Kronikk 29. september:

«Ein unik skulekultur for framtidas verdiskaping»

Stranda vidaregåande skule, den einaste vidaregåande skulen i indre Storfjord, kostar Møre og Romsdal fylke 25 millionar kroner i året. Summen finansierer 30 tilsette og 174 elevar.

Prisvinnarar: Ungdomsbedrifta Brød-rett-hjem UB frå Stranda vgs. vann i april to prisar under NM for ungdomsbedrifter. Her har dei besøk på NM-standen av statsminister Erna Solberg. Foto: Ole Bjørn Hjellegjerde 

Heile 91 prosent av elevane som starta på skulen i 2010 hadde fullført vidaregåande opplæring

Kronikk

Kronikkforfattar Ole Bjørn Hjellegjerde, lærar, Stranda vgs. 

Skulen har vore nedleggingstrua fleire gongar og framtidsutsiktene blir nok ein gong svartmåla i ein konsulentrapport frå Norconsult, som foreslår å flytte fleire klasser til større naboskular. Eg vil tru at forslaget er tufta på effektiviserings- og stordriftstankegang.

Misforstå meg rett, effektivisering og stordrift er ofte den riktige løysinga. Men i tilfellet Stranda vidaregåande skule, kva får fylkeskommunen igjen for desse 25 millionane?

Les flere kronikker på smp.no!

Dei fleste elevane ved Stranda vgs. kjem frå Stranda og dei mindre bygdesamfunna i indre Storfjord – frå barne- og ungdomsskular som gjer ein fantastisk jobb med å klargjere elevane til vidaregåande utdanning. 70-80 prosent av strandaelevane vel også Stranda vgs. når dei byrjar på vidaregåande. Det aller første som er ekstraordinært med vår skule er fullføringsgraden.


Skal kjempe for Stranda vgs

Det blinkar eit raudt lys for Stranda vidaregåande skule. Norconsult føreslår å flytte fleire klassar frå Stranda.

Heile 91 prosent av elevane som starta på skulen i 2010 hadde fullført vidaregåande opplæring med studie- eller yrkeskompetanse i løpet av fem år. Dette er best i landet! Dei fleste kjem frå relativt små ungdomsskular og byrjar på ein vidaregåande skule som er flink til å følgje opp kvar enkelt. Dette gjev altså særs gode resultat. Kva så med undervisingskvaliteten på ein skule med 30 tilsette og 174 elevar?

I den regjeringsoppnemnde nasjonale undersøkinga om skulekvalitet hamna Stranda vgs. på tredjeplass blant dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal. Det som også bidreg til å gjere Stranda vgs. til ein særeigen skule, er den gode stammekulturen i fagmiljøet ved skulen. Pallplasseringar under NM for ungdomsbedrifter i tre av dei siste fire åra tyder på ein særs sterk entreprenørskapskultur.


Sel brød på postordre:

«Brød-rett-hjem» kjempar om billett til meisterskap i Sveits

19 ungdomsbedrifter kjempar om ein billett til den europeiske meisterskapen i Sveits i juli. Ein av dei er «Brød-rett-hjem» frå Stranda vidaregåande skule.

Skulen vektlegg også ein sterk delingskultur, noko som er med på å motivere årets elevar til å tenke endå smartare og bli enda meir innovative enn fjorårets kull. Ein slik innovasjonskultur vil elevane forhåpentlegvis også ta med seg ut i næringslivet når dei er ferdig utdanna.

Stranda er ein av landets største matkommunar. Dei to siste åra har restaurant- og matfaglinja ved skulen samarbeidd med entreprenørskapselevane om å utvikle nye og innovative matprodukt. Begge åra har dei tverrfaglege ungdomsbedriftene blitt rangert blant dei tre beste i landet innan gastronomi under NM.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Dette gjer kokkane frå bedriftene særs attraktive for næringslivet. Ein av kokkane i ungdomsbedrifta Glutenfri UB hadde jobbtilbod frå fleire hotell i Ålesund etter han vart ferdig uteksaminert frå Stranda vgs. I år har dei tverrfaglege ungdomsbedriftene som mål at årets produkt skal bli vidareført i det lokale næringslivet etter at ungdomsbedriftene blir lagt ned.

Strandafjellet er eit eldorado for skientusiastar, og blir flittig nytta av elevar på skulen si idrettslinje. Spesielt den målretta langrennssatsinga har gitt gode nasjonale resultat dei siste åra. Når i tillegg begge kretslagstrenarane i langrenn no er lærarar ved skulen, gir dette grobotn for ei unik moglegheit for langrennstalenta. Skulen har også særeigne tilbod for internasjonalisering og friluftsliv. Summen av alt dette er ein unik kultur som blir ein stadig sterkare bidragsytar til framtidas verdiskaping. Dei to siste åra har også elevtalet ved Stranda vgs. auka med 12 prosent.

Ole Bjørn Hjellegjerde
Lærar, Stranda vgs.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.