KRONIKK laurdag 19. desember 2015:

Ein lagnadstung haust

Kirkenes: Storskog grensestasjon opplevde i haust stor pågang av asylsøkjarar. - Denne folkevandringa vil halde fram so lenge dei gamle europeiske landa ikkje innfører gamaldags grensekontroll, skriv Dagfinn Hovden i denne kronikken.Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix 

– Eg hev i mange år undra meg over kor naive og ukunninge mange norske rikspolitikarar er

Kronikk

Når eg les og høyrer utsegner frå våre rikspolitikarar, sit eg att med ei kjensle av at dei meiner at den innvandringa me hev opplevd i haust er noko eksepsjonelt, eit serhende som kan vare i år og i 2016, og so vil tilhøva normalisere seg att. Etter mi meining er dette feil tenkt. Kring år 18oo var her om lag ein milliard menneske på jorda. I 1930 var me om lag to mrd, i 1960 tre mrd.,den 4. milliarden nådde me kring 1975, den 5. i 1987, den 6. i 1999 og den 7. om lag 2011. Slik det no stemner, vert me ein milliard fleire kvart 12. år. Folketalet dubla seg frå 1960 – 2000; vil det duble seg frå 6 til 12 mrd frå år 2ooo til 2o40 ? Det ser slik ut. Folketalet på jorda veks med om lag 10.ooo pr time, pr minutt ca 150, pr år ei 80-90 millionar.

Eksplosiv auke

Folkeauken er størst i U-landa, som hev minst evne til å fø den eksplosive folkeauken. Kvinnene der føder gjenomsnittleg ei 5-6 born utan å tenke på kva alle desse borna skal leve av når dei vert vaksne. Ser me på tala for dei landa som stend for brorparten av dei «asylsøkjarane» som no velter inn over landet vårt, hev demografane i FN kome fram til fylgjande:

FOLKETALSPROGNOSE - ALLE TAL I MILLIONAR:

1950201520502100
Afrika228,91.186,22.477,54.386,6
Etiopia18,199,4188,5242,6
Afganistan7,732,555,957,6
Irak5,736,483,7163,9
Syria3,418,534,938,1

Ein kunde sjølvsagt legge i hop desse tala, men det er uturvande, dei syner skremande klårt kva veg det ber. Desse tala er prognoser, framskriving ut i frå det som hender i dag. Ingen kan i dag segje at akkurat slik vil det verte. Men demografane i FN, som hev kome fram til desse tala, hev lang røynsle med slik statistikk. Og for meg segjer desse tala at den folkevandringa me no opplever, med ei 30.ooo velferdssøkjarar i år og 60 – 100.ooo i 2016, på ingen måte tek slutt i overskodeleg framtid. Denne folkevandringa vil halde fram so lenge dei gamle europeiske landa ikkje innfører gamaldags grensekontroll, slik at me kan avgjere kven me vil sleppe inn i landet.

Skulle kontrollere

Schengen-avtalen var meint som ein ring kring EU, for å kunne kontrollere innvandringa frå dei overbefolka muslimske landa, og der skulde ein skilje ut dei som ikkje hadde «beskyttelsesbehov,» og returnere dei heimatt. Alle kan sjå at dette for lenge sidan hev slutta å verke. Fyrste mottakarland skyssar emigrantane vidare utan nokor registrering. Eg er so optimistisk at eg trur den sitjande regjeringa og er klår over dette, og at dei hev so mykje mod og tiltaksevne at dei melder landet vårt ut av Schengenavtalen. Det kan ikkje halde fram som no, då vert det Noreg eg hev livd i i 91 år gå tapt.

Velferdssøkjarar.

Eg hev i mange år undra meg over kor naive og ukunninge mange norske rikspolitikarar er. Alle som kjem inn i landet er etter deira meining asylsøkjarar, og det gjeld å lære dei norsk og få dei inn på arbeidsmarknaden. For det fyrste so er ikkje fleirtalet av innvandrarane asylsøkjarar, dei er velferdssøkjarar som vil inn på det norske sosialbudsjettet. Med ei veksling av arbeidsløysetrygd, sjuketrygd og kontantstøtte, kan dei leve rimeleg bra når dei skøyter på med litt svart arbeid. Talet på arbeidslause nordmenn gjeng no snøgt mot 100.ooo, og mykje truleg med tillegg av om lag like mange som er løynde under rubrikken «Uføretrygda». Kvar er so dei titusenvis av arbeidsplassane for innvandrarane ?

Og so er det eit stendig mas om at me må syte for betre integrering av innvandrarar. Eg sit att med ei utriveleg kjensle av at desse som marmar om integrering ikkje ein gong hev lose Koranen, slik at dei veit kva dei snakkar om. Islam er ikkje berre ein religion, men ein politisk ideologi som krev at alle muslimske land skal styrast etter Koranen og Sharia-lovene. Koranen er pr definisjon ei Guddommeleg Openberring, og stend difor høgt over alle menneskeskapte lover. Islam er på mange sett eit religionsdiktatur. Når norskfødde gjenter med muslimske foreldre når tidleg giftealder, vert dei frakta til opphavslandet åt foreldra og tvangsgifte med ein slektning, for at dei ikkje skal verte for norske.

Vi er vantruande

Og tilsvarande gutar hentar heim ei kone frå muslimsk land. Integrering ? Mange politikarar tykkjest ikkje vere klår over at for muslimane er me dei vantruande, som ein må halde på lang avstand.

I fleire ti-år hev det vore slik at den som vågar seg til å kritisere den dumme snillismen som ligg til grunn for norsk innvandringspolitikk, fær med ein gong stempel som rasist, og vert fortald at han lid av «fremmedfrykt». Ja, eg lid av fremmedfrykt, eg er redd for kva som vil hende med dette flotte landet vårt, dersom regjeringa vår no ikkje mannar seg opptil å segje opp Schengenavtalen. Les ein Koranen, ser ein snøgt at Islam ikkje let seg sameine med vestlege ideal om demokrati, prentefridom og likestilling.