, i kista til ein død vaksen. Sjølv om intensjonen kunne vere god, har ordninga påført mange foreldre stor smerte. Reportasjen «Hvor ble det av Rolf-Andre?» handlar om dette temaet.

Les saka her

foto
Koronateststasjonen på Åse. Fv. Nora Lorgen, Linnea Holen, Sabrina Fylling, Charlotte Mansfield Røyseth, Kristina Lid, Klara Waagan. Foto: Anne Marthe Vestre Berge

Jakta på eit lite virus

Koronaviruset har sett sitt preg på kvardagen til oss alle det siste året, og vi har lagt vekt på å belyse ulike konsekvensar av pandemien. I reportasjen «Hei, det er frå smittesporingen i Ålesund» snakka vi både med folk som var blitt smitta, og dei som hadde i oppgåve å oppspore smittekjelda.

Les saka her

foto
Stortingsvalet 2021: Arbeidarpartiets Åse Kristin Ask Bakke og Per Vidar Kjølmoen. Foto: Staale Wattø

Stortingsvalet

Samferdsel, sjukehusdrift og kommunestruktur var aktuelle saker som prega både nyheitsdekning og debattsidene våre under årets valkamp. Valnatta samarbeidde vi med NRK Møre og Romsdal om direktesendt valvake frå Terminalen, der toppkandidatar frå alle partia i fylket var samla.

Næringsliv

Enkelte bedrifter har kome styrka ut av pandemien, medan andre har mista fotfestet. Ei sak om eit byggefirma med 51 tilsette som gjekk konkurs, vart den meste leste næringslivssaka på smp.no i fjor. Ein konkurs involverer svært mange, og derfor er informasjon viktig.

Sunnmøre har eit næringsliv som markerer seg internasjonalt, og tilfører Norge store eksportinntekter. Dekning av dette stoffområdet har derfor høg prioritet i Sunnmørsposten. I tillegg til den daglege nyheitsdekninga, blir det sendt ut eige nyheitsbrev kvar veke, og næringslivspodkasten MAR er på lufta annan kvar torsdag.

Kultur

Konsekvensane av museumsreforma er eit tema som har fått brei omtale i Sunnmørsposten. Fleire lokale museum har sagt nei til å gi frå seg eigedomsretten til gjenstandar til Viti, og vil heller etablere eigen stiftelse. Sjeldan har museumsstrid skapt så mykje debatt.

foto
Bålsjef Oskar Benoni Hovland Hessen og søskenbarnet Henrik Hovland Hagerup. Foto: Marius Simensen

Ein av dei mest leste reportasjane i fjor handla om Slinningsbålet, ei fantastisk historie om tradisjon, dugnadsvilje og pågangsmot.

Les saka her

foto
Foto: SMP faksimile

Sport

Karsten Warholm er den første sunnmøringen som har tatt eit individuelt OL-gull. Han vart i fjor årets mannlege idrettsutøvar i verda, og vart stemt fram til Sunnmørspostens heiderspris.

Les saka her

foto
Foto: SMP faksimile

Sebastian Foss Solevåg tok sin første verdscupsiger og tok i tillegg VM-gull i slalåm, samt gull i lagkonkurransen, og vart fjerde nordmannen i historia med VM-gull i slalåm.

Les saka her

Her er dei mest leste sakene i 2021

  1. To omkom og en tredje er hardt skadet etter lynnedslag på fjellet

  2. To personar funne omkomne på beiteområde – politiet etterforskar saka

  3. – Slinningsbålet er resultat av imponerande lagarbeid, kreativitet og pågangsmot

  4. Pressekonferanse om koronasituasjonen

  5. Ålesund kommune informerer om smittesituasjonen

  6. Savnet fisker funnet omkommet

  7. To omkom i brann

  8. Én omkommet – én savnet

  9. Alle evakuert fra lasteskip i havet vest av Ålesund

  10. Her er tiltakene for Ålesund, Sula og Giske

  11. Fylkesveg 650 Stordal: Fem personar i front mot front-kollisjon

  12. Dødsulykke på Strandabøen

  13. Ålesund og Sula strammar inn koronareglane

  14. Ordføreren varsler koronatiltak i Ålesund

  15. Styrtregn og torden: Slik var uværet

Mest lest næringsliv (kategori)

