Dersom vi held fram som i dag, vil det vere meir plastsøppel enn fisk i verdshava i 2050, ifølgje World Economic Forum. Ja, du leste rett. Meir plast enn fisk. Globale havstraumar fører plasten rundt i alle verdshav, så dette problemet må vi vere saman om å løyse. For det råkar alle.

NY ANIMASJONSSERIE: Se første episode av «Spøkelsesgarnet»

Plast i havet er tema for ein reportasjeserie i Sunnmørsposten i dagane framover. I går skreiv vi om hundrevis av søppeljegerar som driv opprydding i strandsonene i og utanfor Ålesund, og i dagens avis har vi snakka med fiskarar.

Det er vondt å sjå bilete av havsuler som heng kvelt i plastgarn i fuglefjellet på Runde, og kval som er full av plastposar i magen. Tonnevis av fisk rotnar i tapte fiskegarn som driv spøkelsesfiske i år etter år, og i Stillehavet er det enorme «øyar» av plastsøppel. Både fugl og fisk forvekslar plast med mat, og tusenvis av dei døyr på grunn av dette kvart år. Plasten blir brote ned til mikropartiklar, Fisk og sjødyr får i seg mikroplast som dermed går oppover i næringskjeda og hamnar i maten vår. Kor alvorlege desse miljøgiftene er for menneske, veit vi for lite om.

TEMA: Søppel i havet

Bileta av dei store mengdene søppel kan gjere oss motlause, men vi må ikkje gi opp. For den gode nyheita er at søppel kan forvandlast til verdifulle ressursar, dersom vi tek grep no.

EU-prosjektet Circular Ocean, som NTNU Ålesund er sterkt involvert i, har som mål å resirkulere garn, tauverk og plast slik at det kan gje grunnlag for nye arbeidsplassar. Avfall kan bli grønt gull. EU-prosjektet vil inspirere gründarar og etablerte verksemder til å gå laus på resirkuleringsprosjekt som kan bli god butikk. Professor og viserektor Annik Magerholm Fet orienterte om EU-prosjektet i ein kronikk i Sunnmørsposten, og etterlyste lokale bedrifter og gründarar som vil delta i arbeidet. Her er det moglegheiter for dei som vil skape nye verksemder med utgangspunkt i resirkulert plast og gamle fiskegarn.

Spøkelsesgarnet er namnet på animasjonsfilmen som Aninaut har laga på oppdrag for Sunnmørsposten, med støtte frå Fritt Ord. Filmen blir vist på Leikivalen i Ålesund i dag, og blir deretter tilgjengeleg for alle på smp.no. Barna er viktige medspelarar i kampen mot plastsøppel, og må i mange tilfelle oppdra vaksne. Sunnmørsposten vil gjerne ha rapportar frå skular, barnehagar, frivillige organisasjonar som gjer ein innsats med å fjerne plastsøppel.

Send tekst, foto og gode tips til reportasje@smp.no. På denne måten kan vi inspirere kvarandre i den kampen som vi er heilt nøydde til å vinne. For havet er matfatet til barna våre, og det må vere reint.