Ei tenåringsjente frå Ulstein fortalde til avisa 12. juli i år om baktaling og stor rykteflaum etter at ho melde to gutar for overgrep. Påkjenninga vart så stor, at ho velde å flytte frå bygda.

Kva som har skjedd eller ikkje skjedd av fysiske overgrep, er ikkje tema for denne kommentaren. Poenget er at baktaling og ryktespreiing er uakseptabelt, og det må vi vaksne vere tydelege på.

Mange barn blir kvar dag utsette for baktaling og anna skjult mobbing som kan vere vanskeleg å oppdage. Jenter er ofte meir indirekte og utspekulerte når dei plager andre, derfor er denne varianten ofte kalla jentemobbing. Men undersøkingar tyder på at gutar i like stor grad som jenter opplever å bli baksnakka og utestengt. I Elevundersøkelsen 2016 svarte 6,3 prosent av elevane at dei vart mobba to–tre gonger i månaden eller oftare. Omtrent halvparten av desse svarte at dei vart halde utanfor og baksnakka. Dette er alvorleg høge tal.

Tove Flack, forskar ved Senter for atferdsforskning ved Universitet i Stavanger, er ekspert på skjult mobbing. Eg tok kontakt med henne for å finne ut meir om temaet. Ho forklarer at skjult mobbing handlar om at nokon tek initiativ til å øydelegge andre sine relasjonar og kjensle av å vere akseptert og inkludert i fellesskapet. Det kan skje ved at ein omtalar ein person på ein negativ måte, eller spreier ufordelaktige rykte. Gradvis snur venner seg bort. Det blir slutt på invitasjonar til aktivitetar og sosialt samver. Ein får negative blikk og signal frå mange hald, frå alle som vil vise personen at han eller ho ikkje er akseptert.

Men korleis hindre at dette skjer?

– Ein bør vere særleg merksam på dei populære elevane, då dei kan vere pådrivarar i mobbinga, seier forskaren.

– Høg status er ofte ein føresetnad for å få med seg dei andre på å stenge ute enkelte elevar. Ein del av prosessen, som fører til utestenging, går føre seg gjennom kommunikasjon der vaksne ikkje deltek. Når det går føre seg i det skjulte, er det ei større utfordring å finne ut kva som skjer. Likevel, det er fullt mogleg! Lærarar kan fange opp blikk og sarkastiske kommentarar og legge merke til når nokon ikkje får vere med på ein aktivitet, eller i eit selskap osv. På bakgrunn av det ein ser, kan ein snakke direkte med enkelte elevar om kva som skjer. Det finst metodar som er utvikla spesielt til dette. Dess yngre barna er, dess lettare er det for vaksne å oppdage det.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!

Forskaren seier at skjult mobbing skjer fordi denne måten å kommunisere på rett og slett kan vere effektiv når nokon vil skaffe seg status og dominans i eit miljø. Mange menneske ønskjer sterkt å vere populære. Men å oppnå popularitet ved å krenke og stenge ute andre, kan vere skadeleg, også for dei som mobbar. Ein kan bli manipulerande og følelsesmessig «nomen». Derfor er det viktig, både av omsyn til den som blir mobba, men også dei som utfører mobbinga, at dette blir stoppa.

Foreldre og skule bør lære barna tidleg å bli kjent med sine eigne følelser og behov, for dermed også gjenkjenne følelser og behov hos andre. Det er ei viktig samfunnsoppgåve å gi barn og unge eit verdigrunnlag der ein legg vekt vennskap framfor status, seier forskar og universitetslektor Tove Flack.

Både skule og familie har ei viktig rolle når verdiar skal formidlast. Eg kjem til å tenke på ei historie som læraren min fortalde på barneskulen, for mange, mange år sidan: «Det var ein gong to naboar som vi kan kalle Per og Pål. Dei dreiv kvar sitt gardsbruk. Per var misunneleg på Pål, og begynte å sette ut rykte om han. Først små og uskuldige rykte, og seinare meir alvorlege skuldingar. Rykta spreidde seg fort i lokalmiljøet, og Pål vart isolert og einsam. Så gjekk det mange år, og Pål vart alvorleg sjuk. For å lette på sitt eige samvit, gjekk Per på besøk til naboen som no låg for døden. Det var ikkje så lett å få i gang ein samtale, men Per tok mot til seg og spurde om det var noko han kunne gjere.

«Ja», sa Pål. «Kan du løfte opp hovudputa mi?» Sjølvsagt. Per var glad for å kunne gjere noko. Deretter bad Pål om at Per gjekk opp i øvste etasje, opna vindauget, klipte hol i puta og rista ut all duna. Per synest det var eit rart ønskje, men gjorde som Pål sa. Han opna vindauget og rista heile puta tom slik at duna flaug til alle kantar. Han kom tilbake til sjukerommet, og spurde om det var noko meir han skulle gjere.

«Ja», sa Pål. «Kan du gå ut og plukke opp all duna?»

Først då forstod Per kva naboen prøvde å fortelje han.

Å spreie rykte om andre kan få uopprettelege konsekvensar. Både som medmenneske og lokalsamfunn kan vi gjere ein innsats, og gi klar melding om at baktaling og utestenging ikkje er ok. Det var nettopp det Trudi Henrydotter Eikrem gjorde i eit lesarbrev i avisa denne veka, stila til tenåringsjenta som velde å flytte på grunn av rykteflaumen:

«Om eg hadde mandatet ville eg ha bedt om unnskyldning på vegner av oss alle. Det har eg ikkje, men eg er lei meg på dine vegne. Eg håper du ein dag finn å kunne kome heim, du høyrer til her, og eg er viss på at om du kan kome heim, så vil du også møte omsorg.» skreiv ho.

Dette er gode ord, både til tenåringsjenta frå Ulstein, og til alle andre som opplever å bli utsett for baktaling og utestenging:

Du høyrer til her. Ikkje gi opp. Vi bryr oss.

Snart er det tid for eit nytt skuleår. Håpet er at ingen elev skal bli utsett for mobbing, verken den synlege eller usynlege varianten. Då må vi alle ta ansvar for kvarandre.