Eg var med på festen på Åkre bedehus på Haramsøy 2. påskedag. Ein fest som kom i stand i eit hus utan straum og vatn og utan fungerande toalett.

Aud Farstad Foto: Privat

Alle som song eller snakka på arrangementet gjorde det òg gratis. Huset var fullt av folk som hygga seg, delte minner og gledde seg over at huset deira skulle bevarast. Eg har vore engasjert i kulturminnevern i over førti år, og eg har aldri før hatt ei så positiv oppleving. I ettertid har eg tenkt mykje over dette.

Kulturminnevern i Ålesund

For ei tid sidan var det eit stort oppslag i Sunnmørsposten frå Ålesund bystyre der representantar gjekk ut mot kulturvernarar for korleis dei hadde ordlagt seg om utviklinga i Ålesund.

Kritikken ramma ikkje meg personleg for eg har ikkje vore engasjert i Ålesund på snart seks år. Men utspela frå ålesundspolitikarane var symptomatisk for det eg har opplevd som kulturminnevernar i byen.

Jugendstilsenteret

Dei åra eg var med på å bygge opp og drive Jugendstilsenteret, var det vår intensjon å vere med å gjere noko positivt. Men medan gjestebøkene våre og utanlandske gaidbøker var fulle av ros over senteret, var det ikkje EIN einaste politikar i Ålesund som offentleg kom med eit positivt ord til det vi hadde fått til. Og slik har det vore til denne dag.

På redaksjonell plass var det heller aldri noko positivt å høyre i landsdelsavisa. Ei gratisavis, som rett nok ikkje er kjend for seriøs journalistikk, skreiv minst fire leiarar om senteret – alle negative. I tillegg dreiv den avisa ei skitpakkekampanje mot Jugendstilsenteret som må sakne maken i lokal pressesoge.

Politikarar frå Ålesund gjorde, med sin aktive politikk og generelle talentløyse, det òg mogeleg for kulturadministrasjonen i fylket å gjere det nasjonale Jugendstilsenteret om til ei finansieringskjelde for eit lokalt kunstmuseum. Begge dei to fagstillingane ved senteret er borte. Klarer politikarane å ta dette inn over seg, eller er det berre språkbruken til nokre få modige røyster i kulturminnevernet dei klarer å hisse seg opp over?

Ei bakvend verd

Det er ei underleg bakvend verd. Ålesund sine politikarar ser ikkje ut til å ha evne til å ta inn over seg kritiske røyster korkje utanfrå eller frå eigne innbyggarar, om utviklinga i byen.

Dei klarer ikkje å manna seg opp til å få revidert ein bevaringsplan, sjølv om dei har snakka om det i tjue år snart. Heller ikkje gjer dei noko med huseigarar som bryt med påbod dei har fått for årevis sidan. Men det er ikkje berre i Ålesund det er hardt å vere kulturminnevernar.

Kulturminnevern er ikkje eit felt som har stor prestisje eller forståing i Noreg, diverre. Medan pengar, gullklokker og bilar regnar ned over middels fotballag, fell kulturarven ned over heile landet av mangel på pengar og fagfolk. Medan oljelandet Saudi-Arabia bygger moskéar over heile Europa lar oljelandet Noreg sine kyrkjer forfalle.

I sommar var eg i Tyskland og opplevde korleis dei har klart å restaurere ein heil by, Görlitz, frå spektakulært forfall. Eg klarte ikkje å la vere å tenkje på korleis vi i Ålesund om att og om att har høyrt frå utbyggarar og til og med frå arkitektar (!) kor dårlege husa frå gjenreisingsbyen er og kor umogleg det er å take vare på dei.

Rop i ørkenen

Kulturminnevernarar i Noreg er ofte ei røyst som roper i ørkenen. Eg vil minne om at dei fleste gjer arbeidet sitt på fritida, gratis og utan tanke på fordelar for seg sjølve.

Dei gjer det av di dei meiner at kulturminna er eit fellesgode som vi pliktar å ta vare på for ettertida. Folket i bedehuset på Åkre var dei glade for det. Det var godt å kjenne.