KRONIKK måndag 11. juli

«Nye muligheiter i landbruket»

Jordbruksavtalen med Norges Bondelag gir nye muligheiter for landbruket

Lausdrift Utsetjinga av lausdriftskravet legg eit betre grunnlag for god utvikling i mjølke-produksjonen, skriv artikkelforfattaren.  Foto: Knut Arne Aarset

Kronikk

Norge er inne i ei krevjande omstilling. Fall i oljepris og veksande arbeidsløyse i deler av landet set oss på prøve. Næringslivet treng å styrke konkurransekrafta for å auke aktiviteten og redusere trongen til subsidiering. Partane i lønnsoppgjera har vist moderasjon og eg er glad for at Norges Bondelag viste ansvar og inngjekk ein jordbruksavtale i år. Avtalen gjer viktige grep for å møte nokre av dei største utfordringane i norsk landbrukspolitikk.