Vi kjenner saka; tre menn gir ei 18 år gamal kvinne dop, tek ho med seg i ei campingvogn, og har sex med ho etter tur.

Likevel blir dei frikjent for gjengvaldtekt; dei blir trudd på at dei ikkje skjønte at Andrea, ho dei gav store mengder dop, faktisk var dopa.

Saka opprører

Korleis desse mennene kunne bli frikjent, er vanskeleg å forstå. Andrea har i etterkant fått store psykiske vansker. Denne veka var det fleire støtte- markeringar for Andrea.

Men dette handler ikkje berre om Andrea. Og det handler i alle fall ikkje om mennene som har blitt frikjente. Det er eit faktum vi må forhalde oss til. Å ville «ta» mennene, eller meddommarane som frikjente dei, gagner ingen. Å gi opp rettsvesenet, er det motsette av det vi bør gjere.

Tvert i mot bør vi jobbe for eit betre rettsvesen, der valdtekne kvinner har eit faktisk rettsvern.

Les flere kronikker på smp.no!

Lovgivinga i Norge er ikkje altfor verst. Den presiserer at det er ulovleg å tvinge seg til sex, og å ha sex med ein person som er medvitslaus eller ikkje kan motsetje seg sex. I praksis er det ikkje så enkelt å få domsfellelse i valdtektssaker.

Berre 10 prosent av valdtekter vert anmelde, og av desse igjen, blir 10 prosent dømde.

Ein er uskuldig til det motsette er bevist, og det ER betre at 10 skuldige går fri, enn at éin uskuldig dømmast. Men for valdtekter blir éin dømd per 100 valdtekter.

Det er i praksis straffefrihet.

Overgrep kan vere vanskelig å bevise; dei færraste begår overgrep i dagslys og med vitner. Men at «det berre er sånn» og at ein ikkje kan gjere noko, stemmer ikkje.

Vi veit av erfaring frå overgrep mot born og kvinner, at med tiltak som barnehus og overgrepsmottak, betre sikring av bevis, spesialutdanna personal, og meir kunnskap om overgrep, har ein fått fleire dømd.

Situasjonen kan altså betrast.

Unge kvinner fortel at dei ikkje vart tekne på alvor av politiet. Bistandsadvokater og psykiaterar har måtte be klientar om å la saka ligge, fordi belastninga av ein rettssak er for stor. Undersøkingar fortel om lekdommarar med moralistiske haldninger overfor kvinner, og som meiner det «hadde vore synd» å øydeleggje ein ung manns liv med fengelsstraff.

Slik kan det ikkje vere

Politiet, lærarar, legar, og andre som møter ofre for overgrep, må få meir kompetanse om overgrep og valdtekt, slik at offer blir møtt betre.

Det må komme betre opplæring av lekdommarar, slik at dei kan forstå både lovverket og medisinsk bevisførsel (rusmidler og påverknad) betre. Også fagdommarar må få kunnskap om korleis unngå at haldninger til seksualitet og moral påverker skuldspørsmålet.

Men ansvaret ligg også hos oss, i kvardagen vår.

Korleis snakkar vi om kvinner? Hadde dei skuld i det sjølv, når dei gjekk i korte skjørt? Ville dei det eigentleg, når dei vart fulle og med framande på fest? Er det greit å bruke «hore» som skjellsord?

Korleis kan ein omtale kvinner ein er usamd med, i kommentarfelt og ellers? Er dei «bitches» som bør valdtas?

Vi treng ei haldningsendring i Norge, og vi treng den no.

Alle må klare å forstå at korvidt ei jente er rusa, blir med fremmende på fest, har hatt fleire sexpartnerer før - alt dette spelar ingen rolle. Det er ikkje slik at med kvinner kan ein ha sex så lenge ikkje kvinna kjemper (nok) imot. Vi bør sleppe å lære døtrene våre varsemd, så dei ikkje blir valdtekne.

I staden for bør vi lære gutane våre å ikkje valdta. Det er faktisk ikkje så vanskeleg: Sikre deg at vedkomande faktisk vil ha sex, før du startar. Og ikkje ha sex med rusa eller medvitslause personer.

Eit nei er eit nei. Men meir viktig er at det er eit ja, som gir tillatelse.

Therese Utgård

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!