  1. Byggefirma med 51 tilsette er konkurs

  2. Restaurant på Moa er konkurs

  3. Kraftselskap hardt ramma av korona

  4. Har stengt stor bedrift etter koronautbrot

  5. Byggefirma jobba for Ålesund kommune med falskt svennebrev

  6. Camping-par vil selje på Sunnmøre

  7. Rasar mot nedstenging: – Etter mitt skjønn har vi lov til å opne

  8. Konkurs for ny butikk

  9. Satsar i Breivika, vil ikkje til Digerneset

  10. Konkurs for elektrikarfirma

Mest lest reportasje (kategori)

  1. Boligdrømmen ble et mareritt. – Vi opplever at vi er blitt lurt

  2. Marte kan vere farleg for mamma

  3. Barna til Kristina lever i barnefattigdom

  4. Møt menneska bak rusen

  5. Bli med på jomfrutur på Nordøyvegen

  6. Eva-Britt fra Ålesund kunne vore fyrstinne av Monaco, om ho ikkje hadde vore så trøtt

  7. Ragnhild og familien står midt i sitt livs verste mareritt

  8. Slinningsbålet lenge leve

  9. Tanya brukte rusen for å døyve smerta. Nå har ho vore rusfri i 15 år

  10. Hvor ble det av Rolf André?

Nye lokale og nytt kompetansesenter

I august flytta Sunnmørsposten inn i nye lokale i Pirbygget i Keiser Wilhelmsgate, etter nesten 20 år i Røysegata. Vi liker oss svært godt i dei nye lokala, som er betre tilpassa dagens drift.

Årets høgdepunkt var opninga av Polaris Medias kompetansesenter for direktesendingar og levande bilde som er lagt til Sunnmørsposten. Kompetansesenteret skal tilby support og opplæring til alle mediehus i konsernet, og senteret tilfører regionen fleire nye, spennande arbeidsplassar. Sunnmørsposten har vore pioner på bruk av streaming, og har sendt direkte frå både konsertar, fotballkampar og ulike hendingar i mange år. No kan dette feltet utviklast vidare.

I 2021 sende vi direkte frå om lag 130 kampar i kvinne- og herrefotball, frå andre til femte divisjon, i tillegg til handballkampar og  Ålesund maraton.  Vi har også sendt direkte frå kunstsamtalar, musikkonkurranse, miniseminar om teknologitrendar og oppsummering av koronaåret. Direktesendinga frå Slinningsbålet hadde nær 70.000 sjåarar på smp.no. I tillegg gjekk sendinga internasjonalt via Innovasjon Noreg sine facebooksider.

foto
Journalist Tarjei Engset Ofstad og digital utviklingssjef Liv-Jorunn Håker var programleiarar under sendinga frå innflyttingsfesten. Foto: Anne Marthe Vestre Berge

Vi feira innflytting i nye lokale med stor direktesending frå Pir, med underhaldning, intervju og musikkinnslag. Dette skjedde i «korona-pausen» i oktober, som gjorde det mogleg å invitere 150 abonnentar som gjestar i salen.

Sjå innflyttingsfesten her

Podkast

Vi har for tida tre podkastar, næringslivspodkasten Mar, med 12 episodar i 2021, og fotballpodkasten Sunnmørsball med 16 episodar.  Vi har også publisert enkeltepisodar av podkasten Sunnmørsfolk siste året.

Her finn du podkastane våre

Opplagsvekst:

Vi har hatt jamn vekst i talet på betalande abonnentar siste åra. I fjor haust var det offisielle opplagstalet på 26.671 abonnentar, og den 9. mars i år presenterer MBL nye lesar- og opplagstal. Det ser vi fram til, for førebelse tal viser fin opplagsauke.

Den digitale trafikken auka med ni prosent i fjor i høve til året før, og vi hadde i gjennomsnitt 2,5 millionar sidevisingar på smp.no i veka. Det er ny rekord, og det gledelege er at veksten held fram inn i 2022.

Prisar

Desse prisane har Sunnmørsposten delt ut:

  • Idrettsprisen: Dimna-trenar Arve Hatløy

  • Kulturprisen: Komikar Terje Sporsem

  • Heidersprisen: OL-vinnar Karsten Warholm

Les om Warholm her

Sunnmørsposten er også med på å dele ut Nyskaperprisen for å inspirere til berekraftig nyskaping i nordvest, saman med representantar for NTNU, ÅKP, Næringsforeningen Ålesund, Sparebanken Møre, Spareban1SMN og Nordea. Årets pris gikk i år til C Food Norway, som skapar gull av fiskerestar, og er verdsleiande innan foredling og sal av tørka svømmeblærer frå torsk.

