Politiske trendar:

Kommunereforma er i tråd med politiske trendar som rir samfunnet vårt som ei mare. Store einingar er bra, meiner fleirtalet av sentrale politikarar.

Denne tankegangen ser ein mange døme på i norsk politikk i dag. Eg kan her nemne m.a.:

Sjukehus:

Små sjukehus skal leggjast ned eller misse viktige funksjonar. Grunngjevinga er m.a. å spare pengar, og fordi små sjukehus ikkje har høg nok kvalitet på arbeidet sitt.

Les flere kronikker på smp.no!

Politireforma:

Ein har prøvt å selje denne reforma med å snakke om meir nærpoliti. Det som har skjedd, er at Politidirektoratet har svulma opp med svært mange nye stillingar, medan distrikta har mist tilsvarande mange.

Høgskulane:

Strukturendring og samanslåing er ideala til kunnskapsminister Røe Isaksen, trass i at små og mellomstore høgskular både er kostnadseffektive og har gode utdanningsresultat.

Landbruket:

Små og mellomstore gardsbruk misser overføringar, medan dei store gardane får auka tilskot, noko som fører til nedlegging av bruk i distrikta.

Kommunereforma:

Kommunereforma har same filosofi: Norske kommunar er for små. Argumentasjonen er at dei må bli meir robuste, men regjeringa slit med å fortelje det norske folk kva det tyder. For å auke presset på noverande kommunar, vil ein gjennomføre eit nytt inntektssystem der ein skal tvinge fram samanslåing. Høgre, Frp og Venstre er no samde om ei slik løysing. NB! Etter mitt skjøn er det direkte udemokratisk å fremje ein ideologi ved hjelp av økonomisk tvang.

Hold deg oppdatert på samfunnsdebatten på Nordvestlandet. Følg smp-debatt på Facebook!

Følgjer for samfunnet:

Eg har no nemnt nokre av fleire endringar som noverande regjering ynskjer å gjennomføre, og etter mitt skjøn, fører desse til:

Sentralisering:

Også i Noreg har sentralisering vore ein trend i mange år. Men samanlikna med t.d. Sverige, der store delar av landsbygda er avfolka, er vi heldig stilte. I Noreg har vi i mange år vore meir opptekne av distriktsutbygging, og det har redusert sentraliseringa. Kommunereforma, m.a. vil auke sentraliseringa, det ser ein no også i Danmark som har gjennomført ein sterk reduksjon av tal kommunar. Folk flyttar i aukande grad inn mot sentrale strok.

Nedleggingar:

I desse dagar blir det skrive ei mengd intensjonsavtalar som fortel korleis ein skal samordne tenestene i samanslegne kommunar. Her er mange gode tankar om at utkantane skal få behalde både skular og eldreinstitusjonar. Problemet er berre at desse avtalane knappast er verde papiret dei er skrivne på. I den komande politiske kvardagen, der det heile tida blir mangel på midlar, veit ein kvar nedskjeringane vil kome.

Mindre demokrati:

Store kommunar fører til at avstanden mellom sentrum og utkant blir større. Færre valde representantar medfører at færre har kjennskap til og innsikt i distrikta, og dermed blir det færre talsmenn for utkantane. At kommunereforma skal medføre meir demokrati, som regjeringa hevdar, er for meg ei gåte. Men det var også ein gong i tida noko dei kalla Deutsche Demokratische Republik.

Kan du svare? Få svar på det du lurer på om kommunereforma

Kommunedelsutval:

Store kommunar skal få kommunedelsutval. Dette ser ein skissert i m.a. den tenkte bykommunen rundt Ålesund. Problemet er berre at slike utval får inga politisk makt, og den som trur på desse, skal nok møte kvardagen seinare. M.a. blir det sagt at Hessa alt føler seg som ein utkant i Ålesund, og korleis trur ein det blir for landkommunane om dei slår seg saman med Ålesund?

Økonomi:

Ein ide bak reforma er at større kommunar skal bli billigare å administrere. Røynsler frå Danmark tyder ikkje på det. Ein får sjølvsagt færre ordførarar og rådmenn, men talet på folk i leiarsjiktet under, har svulma opp. Frp lova framfor siste stortingsval at partiet skulle få redusert talet på byråkratar i staten. No viser tala at mengda av desse har auka sterkt etter valet. Viss nasjonen vår skulle spare pengar, burde ein ha kutta her i staden for å tvinge fram ein kommunereform.

Det er sikkert fornuftig at nokre kommunar rundt om i landet slår seg saman. Eg tenkjer då på kommunar med svært små avstandar, lagleg topografi og at folkefleirtalet velsignar samanslåinga. Tida no framover krev modige lokalpolitikarar som ikkje hoppar sjølv om regjeringa seier hopp, men sjølve vurderer kva som er best for folket og det lokalsamfunnet dei skal tene, og torer å kjempe for det. Ein står framfor vanskelege avgjerder, men ein må og ha i mente kva krefter ein kjempar mot. Henning Warloe, tidlegare stortingsrepresentant for Høgre, no byrådsrepresentant i Bergen, har m.a. sagt:

«Kvifor skal vi ta heile landet i bruk dersom det er upraktisk, unødvendig og vanvitig dyrt»? Distrikta er for han ei bør for samfunnet. Vi skal vite at det er fleire som meiner det same, men ikkje torer seie det. Slike krefter må vi kjempe mot vi som er opptekne av Bygde-Noreg. Kvar i landet er det verdiskapinga først og fremst skjer?

Jau, det er nettopp i distrikta. Landet vårt vert ikkje rikare, og folk blir ikkje lukkelegare om utkantane vert avfolka.

Petter HjørundalStranda Senterparti

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!