Kronikk 14. mars:

Det grøne skiftet – kva er no det?

Dei fleste av oss veit knapt nok kva som meinast med det grøne skiftet i Norge. Eg har ved fleire høve teke til orde for at Norge kom i gong med det grøne skiftet for over hundre år sidan.

Grøn energi: Småkraftutbygginiga har enda i ein overproduksjon av energi her til lands, meiner forfattaren av innlegget.Illustrasjonsfoto: Knut Arne Aarset 

Småkraftutbygginga har vorte eit tapsprosjekt og har skapt fleire tragiske skjebnar

Kronikk

Då byrja vi å bygge ut fossefalla som skaffa oss 100 % fornybar energi. Dette har vi drive med sidan, og det har resultert i at nesten kvar ei bygd i heile Norge har sitt eige kraftverk.

Vi har, som det einaste land i verda, ei energiforsyning som er basert på 100 % fornybar energi. Dei politiske partia som baserer sin eksistens på klima og miljøbølgja, har eit stort forklaringsproblem når dei skal forklare kva det grøne skiftet for Norge inneber.

Hittil har dei målbere at vi må satse på fornybare energikjelder som vindkraft, sol og bioenergi. Det er nesten som dei gir uttrykk for at den norske vasskrafta ikkje er fornybar lenger. Sanninga er at Norge flyt over av fornybar energi. Tilgangen er så stor at denne marknadsstyrte bransjen, som i all hovudsak er eigd av det offentlege, held på og gå over ende fordi tilbodet er større enn etterspørselen.

Norske vindmøller satte ny rekord

Vindmøllene i Norge produserte i fjor mer kraft enn noen gang før.


I sin iver etter å predikere sitt postulat om at nordmenn er nokre miljøsvin og klimaverstingar, driv spesielt Miljøpartiet dei grøne (MDG) og spreier desinformasjon til det norske folk. Seinast i Sunnmørsposten den 29.02 er Rasmus Hansson frampå igjen med sin propaganda, der han omtalar vindkraft; «Dette er rein kraft som kan erstatte fossil energi her heime og i Europa».

So vidt eg kjenner til har ikkje Norge nokon som helst slags energiproduksjon som er basert på fossile kjelder, bortsett ifrå nokre gassturbinar på sokkelen som er med på å halde liv, enn så lenge i oljeeventyret vårt. Den same gassen er lenger ned i Europa karakterisert som miljøvenleg, då den erstattar meir forureinande energikjelder. At desse plattformene baserer sin energiproduksjon på gass er ikkje i mangel på fornybare energikjelder i Norge, men er meir av praktisk og økonomisk årsak. Dette er elles ei næring som Rasmus Hansson vil legge ned, so då har han løyst det problemet også.


Småkraft

For ca. 10 år sidan starta den siste epoken i Norsk vasskraftutbygging. Då vart det sett i gong ei storstilt utbygging av resten av våre vassdrag her i landet, mykje omtalt som småkraft.

Dette skulle vere med på og sikre driftsgrunnlaget til gardane rundt omkring i landet, og gi vekst og velstand i kvar ei bygd som var velsigna med ei lita elvasikle som kunne leggast i rør. Dette samstundes med det politiske grøne presset om meir utnytting av fornybar energi, har dette enda i ein overproduksjon av energi her til lands som har sendt energiprisen rett i kjellaren.

Grøn energi krev tolmod

Det grøne skiftet kostar. Ørsta eldhus er ikkje blitt noko gullgruve, men Tussa-sjef Elling Dybdal har framleis tru på at grøn energi vil kome til å løne seg.


Dette har medført at heile småkraftutbygginga har vorte eit tapsprosjekt og har skapt fleire tragiske skjebnar med konkursar i heile Norge. Dei som starta heile småkrafteventyret har nettopp kasta korta og selt heile porteføljen med omtrent 50 kraftverk til eit tysk investeringsselskap. Her driv vi altså og legg resten av dei norske vassdraga i rør til inntekt for utanlandske investeringsselskap!

Heider til småkraft-pioner

Trond Ryslett frå Austefjorden er ein av de verkelege småkraftpionerane i Norge, meiner Småkraftforeininga.


Vindkraft

Presset på regjeringa om og kome i gong med det grøne skiftet gjer at dei nyleg gjorde eit fatalt vedtak om og bygge Europas største vindpark på trøndelagskysten. Dette vil medføre enorme mengder ny energi inn på eit allereie overfylt energimarknad.

Dette vil føre til ytterlegare press på energiprisane, og vil vere med på og svekke dei allereie etablerte kraftselskapa. Dette er i all hovudsak offentleg eigde kraftselskap, der eigarane er stat og kommune. Etter mitt omgrep er dette utøving av dårleg eigarskap, når eigarane kan gjere slike vedtak som er med på undergrave eksistensen til sine eigne selskap.

Vil tenke smartere om havrommet

– Møre og Romsdal har for lite forsknings- og utviklingspersonale med doktorgrader. Skal vi utvikle avanserte produkt og prosesser og kunne anvende ny kunnskap, må vi ha flere folk med både spiss- og tverrfaglig formell kunnskap.


For og i det heile teke få til denne utbygginga er den i tillegg sterkt subsidiert og miljøøydeleggande. Eg er stygt redd for at dette vert nok ei fornybar satsing som kjem tyske investeringsselskap til gode.

Bioøkonomi

Om Norge skal kome i gong med det sokalla grøne skiftet so må dei seriøse partia i Norge føre denne debatten inn på eit heilt anna spor enn det har vore snakk om til no.

I og med at vi har gjennomført vårt grøne skifte for mange år sidan, er Norge i ein unik konkurranse situasjon i forhold til resten av europa når det gjeld fornybar energiproduksjon. Ein kronikk i Sunnmørsposten den 26.02 ført i pennen av Ola Hedstein frå Norsk Landbrukssamvirke gav oss eit godt eksempel på korleis vi verkeleg kan få til eit grønt skifte her i landet.

Følg Sunnmørsposten debatt på Facebook!

Hans visjonar om det grøne skiftet og kva det kan innebere, syner at fokuset på energiberarar er heilt feil fokus. Fokuset må dreiast frå bioenergi og over på bioøkonomi. Om tankane han førte i pennen i denne kronikken kan verte sett ut i livet, kan vi igjen ta heile landet i bruk og utnytte både småskogen, beitelandskapet og havet på ein heilt anna måte enn det vert gjort i dag.

DÅ kan vi verkeleg byrja snakke om eit fornybar eventyr og eit skikkeleg grønt skifte.