Desse prisane har Sunnmørsposten fått:

Fotograf Nils Harald Ånstad gjekk av med sigeren i fotokonkurransen i regi av Møre og Romsdal Journalistlag med bilde tatt som illustrasjon i ein reportasje om «burning». Staale Wattø fekk heiderleg omtale for bildet «Politimannen og peikefingeren» – som vart tatt då politiet kom for å fjerne demonstrant som hindra anleggsstart for vindkraftutbygginga på Haramsøya.

foto
«Politimannen og peikefingeren» Foto: Staale Wattø
foto
«Burning» Foto: Nils Harald Ånstad

Tidlegare journalist i Sunnmørsposten, Elisbeth Solvang, fekk Møre og Romsdals Journalistpris i kategorien feature for ein serie artiklar rundt temaet sjølvmord.

Journalistfagleg utvikling

På grunn av pandemien vart det lite kursaktivitet i fjor. Ein medarbeidar gjennomførte kurs i krimjournalistikk på Institutt for Journalistikk, og to medarbeidarar tok kodekurs i regi av Next Digital.

Vi hadde planlagt internkurs i regi av Senter for Undersøkande journalistikk, som måtte utsetjast til januar i år.

Dei daglege redaksjonsmøta har vi gjennomført på teams, med evalueringar og fordeling av oppgåver.

Vi er i gang med å utvikle eit større kompetanseprogram i samarbeid med Institutt for Journalistikk som skal gjennomførast i alle mediehus i Sunnmørsposten konsern i løpet av 2022. Kursa skal legge vekt på opplæring i undersøkande journalistikk og levande bilde.

Fotominne frå 2021

foto
Vedlikehald av vassleidningane til kraftstasjonen i Tafjord. Oskar Alme. Foto: Nils Harald Ånstad
foto
Terje Sporsem frå Ålesund, ein av Noregs mest drivne og allsidige stand-up-komikarar. På båtane langs Skansegata tigga dei krabber av fiskarane. På reketrålaren «Valderøy» frå Giske fekk han prøve seg som rekeseljar. Han selde to liter reker på nokre få minutt. Foto: Staale Wattø
foto
Via Ferrata frå Byparken til Fjellstua. Jakob Pinos (t.v) og Eirik Vaage klargjer løypa for ruta i fjellsida på Aksla. Foto: Staale Wattø
foto
– Det var mykje meir snø før om åra, fortel Håkon Blindheim til Sunnmørsposten. Han jobba i over 40 år som vêrobservatør for Meteorologisk institutt. Foto: Nils Harald Ånstad
foto
Det tidlegare ekteparet Harold Kåre Olsen og Mary Ann Hansen måtte berge seg sjølv, berrføtt og i berre undertøyet, ut av Steinvågvegen 43. Foto: Nils Harald Ånstad
foto
Arnstein og Lena Hansen fekk besøk av helseminister Bent Høie. Eldreombud Bente Lund Jacobsen (t.h) Foto: Staale Wattø
foto
Dei første vindturbinblada blir lossa på Håneset på Haramsøya Vingene (67 meter lange), frakta frå det finske frakteskipet "Enough talk" til Haramsfjellet. Foto: Staale Wattø
foto
 Vanningsprosjekt for bønder i Stordalen. Fra venstre: bøndene Jon Geir Selboskar og Per Ivar Skodjereite sammen med Jon Lied, rådgiver Landbruk Nordvest (t.h). Foto: Staale Wattø

Etikk

Vi lever av tillit og truverd, og presseetikken er ein viktig del av det daglege arbeidet. Sunnmørsposten har forplikta seg til å følge Ver Varsam-plakaten og Redaktørplakaten. Spørsmål som «Har alle fått kome til orde? Er det henta inn tilsvar?» er vanleg å høyre på desken.

Sunnmørsposten vart klaga inn til Pressens Faglege Utval (PFU) i fem saker i 2021, og gjekk fri i alle. Tre saker fekk full behandling, medan to fekk forenkla behandling: Det vil seie at PFU-sekretariatet meinte det var openbert at sakene ikkje var i strid med god presseskikk, og dette vart stadfesta av utvalet.

Her er oversikt over sakene:

Romsdalsaksen mot Sunnmørsposten: Konklusjon: Ikkje brot på god presseskikk. Du kan lese alt om klagebehandlinga her: https://presse.no/pfu-sak/160a-21/

Vi vart også klaga inn av MUM (Møre utan Møreaksen). Klagen fekk forenkla behandling: Konklusjon: Ikkje brot på god presseskikk.

Som tidlegare omtalt vart det levert to klager på reportasjen om husdraumen som vart mareritt på Hjellhaugen i Ålesund.

Klagen frå utbyggaren vart tatt til forenkla behandling. Konklusjon: Ingen brot på god presseskikk.

