Mange av oss har historier i slekt og omgangskrets om folk som ikkje gjekk til legen før dei berre måtte, og difor miste livskvalitet og mange leveår fordi diagnosen - oftast kreft - ikkje blei stilt før det var for seint. Det er ikkje noko nytt.

Talet på kreftdiagnosar i Norge har stort sett auka år for år med nokre få prosent. Dette som følgje av at folketalet aukar og fordi fleire av oss blir eldre enn befolkninga blei tidlegare.

Slik var det ikkje i fjor. Frå mars til august var det 1.200 færre kreftdiagonser enn same periode i 2019. Det tilsvarer sju prosent nedgang. Tala for heile 2020 er så langt ikkje klare. Giske Udrin, direktør i Kreftregisteret seier til Aftenposten at dei trur folk har vore meir tilbakehaldne med å gå til lege fordi dei er redde for korona. I tillegg blei mammografiscreening stansa heilt ei periode i fjor vår. Nedgangen i diagnosar er størst for brystkreft, lungekreft og livmorhalskreft, ifølgje Kreftforeningen. Udrin fryktar at resultatet etter kvart blir fleire diagnosar med langtkomen kreft.

Slik er det ikkje berre i Norge. I Storbritannia fall talet på såkalla "fast track" kreftdiagnosar med 350.000, ifølgje dei nasjonale helsemyndigheitene (NHS). I Frankrike er talet på uoppdaga krefttilfelle som følgje av pandemien stipulert til 30.000. I Belgia og Nederland er nedgangen rapportert til 44 prosent og 20-25 prosent etter første perioden med nedstenging.

Det er med andre ord berre å kome seg til fastlegen om du går rundt og kjenner på noko.

Det vil seie, om du har ein fastlege. I så fall er det berre å knipe seg fast.

VG undersøkte i 2017 fastlegesituasjonen i Norge, og fastslo at nær ein tredjedel av fastlegane var mellom 55-67 år. Det var i underkant av 5000 fastlegar i landet ved utgang 2020. Dei komande åra vil altså svært mange av desse slutte. Då vil kommunane, særleg i distrikta, men også i meir bynære strok, møte store problem med å rekruttere nytt. Unge legar i dag vil ikkje jobbe til alle døgnets tider. Dei er kanskje mindre opptekne av pengar og meir opptekne av faget, fritid og eiga helse? Det kommunale legelivet blir for ustabilt. Samanslåtte kommunar med større fagmiljø kan vere ei motkraft, men det er ingen tvil om at utfordringa blir stor.

Omsorga for eiga helse er legane i så fall ikkje aleine om. Denne veke kom Kantar Helsepolitisk barometer, den årlege undersøkinga om nordmenn sine haldingar i helsepolitiske spørsmål. Den viser at 49 prosent av folket i Midt-Norge er skeptiske til at det offentlege helsevesenet vil kunne dekke dei framtidige behova for helse- og omsorgstenester. Tendensen er aukande.

Vi har blitt meir urolege for framtida - alternativt meir medvitne om kva vi vil kome til å trenge. Koronapandemien har gjort oss merksame på kor avgjerande det er med eit helsevesen som har høg kvalitet og som står klare når samfunnet vert ramma av dei største krisene. Det vert også understreka i koronakommisjonen sin ferske rapport om myndigheitene si handtering av pandemien.

Dette, meir enn noko, vil politikarane, både nasjonalt og lokalt, bli målt på dei komande åra.

Men ansvaret for å kome oss til legen i tide, må vi ta sjølve.