Regjeringa seier at større kommunar vil:

• gi gode og likeverdige tenester til innbyggjarane• styrke lokaldemokratiet og gi større kommunar fleire oppgåver• betre føresetnadane for ei styrkt og samordna lokal og regional utvikling i alle deler av landet både når det gjelder arealbruk, samfunnstryggleik- og beredskap, transport, næring, miljø og klima, og også den sosiale utviklinga i kommunen.•styrke lokaldemokratiet og gi større kommunar fleire oppgåver

Best som liten

Likevel er eg freista til å kommentere fyrste strekpunktet på denne måten: Etter det som folk flest i alle norske kommunar meiner, gjev små kommunar betre tenester enn dei store kommunane.

Nedleggingar

Og var det ikkje slik at dei høvesvis små innsparingane i så fall førte til dårlegare tenester og fråflytting frå utkantstrøk? Vart til dømes ikkje resultatet av kommunereforma i Danmark at 200 skular vart lagde ned?

Ikkje minst: Fungerer det norske demokratiet verkeleg slik at regjeringa kan påtvinge kommunane ei reform som eit fleirtal i folket ikkje vil ha?

Men så til det siste og vesentlege spørsmålet: Når liknande sentraliseringsprosjekt i andre land ser ut til å føre til skremmande resultat for distrikta og utkantane, kva er det den norske regjeringa, og andre tilhengarar av kommunereforma, veit som vi andre ikkje har fått vite?