Klagen frå ein annan person som var omtalt i saka, gjekk til full behandling. Etter ei samla vurdering kom PFU fram til at Sunnmørsposten ikkje hadde brote god presseskikk.

Du kan lese alt om klagen her: https://presse.no/pfu-sak/132a-21/

Vi vart også klaga inn av NN som meinte ho vart skulda for å ha gått til åtak på ei svane. Etter ei samla vurdering konkluderte PFU med at vi ikkje hadde brote god presseskikk.

Les meir her: https://presse.no/pfu-sak/168-21/

Dette har vi lært:

Sjølv om vi gjekk fri i Pressens Faglege Utval, har vi gått grundig gjennom alle sakene for å sjå om vi kan lære noko. Her er moment vi tek med oss vidare:

  • Det er ekstra viktig å ta atterhald når vi ikkje får alle partar i ei sak i tale.

  • Dersom ein person ikkje ønskjer å nytte seg av retten til samtidig imøtegåing, må vi sørge for å få dette skriftleg, slik at det ikkje oppstår tvil i etterkant om kva som er avtalt.

Etikk handlar om meir enn klagesaker til PFU. På redaksjonsmøta har vi mellom anna gått gjennom debattreglane våre. Som mediehus har vi eit særleg ansvar for å få fram ulike synspunkt og stemmer. Vi skal ha stor takhøgd i samfunnsdebatten, og ikkje vike unna når det handlar om å ta opp vanskelege saker og kontroversielle tema. Samtidig har vi null toleranse for hets, rasisme og sjikane, og ingen kan forlange å få alle sine ytringar publisert.

Sunnmørsposten har eit tydeleg menneskesyn, som slår fast at alle menneske er like verdifulle, uavhengig av hudfarge, kjønn, alder, legning, funksjonsnivå, livssyn, økonomisk status eller posisjon i samfunnet.

Dette kan vi gjere betre:

Koronapandemien og heimekontor har ført til mindre reiseaktivitet, og fleire «kontor-saker». No som restriksjonane er i ferd med å bli oppheva, ser vi fram til å kome oss meir ut for å møte folk og lage reportasje.

Språkleg slurv og skrivefeil har vi framleis for mykje av.

Når målet vårt er å spegle heile samfunnet, må vi bli flinkare på mangfald, til dømes i form av kjønn, alder og kulturell bakgrunn.

Berre litt i overkant av 60 prosent av abonnentane våre er innom og les pluss-saker på smp.no i løpet av ei veke. Vi har ikkje vore flinke nok til å informere om alle tenestene som abonnentane våre har tilgang til. Det gjeld både e-avis, pluss-artiklar og arkivtilgang.

SMP Lab

SMP Lab er Sunnmørspostens digitale utviklingseining med to årsverk. I fjor vart det mellom anna jobba med å vidareutvikle digitale forteljarteknikkar, Sunnmørspostens nyheitsapp, opplæring av nye medarbeidarar, kompetanseutvikling i redaksjonen, lansering av nye webkamera og podkastar og ulike tenester for lokalavisene.

SMP produksjon

Sunnmørspostens produksjonsavdeling har fire tilsette som har kompetanse på grafisk arbeid, design og presentasjon.

Avdelinga produserer Sunnmørspostens papiravis – inkludert magasin – samt delar av følgande aviser: Vestlandsnytt, Vikebladet Vestposten, Møre-Nytt, Nyss, Fjordingen, Fjordenes Tidende og Dølen. I avdelinga blir det arbeida også med design og produksjon av større digitale presentasjonar – hovudsakeleg for Sunnmørsposten. Eigenmarknadsføring og anna designarbeid blir det også brukt tid på.

I 2021 vart Nyss fasen inn i produksjonen, det same med Dølen. I tillegg fekk Nytt i Uka bistand med overgang til same papirproduksjonssystem som dei andre avisene i konsernet.

Sunnmørsposten konsern

Sunnmørsposten eig lokale mediehus både på Nordvestlandet og i Gudbrandsdalen. Desse er: Dølen på Vinstra, Fjordabladet på Nordfjordeid, Fjordingen i Stryn, Fjordenes Tidende i Måløy, Fjuken i Skjåk, Møre-Nytt i Ørsta, Nyss; Sykkylven og Stranda, Vestlandsnytt i Fosnavåg, Vikebladet Vestposten i Ulsteinvik, Vigga på Dombås og gratisavisa Nytt i Uka som kjem ut i Ålesund. Sunnmørsposten er del av Polaris Media konsern.