Kronikk 20. mai:

Skal Møre og Romsdal bli tapar i ny Nasjonal transportplan?

Møreaksen: Eit gryteferdig prosjekt kan ikkje måtte vente på tur i mange år fordi politikarane vil at andre prosjekt skal gjennomførast først. Da blir vi ikkje ferdig i tide, og den einaste fordelen er at Staten sparer pengar, skriv leiar for samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim, i denne kronikken. Illustrasjon 

Vi må få ned kostnaden på teknologisida og redusere ambisjonane om firefelts motorveg

Kronikk

Kristin Sørheim, leiar samferdselsutvalet i Møre og Romsdal. 

Nasjonal transportplan – korleis vi skal prioritere vegar, jernbane, sjøtransport og luftfart i perioden 2018-2029, skal behandlast i Stortinget til våren.

Transportetatane har lagt fram sitt plangrunnlag på bestilling frå Samferdselsdepartementet. Fagetatane vil løfte drift og vedlikehald av eksisterande infrastruktur høgare enn før.Når det gjeld nye prosjekt, er det lagt fram lister over prosjekt i heile landet med tilhøyrande netto nytte eller samfunnsøkonomisk nytte. Etatane har prioritert ut frå såkalla låg ramme, basisramme og høg ramme. Diskusjonen går allereie høgt om kva prosjekt som skal komme med og kva prosjekt som må vente.

Får lite utteljing.

Møre og Romsdal er det nest største eksportfylket i landet, både når ein reknar fastlandseksport per fylke og per innbyggjar. Det er særleg dei maritime og petroleumsretta verksemdene i ytre delar av fylket som sysselset mange og kan klassifiserast som nasjonale og dels òg internasjonale tyngdepunkt.

Møre og Romsdal er det største sjømatfylket i landet og eksporterer sjømat for nærmare 14 milliardar kroner. I indre delar av fylket har det vore lange tradisjonar for møbelproduksjon, og vi er framleis eit nasjonalt tyngdepunkt i møbelindustrien. Det er også viktige klynger og bedrifter i andre bransjar som bidreg til nasjonaløkonomien.Når det gjeld nye vegprosjekt er Møre og Romsdal tilgodesett med berre om lag 4,4% av investeringsmidlane. Vi er altså verdiskapingsfylke nummer to, vi har over 5 % av folketalet – men blir tilsidesett i plangrunnlaget for NTP. Det er ei klar nedprioritering av vårt fylke, same korleis ein snur og vender på det. I tillegg kjem at Møre og Romsdal heller ikkje får del i den store jernbanesatsinga.

Fangar ikkje opp

Vårt viktigaste innspel til NTP blir difor at kriteria for rangering av nye prosjekt ikkje er gode nok og treffsikre nok for å nå overordna mål for utvikling av samfunnet.

Netto nytte per budsjettkrone reflekterer transportøkonomisk lønsemd, forfordeler sentrale strøk og underkommuniserer den nasjonaløkonomiske vektinga av den store verdiskapinga i vårt fylke. Det må bu folk i distrikta dersom verdiane skal forvaltast og produkta bli levert til inn- og utland. Dårlege kommunikasjonar i Møre og Romsdal svekkar næringslivet i fylket og påfører tap for heile nasjonen.

Minst høg ramme

Stortinget må minst løyve høg ramme. Vi går inn i ei tid med arbeidsløyse og stort behov for omstilling i næringslivet. Samferdselssektoren kan bidra med ny teknologi og nye prosjekt for å framskynde omstillinga til ein meir berekraftig og «grøn» økonomi.

Alt frå ny ferjeflåte, ny bruteknologi og overgang til fornybar energi på jernbane, båt og kollektivtrafikk er døme på framtidsretta satsing. Auka rammer til samferdsel er difor eit av dei mest målretta omstillingstiltaka både på kort og lengre sikt.Vi er samd i at det er rett å vedlikehalde eksisterande vegar og jernbane betre enn i dag, og at dette må prioriterast høgt. Det betyr sysselsetting i heile landet, både for større og mindre bedrifter.Meir satsing på gang- og sykkelvegar og kollektivtilbod er nødvendig både for å ta klimaforpliktingane våre på alvor, for folkehelsa og for å redusere bilbruken i byane.

Lik standard

Både næringstrafikken og trafikken knytt til arbeids-, handels- og kulturpendling går stort sett på fylkesvegar og kommunale vegar før den sveipar innom ein riksveg.

I statsbudsjettet for 2016 er det sett av ca. 11 mrd. kr. til drift av 10 581 km riksveg. Fylkeskommunane brukte 5,9 mrd. kr. til drift av 44 318 km fylkesveg, dvs Staten med 1 040 kr/m og fylka med 133 kr/m. Dersom fylkeskommunen ikkje får betre rammevilkår, vil resultatet blir redusert ferjetilbod, meir forfall på vegar, tunnelar og bruer og ingen nyinvesteringar. Etterslepet for å hindre forfall på fylkesvegane er på 5,9 mrd i Møre og Romsdal, vi har tunnelar som krev sikring for over 1 mrd. Det same gjeld bruer og rassikring. På ferjedrifta har vi underdekning mellom 100 og 150 mill kr /år. NTP må bidra til å redusere forskjellane i rammevilkåra mellom drift av riksveg og fylkesveg slik at vi ikkje får A- og B-vegar.

Ferjefri E 39

Ambisjonen om ferjefri E 39 må oppretthaldast og prosjekta gjennomførast etter kvart som dei er teknisk og planmessig klare.

Eit gryteferdig prosjekt kan ikkje måtte vente på tur i mange år fordi politikarane vil at andre prosjekt skal gjennomførast først. Da blir vi ikkje ferdig i tide, og den einaste fordelen er at Staten sparer pengar. Vi må få ned kostnaden på teknologisida og redusere ambisjonane om firefelts motorveg mellom fjordane. Fjordkryssingane er viktigast no. Om nødvendig kan Sognefjorden vente. Held vi fast på dette, er Møreaksen frå Vik til Julbøen klar til oppstart i 2020. Halsafjorden er einaste fjordkryssing som er kome så langt at den kan nyttast som pilot for å redusere kostnaden med bruteknologi og kontraktsstrategi, og Hafast kan også komme tidlegare om ein utnyttar handlingsrommet.

Prioriteringslista

Viss Møre og Romsdal får investeringsmidlar til veg i høve til folketalet, blir det 7 mrd til nye prosjekt i perioden. Ferjefri E 39 i vårt fylke bør komme i tillegg, på grunn av verdiskapingseffekten og fordi vi ikkje får del i den tunge jernbanesatsinga. Dette blir utfordringa vår til Mørebenken:

2018-2021: Betna-Stormyra, krabbefelt Ørskogfjellet, Fantebrauta og Dølsteinsfonna, Tingvoll-Meisingset, Voldatunnelen;, oppstart Rødstøl-Stuguflåten, Breivika-Lerstad (bypakke Ålesund) og Bolsønes Årø (bypakke Molde), flaksehalsar Kristiansund (bypakke Kristiansund).2022-2029: Vegsund-Lerstad, Flatmark-Marstein og Lønset-Hjelset.

Kristin Sørheim
Leiar samferdselsutvalet i Møre og Romsdal