Seks år, to månader og 24 dagar.

Så lenge gjekk det før Frp vart leie av å sitje i regjering, det som hadde stått på ønskelista så lenge.

Det hadde blitt både retningslaust og grått.

40-åringen hadde bikka 46, og det vart stadig lengre mellom dei politiske gjennomslaga og kortare mellom dei vonde kompromissa.

Så vart ei IS-kvinne og hennar fem år gamle alvorleg sjuke son henta til Norge.

Siv Jensen tok partiet ut, og peika på Listhaug som ny partileiar.

Sylvi skulle gi partiet ein «kickstart» – eller Sylvi-effekten som andre kalla det.

Sjølv peika ho mot stortingsvalet i 2025.

Det var nok smart.

Stortingsvalet i 2021 vart ein nedtur.

Tre år, tre månader og fire dagar.

Så lang tid har gått frå Frp gjekk ut av Solberg-regjeringa til Listhaug fredag i blomstra fotsid kjole og Anders Lange si dampande pipe i ryggen steig på talarstolen på landsmøtet:

  • kamp for fridom, forsvar og mot udemokratiske regimer

  • framleis full gass for oljenæringa

  • nei til overstyring frå EU og Brussel

  • meir makt til læraren i klasserommet

  • færre innvandrarar, og strengare krav til integrering

  • billegare straum, diesel og mat

  • skatte- og avgiftslette

  • kamp mot klima-symbolikk

For eit parti som i 50 år har kjempa mot skatt, avgifter, statleg byråkrati og overformynderi og innvandring er dette kjent stoff.

Men er det nok til å gjere ein 50-åring som har lagt seg til fine vanar nøgd?

Statsrådstaburettane blir no varma av raud-grøne statsrådar, taburettane som ein gong var setet til heile fire Frp-statsrådar berre frå Møre og Romsdal.

Listhaug sjølv rakk å ha fem statsrådspostar.

På seks år, to månader og 24 dagar.

Det er langt opp til gamle høgder. Nedturen frå vala i 2005 0g 2009 er brutal.

Sylvi-effekten har latt vente på seg.

Partiet er rett nok på pallen som tredje størst i landet igjen – på målingane. Det skuldast Senterpartiet sitt mageplask – ikkje Frp sin vekst.

«Når dei misnøgde veljarane som har gått til Sp, er misnøgde med Sp, kjem dei tilbake», vart det sagt.

Det har dei ikkje.

50-årsjubilanten har mista draget.

Han slit med å forstå. Litt tynnare i håret kanskje, men han er jo den same som då han såg 30-talet på målingar seinast i 2008?

Då han var partiet for «folk flest», og nådde 22,8 prosent i valet året etter.

Sylvi Listhaug har forsøkt å blankpusse Frp-profilen.

Mellom framlegga som er til behandling på landsmøtet er det mykje kjent:

  • statleg finansiert eldreomsorg

  • bygging av sjukeheimar

  • private tilbydarar i helse- og omsorg

  • satsing på kjernekraft

Frp er ikkje 30 år lenger. Ikkje 40 heller. Mykje av det Frp scora høgt på som ung, slår ikkje like hardt i folkedjupet lenger. Og nokre av sakene har partiet tapt sakseigarskap til.

Den grå huskatten Frp vart ingen tiger

Frp skil seg i mindre grad frå andre parti enn før.

Det har ikkje vore nok å gå ut av katteluka i Solberg-regjeringa

Den grå huskatten Frp vart ingen tiger.

Berre Listhaug sitt angrep på Trygve Slagsvold Vedum og hennar imitasjon av Kirsti Bergstø sitt «ryk og reis» hausta meir jubel enn innvandringssaka.

Men så lenge «folk flest» ikkje oppfattar at dei andre driv ein uansvarleg innvandringspolitikk er det vanskeleg å score høgt i oppslutning.

I ei undersøking Aftenposten presenterte tidlegare i år, sa berre fem prosent at innvandring var deira viktigaste sak for val av parti.

Samferdsle har partiet grep om, men sjølv om det er saka med stor «s» i Sylvi Listhaug og Frank Sve sitt heimfylke, er det ingen stor veljarmagnet.

Det er eldreomsorg.

«Vi kan ikkje leve med at eldre blir sendt som pakkepost mellom heim, sjukeheim og sjukehus», sa Listhaug i talen til landsmøtet.

Men også i eldrepolitikken slit Frp med sakseigarskapet.

Å bruke tid på å byggje sakseigarskap er ein del av Sylvi Listhaug sin plan. I eit intervju med Altinget samanfattar ho det slik:

  • brukt mykje tid å bygge stein på stein

  • nøydde til å vere tolmodige

  • bygge sakseierskap

  • bygge troverdighet

Fire månader og to veker.

Det er tida som står att til kommune og fylkestingsvalet.

«Eg håpar de er klare til å feie sosialistane ut av styre og stell i kommunar og fylke».

Dette avslutta Listhaug sin tale til landsmøtet.

For Sylvi Listhaug er likevel dette berre ei viktig rundetid på vegen mot 2025.

Det er likevel ikkje godt nok bevis på ein Sylvi-effekt.

Om to år, fire månadar og 18 dagar.

Så lenge er det igjen til Sylvi Listhaug sitt endelege mål.

Stortingsvalet 2025.