Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider med ny Forskings- og innovasjonsplan for fylket, noko som vart presentert av Anna Marie Hatlestad i ein kronikk i Sunnmørsposten 29. desember der ho meinte det var «perfekt timing» for å kome med ein ny FoI-plan for fylket.

Det er kanskje aldri noko godt eller dårleg tidspunkt for framtidsplanlegging i eit fylke som vårt: Dagleg les vi om problem hos verft og supplyreiarlag. Men samtidig ser vi rekordresultat i oppdrett og anna fiskeri.

Vi les om arbeid med kommunesamanslåingar på lokalt nivå. Men Møre og Romsdal fylkeskommune skal bestå.

Mangfald

Også i høgare utdanning i fylket har vi eit mangfaldig bilde:

Høgskolen i Ålesund blir ein del av NTNU, medan høgskulane i Volda og Molde ønskjer å halde fram som sjølvstendige høgskular.

Dei tre høgskulane er då også ulik fagprofil og orientering.

Eg trur at eit mangfald av løysingar gjev eit meir robust fylke, og håper det også kan bli gjenspegla i ein framtidig plan for forsking og innovasjon.

Men dei statlege høgskulane i Møre og Romsdal har i grunnen kome litt i bakgrunnen i framtidsplanlegginga for fylket. I den gjeldande fylkesplanen står det at eit styrka høgskuletilbod i Møre og Romsdal vil vere viktig for å møte regionale behov for rekruttering, utdanning, forsking og innovasjon. Dette blir ikkje mindre viktig i framtida.

Når Møre og Romsdal fylkeskommune no har oppretta eit høgskulefond så er det eit veldig konkret og godt tiltak for å styrke samarbeid og dialog mellom høgskulane og fylket, og dette er noko høgskulane har merka seg.

Sjølvstende

Høgskulane i Volda, Molde og Lillehammer meiner at vi blir betre regionale aktørar av å halde fram som sjølvstendige høgskular og ha gode samarbeid med andre forskingsmiljø.

Dei tre høgskulane skal denne veka i møte med Kunnskapsdepartementet for å diskutere alliansemodellen – eit unikt innovativt tiltak for samarbeid mellom sjølvstendige høgskular som har ei klar regional forankring. Eg trur at Høgskulen i Volda best kan tene regionen ved å levere høgt utdanna arbeidskraft også i framtida ved at vi held fram som ein lokalt styrt høgskule.

Sagt på ein annan måte: Studentar frå Volda, Molde og Ålesund har lyst til å arbeide i vår region når dei er ferdige med utdanninga si.

Forskingsmiljø

Igjen ser vi at mangfald er viktig. NAV fortel om mange ledige lærarstillingar, noko som er viktig i desse tider då oljebaserte næringar slit.

For Høgskulen i Volda somhar drive med lærarutdanning i nesten 150 år er det viktig å formidle til studentane at dei kan rekne med å finne arbeid i regionen med eksamenspapir frå Høgskulen i Volda.

Med ca 200 forskarar er Høgskulen i Volda blant dei større forskingsmiljøa mellom Bergen og Trondheim. Vi har fleire tilsette med professorkompetanse enn dei fleste statlege høgskular og i fjor leverte forskarane fleire artiklar og bøker enn alle andre høgskular på Vestlandet.

Vi er altså eit levande forskingsmiljø med høg kompetanse, men vi kan nok bli endå betre til å kome i dialog med regionen vår.

Det er likevel tankevekkande at høgskulane ikkje er blant eigarane av den nye FoI-planen. Fylket har valgt Innovasjon Norge, Norges Forskingsråd, LO, NHO, SIVA, KS, Fylkesmannen i Møre og Romsdal og NAV som partar i dette arbeidet.

Helseføretaket er heller ikkje med blant eigarane. I sum står høgskulane og helseføretaket for FoU i fleire hundre millionars klassen i form av FoU-tid for hundrevis av forskarar ved høgskulane og i helseføretaket.

Samarbeid

Vonleg kan vi finne arbeidsmåtar der vi kan arbeide i lag - også for å nå regionale mål.

Ein slik arena for utvikling av felles strategiar er Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA), der høgskulane i Volda og Molde og NTNU Ålesund no har teke initiativ til ein ny start for samarbeidet.

Det er mykje av dei same aktørane som står bak FoI-planen som også er med i Rådet for samarbeid med arbeidslivet, så vonleg kan det bli ein god arena for regional utvikling.

Det er antakelig rett at det er rett tid å kome med ein ny Forskings- og innovasjonsplan for Møre og Romsdal, og eg håper og trur at dei regionale aktørane kan dra i lag både i arbeidet med planen - men ikkje minst når planen skal settast ut i livet.

Følg Sunnmørsposten debatt på Facebook!