Dette viser resultat frå brukar-åtferdsundersøkinga frå fleire byar i Noreg i 2015.

Eg var biblioteksjef i Ålesund fram til 2014. I alle dei elleve åra eg var biblioteksjef var det snakka om nytt hovudbibliotek, nokre få gongar var det òg snakk om opprusting ev. flytting av nedslitne Spjelkavik filial.

Aller mest var det likevel snakk om nedlegging av eit bydelsbibliotek som rundt 25000 innbyggarar soknar til. Gang på gang, i kvart einaste budsjettforslag frå rådmannen, har nedleggingslenkene rasla dei siste åra.

Stor brukarmedverknad, lobbyverksemd og aktivitet i sosiale medium har fått det stoppa med eit nødskrik kvar gong.

Ein skal vakte seg vel mot å setje grupper opp mot kvarandre, det verkar bakstreversk og sutrete. Men eg spør like fullt:

Korleis har det seg at ei lovpålagt oppgåve som bibliotek, som er det desidert populære kommunale tilbodet, gang på gang taper mot til dømes utbygging av idrettshallar i Ålesund?

Ære vere breiddeidretten, men biblioteket er det einaste kommunale tilbodet som famnar alle frå vogge til grav.

Frå det vesle barnet som med foreldra oppdagar biletbøker, til skuleklassene som kjem til høgtlesing og lesestimuleringstiltak, til fjernstudenten som skal ha pensumlitteratur, til flyktningen som opplever biblioteket som den einaste plassen der han opplever tilnærma normalitet i ein uføreseieleg kvardag på vent.

Frå arrangement, forfattarbesøk, strikkekveldar, språkkaféar, slektsforsking, til lån av pc-ar, oppgåveskriving, kollokviearbeid, debattar, osv.

Biblioteket er ein garantist for lik rett til informasjon og kunnskap i eit levande demokrati, biblioteket er ein demokratisk aktør i seg sjølv.

Kva er det politikarar i Ålesund tenker om biblioteket sitt? Ein lagerplass for bøker? Ein stad for fritidslesing? Hyggeleg og fint, men så langt frå naudsynt?

Då har dei sanneleg ein veg å gå og nokon må kjenne seg kalla til å ta på seg dette vaksenopplæringsprosjektet av politikarar som dette i røynda er. Eg gjer det gjerne:

Ikkje nødvendig når vi har google seier de, politikarar? De tek feil. Utlånstala aukar, besøkstala aukar enda meir, dei digitale skreddarsydde tenestene har mang ein politikar utan lånekort blitt overraska over.

Sjå til Stavanger: Biblioteket der, Sølvberget, har like mange besøk som Dyreparken og badeland i Kristiansand, dobbelt så mange som Oljemuseumet, Arkeologisk museum og Rogaland Teater til saman. Til saman!

Dei har satsa, det same har Tromsø, Lillehammer, Bodø og Drammen. Dei har skjønt biblioteka sin rolle som byutviklar, som trivselsfaktor, som eit pulserande hjarte i den byen dei skal sørve.

Dei har skjønt at biblioteket er den einaste plassen der ein berre kan vere utan at nokon ser skeivt på deg fordi du ikkje har kjøpt kaffikopp nummer to.

Dei har skjønt at vi treng møteplassar, dei har skjønt at flokkdyret i oss treng å vere aleine saman med andre, dei har skjønt at biblioteket er den beste integreringsarenaen og dei har skjønt at det er biblioteket som kan ta den viktig rolla som eit samlande torg i byutviklinga.

Eg utfordrar politikarane i Ålesund til å reise til Bodø og besøket Stormen bibliotek, ein by på same storleik som Ålesund. Og eg utfordrar ikkje berre kulturpolitikarane, for dette er større enn som så. Dette handlar om byutvikling i vid forstand.

Manglar vilje

Kva er det som er annleis i Ålesund? Økonomien? Neppe. Det finnast ikkje éin kommune i landet der det blir sagt i eit budsjettmøte at «No er vi på ein topp, økonomien er god, vi går med overskot, vi hiv oss rundt og bygger eit nytt bibliotek». Det er sjeldan det som er drivkrafta for satsinga.

Ålesund er ikkje i noko særstilling. Men Ålesund kommune manglar vilje. I staden ser vi ei undergraving av noko som kunne ha vore ein framifrå samlingsstad som alle i byen hadde eit forhold til, som eit ledd i ei moderne byutvikling, som eit ledd i at Ålesund skal vere ein attraktiv by å bygge, bu og bli i. Vi finn ikkje ei einaste stillingsannonse i Noreg som ikkje lokkar med mulegheiter for tur i skog og mark, men det trengst noko meir enn det.

Misforstå meg ikkje, bibliotektenesta i Ålesund ER framifrå, den kompetansen som finst der bør politikarar og administrasjon vere evig merksam på og stolte av.

Dette er informasjons- og kunnskapsformidlarar på eit høgt fagleg nivå. Dei har så visst ikkje ei treåring høgskoleutdanning for å låne bøker ut over ein disk og seie «hysj».

Men det er grense for kor lenge ein kan drive for knappar og glansbilete med det evigvarande kravet om at publikum ikkje skal merke noko til stadige kutt. For dette er realiteten innbyggarar og politikarar i Ålesund: Biblioteket er velferdsstatens mest moderne, inkluderande, vidtfamnande og vellukka institusjon.