«Det Gode Norge» fanst lenge før oljen gjorde oss til baronar. Dette er dokumentert i ei bok med tittelen «Det Gode Norge» som kom ut midt på 1970-talet. Forfattar var Dag Hareide med slektsrøter i Stranda.

Eigentleg er det naturstridig at eit land, som er oppdelt av fjordar, fjell og vinterstengde vegar skal skore så godt på ein global skala for velferd i vidaste forstand. Finst det ei god forklaring på dette?

Tryggleik

Svaret er sikkert samansett, men mange forskarar har peika på tryggleik som ein viktig årsaksfaktor. Tryggleik frå krig og overgrep, tryggleik frå svolt og sjukdom, tryggleik for arbeid og utkome.

Nærleik

Tillit er ein viktig føresetnad. Tillit til at politikarane som styrer er rettskafne og kompetente, tillit til at folk i nabolaget ditt ikkje dolkar deg i ryggen, tillit til at dei du driv forretning med ikkje fører deg bak lyset.

Her kan vi og lage ei lang liste. Det neste spørsmålet er kva som bygg tillit mellom menneske? Eg trur at det har mykje med nærleik å gjere. Det at du kjenner dei du omgjengst. Det at du veit kva dei står for av meiningar og haldningar. Det at du veit at dei vil stille opp når det røyner på. Det at du høyrer til eit forbund som deler normer og som står vakt rundt viktige felles verdiar. Nærleik kokar m.a.o. ned til å bli eit viktig grunnlag fort tryggleik som igjen er mergen i den norske samfunnsmodellen. «Det Gode Norge» toler ikkje for store avstandar.

Lik Sunnmørsposten debatt på Facebook!

Stordrift

Noreg er ikkje konstruert for stordrift! Viss det t.d. vert for store avstandar mellom dei som styrer og dei som vert styrte, forsvinn noko av tryggleiken. Alt er ikkje lengre så gjennomsiktig.

Noko av sjølvkontrollen forsvinn og må erstattast av kontrollorgan og byråkrati. Eg er ingen sosiolog, men meiner at dei som forskar på temaet, hevdar at det er slik det heng saman. Viss ein overfører dette resonnementet på temaet om kommunestruktur, ligg det nær å tenkje at måten Norge er organisert på, i oversiktlege og naturleg arronderte einingar, er ein del av suksessoppskrifta. Då kommunegrensene i Norge vart fastsette, var det i stor grad topografi og klima som la føringar. Det er difor kommunestrukturen er så variert.

Her kan du lese fleire av Sunnmørsposten sine saker om kommunereforma!

Lite å lære frå Danmark

Det er ulogisk å bruke flate Danmark som modell. Likevel finansierer fylkesmann stadig nye ekspedisjonar til flatlandet «for å lære». For å lære å byggje mammut kommunar. Viss regjeringa og NHO får det som dei vil, vil Norge få dei største kommunane i heile Europa. Medelkommunen vil bli på om lag 3500 kvadratkilometer, dvs. fire gonger større enn Norddal.

Høyrest det rimeleg ut? Har du då tenkt over kor mange fjordar og fjell du må krysse for å kome til kommunehuset? Ser du for deg at du lett får audiens hjå rådmann og ordførar når du har noko viktig på hjartet? Kan du rekne med at politikarane har tid til å ta synfaring når du søkjer om løyve eller dispensasjon?

Eg vil bevare «Det Gode Norge»: Ein samfunnsmodell som har nærleik, tillit og tryggleik som berebjelkar. Ei organisering i forvaltningseiningar, dvs. kommunar, som tek omsyn til naturgitte stengsler som topografi og klima. Ein samfunnsorden som er basert på eit levande folkestyre og ikkje ekspertstyre og byråkrati. Ein kommunestruktur som bremsar sentraliseringa og som legg grunnlag for at heile landet kan takast i bruk.

Årelating

Det er ikkje kommunestrukturen det er noko gale med. Sett gjennom regjeringa sine briller er det busetjingsstrukturen som er problemet. Men sei det då!

Å trumfe gjennom ei endring av kommunestrukturen, når målet er å endre busetjingsstrukturen, er ikkje fair play. Kom ut av skapet og kall ein spade for ein spade! For meg er bosettingstrukturen ein del av gullbehaldninga til Norge. Distrikta toler ikkje meir årelating. Det er difor eg er imot å bli innlemma i ei storkommune.