Vegen til helvete er brulagt med gode forsett, vert det sagt. Kombinert med ei misforstått, og kunnskapslaus førestilling om samfunnsutvikling, kan det gamle munnhellet fort få ny aktualitet når ein for distrikta dødeleg cocktail vert lansert som løysinga for vår tid. Landet rundt vert intensjonsavtalar om samanslåing av kommunar underteikna, alt frå parvis til bortimot dusinet i same pakkeløysing.

Mange spelar på fleire hestar samstundes. Prosessane vert drivne fram av Regjeringa sine skremsler om endring av inntektssystemet, mas via fylkesmennene og det strategisk viktige hastverkselementet. Utan plass på Sanner sitt lyntog med siste avgang 1/7, vert det sveltihel.

Avtalane er påfallande like frå region til region. I vrimmelen av flosklar og tomme slagord får vi servert solskinnssoger som skal overtyda oss at det vil vera lys i alle stover, skule og barnehage i kvar ei grend, eldreomsorg meir desentralisert enn nokon sinne og framleis yrande liv og aktivitet i alle gamle heradshus.

Gjør som mer enn 25.000 andre - følg smp.no på Facebook

Når ein veit kor kjøtvekta låg, er det neppe overraskande å lesa kommuneskiltet i dag. Dette er sjølvsagt berre ei symbolsak, men syner at intensjonsavtalane ikkje er verdt papiret dei er skrivne på. Garantien går ut så fort eit nytt kommunestyre er på plass og før nye makthavarar er varme i trøya. Kva vert vel ikkje salderingspostar for blårussen i eit administrasjonssenter med endå fleire oppgåver og pressproblem?

Byane sitt rotterace

Utover desse reine eventyrsogene vert teoriar om samfunnsutvikling lansert utan parallellar frå røynda. Det vert hevda at slegne saman skal ein verta så sterk og få ei røyst sentralmakta betre vil høyra. Er det verkeleg slik når ein skal kjempa for gode båt- og ferjeruter, betre vegnett eller andre fellesinteresser?

Slår ikkje fleire never frå eit helt knippe ordførarar, gjerne frå ymse parti, mykje hardare i bordet enn det ein einsleg spirrevipp frå Ålesund kan klare? Dessutan treng vel eit vidstrakt distrikt også sine ombodsmenn for stads- og næringsutvikling, lokale samferdsletiltak og andre viktige samfunnsspørsmål.

Om sunn skepsis stort sett er til stades der både eige kommunenamn og -senter står for fall, råder meir enn eit snev av stormannsgalskap på stader som tar mål av seg til å verta endå meir av ein verdsnavle. Dei skal jo verta så store og mektige, og Gud forby at dei tapar kappløpet mot andre! Difor ser vi også over det ganske land ein bisarr kamp om å tileigna seg flest mogleg av sine mindre naboar. Møre og Romsdal har drege dette destruktive rotteracet mellom byar lengst av alle. Kva vert det neste? Skal alle tre kakka seg i hop for å skapa eit verkeleg tyngdepunkt mellom Bergen og Trondheim?

Nordiske skrekkdøme

I Sverige er utviklingstrekka tydelege og skremmande nok. Etter samanslåing oppnår nok det ein lett kan tru er styrka administrasjonsstader ein viss vekst, men det er på kostnad av eks-kommunane. Denne svekkinga førar i neste omgang til at det ikkje er så mykje å vera sentrum for lenger, og nedgang råker også der. Underteikna er frå Trysil. Grannen heiter Malung-Sælens kommun der også tidlegare Lima og Transtrand inngår.

Skiturismen er eit lyspunkt i Sälenfjellet, men i kommunesenteret er det flatt. Malung som for oss var ein velutvikla stad ved vitjing for 40 år sidan, liknar no meir ein spøkelsesby. Slike døme er det flust av i eit land der det verkar som om Svartedauen har gått over «gläsbygden».Om turen austover vert for traurig, dra heller til det ikkje lenger så yndige Danmark! Reforma i 2007 har berre ført til at byråkratiet og dei største byane har vakse.

Sluker omlandet

Vår kommunalminister framheva nyleg Tromsø som eit stjernedøme på bløming og vekst etter ekspansjonen i 1964. Det gjeld derimot berre byen, og då som fylgje av å vera landsdelshovudstad, ikkje for dei innlemma naboane som har opplevd stupande folketal, nedlegging av samfunnsinstitusjonar og næringsliv med broten rygg.

Nedgangen i politisk engasjement og innverknad har gått så langt at ytterdistrikta i dag står utan representasjon i bystyret.

Uansett storleik har alle kommunar minst ein skule og eldreomsorg, mens mange ekskommunar er fri for det og meir til. Kommunegrenser sikrar ikkje berre lokal sjølvråderett, men står som eit siste bolverk mot sentralisering.

Enten ein er frå Sjøholt, Brattvåg, Larsnes eller Ålesund, kan det vera nyttig med eit djupdykk i døme både her heimanfrå og frå våre naboland for å forstå eige beste. Det ville vera for gale om mogleg velmeinte intensjonar og feil oppskrift på vekst og velstand skulle føre oss dit ordtaket frå innleiinga førespeglar.

Per Gunnar StensvaagForfatter og foredragsholder