Norsk design- og arkitektursenter (DOGA) og Norske arkitektars landsforbund (NAL) var på Arendalsuka og nytta anledninga til å spørje politikarane.

Svara me fekk var opprørande. Kort veg unna stengde butikkar med gråpapir i vindauget, sat politikarar frå fleire parti og hevda at store kjøpesenter utanfor bysentrum ikkje er eit problem for levande bysentrum.

Empirien viser det stikk motsette. Kor har det gått gale?

Utarming av norske byar og tettstader er eit faktum, og det er både eit storby- og småbyfenomen. Ein finn tomme lokale i både Oslo, Arendal, Lærdal og Tromsø – byar som er svært ulike i både størrelse og innhald. Då DOGA (den gong Norsk Form) gjorde ei undersøking i norske kommunar i 2014, svarte 67 prosent at vitalisering av sentrum var hovudutfordringa for arkitekturfeltet. At temaet er så høgt oppe på agendaen til norske kommunar, er truleg fordi sentrumsdød er eit tydeleg og svært synleg teikn på at ein by eller ein stad er i resignasjon.

Byspreiing

Ei viktig årsak til sentrumsdød er byspreiing, altså at bustader, arbeidsplassar, handel og offentlege institusjonar blir lagt til ulike stader. Det betyr for det første at me bruker bilen meir, og dermed forureinar meir. Det er både eit problem for miljøet, og for folkehelsa. I tillegg blir det vanskelegare å driva butikk eller annan verksemd i sentrum.

Til trass for at mange utbyggarar prøver å overtyde om det motsette, viser forskinga at bysentrum tapar marknadsandelar når handel blir etablert utanfor sentrum. Mellom anna viser tal frå Miljøverndepartementet at byar som Arendal, Sarpsborg og Kristiansand har tapt marknadsandelar på mellom 10 og 17 prosent til handel utanfor sentrum dei siste åra.

Fleire bilar og færre butikkar gjer at det blir mindre triveleg å opphalda seg i sentrum, og lokalsamfunn mister kulturhistorie og møteplassar som er viktige både for identitet, integrering og sosialisering. Byspreiingspolitikken gir byar me ikkje vil bu i.

Flyttar ut

Konsekvensen er at både folk og arbeidsplassar flyttar ut. Me har ikkje berre kunnskapen me treng for å bevise at byspreiing fører til sentrumsdød – me har også dei politiske vedtaka som skulle snu utviklinga. Nasjonale forventningar, retningslinjer og vedtak for kommunal og regional planlegging seier alle det same: Legg bustader, arbeidsplassar, handel, service og sosiale møteplassar i sentrum. Det same gjeld dei fleste partiprogramma over heile den politiske aksen. Tette, gode, miljøvennlege byar er mantraet.

Då DOGA og NAL spurte politikarar frå alle parti, låg det an til at same tone vil vidareførast i partiprogramma for neste stortingsperiode. Ingen seier at kortsiktige økonomiske omsyn skal gå på kostnad av levande møtestader i sentrum. Ei heller at ein kommune må tenke på sin eigen skatteinntekt først, før han tenker på samfunnet som heilheit.

Likevel har Brotorvet kjøpesenter, som dannar ein mur inn mot vakre Stathelle, fått lov av dei same politikarane, frå same parti, til å utvide med 23.000 kvadratmeter både i 2004, 2009 og 2012.

Likevel får Thon i 2016 løyve til å utvide Moa kjøpesenter utanfor Ålesund, slik at det blir Norges største.

Og likevel tillét Lillesand kommune at ein outlet med kler på billigsal blir bygd ved Sørlandssenteret, like ved den sørlandske trehusidyllen og E18. Med god grunn protesterte både Grimstad, Kristiansand og Arendal kommune, men kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner fekk siste ordet og lét Lillesand få det som dei ville.

På tide å stoppe opp?

Det er diverre ikkje overraskande, for dei statlege verksemdene er på ingen måte best i klassen. Der dei sjølve kunne gått framfor med eit godt eksempel, og følgt sine eigne retningslinjer, bygger dei til dømes den nye politistasjonen i Arendal på Stoa, fire kilometer frå sentrum. Det nye regionssjukehuset i Østfold hamna midt ute på eit jorde, seks kilometer utanfor Sarpsborg.

Det ser ut til å bli enda verre historier når nye regionsjukehus skal byggast i Møre og Romsdal og i Oppland.

Er det på tide å stoppe opp og spørje om retningslinjene for kommunal og regional planlegging strenge nok?

Og kven passar på Staten? Veit politikarane nok om dei negative effektane, eller sit kunnskapen fast i akademia og arkitektbransjen? Manglar det politisk vilje, og evne til å tenke langsiktig?

Det er dei folkevalde politiske leiarane sitt ansvar å gjere dei beste vala for oss, og for framtida. Me stoler på at dei gjer det gjennom å tenke langsiktig og heilheitleg – ikkje berre for dei åra dei sjølv sit i posisjon, og ikkje berre for sin eigen kommune eller sitt eige fylke. Då bør dei begynne å ta innover seg at folkehelse, miljø og kulturhistorie òg har ein verdi.

Det er snakk om samfunnsøkonomiske verdiar som er langt større enn dei kortsiktige inntektene Thon sine økonomar kan freiste med. Dei kjem enda fleire til gode enn berre vaksne med førarkort og pengar, og dei varer mykje lenger enn dårlege kompromiss.

Vala me gjer i dag vil påverke livskvaliteten til generasjonar framover, og dét fortener modige politikarar som både held liv i sentrum og eigne løfter. Me har ikkje råd til å drive forderva politikk.

Nå kan du si din mening om byutvikling i Ålesund - klikk på bildet og delta i debatten.