KRONIKK tirsdag 29. desember 2015:

Perfekt timing for ny forskings- og innovasjonsstrategi

GLOBAL MARKNAD: – I framtida må vi produsere fleire produkt som ligg høgt i verdikjeda. Det betyr at vi må ha fokus på produktinnovasjonar som har potensial i den globale marknaden, skriv rådgjevar Anna-Marie Hatlestad i Møre og Romsdal fylekommune i denne kronikken. FOTO: KNUT ARNE AARSET 

– Berre ein liten del av dei marine råstoffa blir utnytta

Kronikk

For å gjere oss mindre avhengige av skiftande råvareprisar må vi få fleire bein å stå på. Skal vi framleis leve av dei same næringane, må vi auke vidareforedlinga. Korleis skal vi lykkast med det? Forsking er ein viktig faktor når vi skal skape nye produkt. Det tek vi på alvor og formar ein ny forskings- og innovasjonsstrategi for Møre og Romsdal.

For lite forsking i norsk næringsliv

Norge er eit høgkostland der eksportinntektene i svært stor grad er basert på råvarer. Industrien langs heile vestlandskysten er nært knytt til petroleum og fiskeri. Dette er råvarer som i liten grad blir vidareforedla i Noreg, men eksportert til andre land for vidareforedling der.

Ein stor del av innovasjonane i næringslivet er ei blanding av forskingsbasert kunnskap og utvikling som skjer som følgje av samhandling mellom kunde og leverandør. Eller det vi kallar erfaringsbaserte innovasjonar. Likevel er næringslivet den største utførande forskings- og utviklingsaktøren i Noreg. FoU i næringslivet står for vel 50 prosent av samla FoU i Noreg. Samanlikna med andre land er likevel denne prosentdelen låg. Hovudforklaringa til dette er at norsk næringsliv er råvarebasert med låg produksjon i næringar som har høg FoU-intensitet. Analysar av næringslivet i Møre og Romsdal stadfestar at innovasjonar i stor grad er basert på erfaringsbasert kunnskap og at det er få tilsette med høgare utdanning i bedriftene i fylket.

Meir forsking gir oss nye moglegheiter

Trass i låg FoU-intensitet og høgt kostnadsnivå, har likevel norske bedrifter utvikla svært kostnadseffektive produksjonsprosessar. Meir avansert teknologi har effektivisert produksjonen og stadig fleire bedrifter tar tilbake produksjon frå lågkostland. Å produsere sjølv medfører at vi beheld erfaring og kompetanse om produkt og produksjonsprosessar. Dette er positivt for vidare vekst fordi kunnskap om korleis produkta blir produserte er viktig for vidare utvikling av produkta. Å flytte produksjonen heim bidrar difor til å auke innovasjonsevna.

Samstundes bidreg globale utviklingstrekk til at nye moglegheiter oppstår om vi investerer i forsking og kunnskap. Befolkninga i verda er venta å auke til om lag ni milliardar menneske innan 2050. Rapporten «Verdiskaping basert på produktive hav 2050» skisserer eit potensial til å seksdoble omsetnaden frå fiskeri, havbruk og ny marin industri, tilsvarande 550 mrd. kroner. Berre ein liten del av dei marine råstoffa blir utnytta. Vi har difor eit stort unytta potensial for å utvikle nye produkt innan både konsummarknaden og helseprodukt. Ein føresetnad for dette er vilje til å investere i forsking og kunnskap.

Behov for å tilsetje fleire med høgare utdanning

For å auke FoU-graden må fleire bedrifter tilsette høgt utdanna folk. Personalet med høgare utdanning vil identifisere ny ekstern kunnskap som er relevant for bedrifta, omsette denne til bedrifta sitt behov og bruke den i utvikling av nye innovasjonar.

Satsing på forsking og høgkompetent personale er også det som skal til for å klatre oppover i verdikjedene. Klatring i verdikjeda kan berre skje gjennom å utvikle stadig meir avanserte produkt. Til dette trengst det ei satsing på forsking i bedriftene og næringsrelevant forsking ved forskingsinstitusjonane, samt at bedrifter og forskingsinstitusjonane samarbeider i større grad enn i dag.

Målet er å betre samspelet i innovasjonssystemet i M & R

I framtida må vi produsere fleire produkt som ligg høgt i verdikjeda. Det betyr at vi må ha fokus på produktinnovasjonar som har potensial i den globale marknaden. Det er dette forsking og innovasjonsstrategien skal bidra til. Vi må arbeide målretta for å auke absorpsjonsevna i bedriftene, legge til rette for auka samhandling mellom bedrifter og forskingsmiljø og arbeide for at høgskulane innrettar studietilbodet etter behova i næringslivet. Spørsmålet er med andre ord korleis innovasjonssystemet i Møre og Romsdal skal utviklast slik at vi får eit betre samspel mellom næringslivet, forskingsinstitusjonane og verkemiddelapparatet. Det handlar om kva kunnskap vi har bruk for i framtida og korleis vi best kan legge til rette for at næringslivet får tilgang på denne kunnskapen.

Arbeidet med ny Forskings- og innovasjonsstrategi for Møre og Romsdal er starta opp, og det er sett ned ei styringsgruppe som består av næringslivsrepresentantar og akademia. Desse representerer aktørane i innovasjonssystemet i fylket. Styringsgruppa har invitert representantar frå næringslivet, akademia og virkemiddelapparatet til ein verkstad den 12. januar, der målet er å få innspel til kva område vi skal prioritere og korleis innovasjonssystemet bør fungere for best å utnytte framtidas moglegheiter.

Det er oppretta ei eiga nettside for FoI-strategien www.mrfylke.no/foistrategi. Her det mogleg å komme med innspel til kva område som bør prioriterast og kva tiltak som bør settast i gang for å nå ambisjonane vi set oss.