Rikard Solheim, sivilingeniør

Ifølgje SSB står NSB for berre om lag 1 prosent av personreisene i landet. Til denne vesle produksjonen får jarnbana årleg om lag 20 milliardar kroner i statssubsidiar!

Dei siste 50 åra har staten systematisk diskriminert distrikta og vegbrukarane. Med skyhøge avgifter, Europas dårlegaste vegstandard og mest utrygge tunnelar. Samstundes vert togbrukarane på Austlandet dynga ned med statssubsidiar. Det er urettferdig, usakleg og rå sentralisering.

Politikken har vore muleg fordi folk ikkje har fått vite om dei faktiske forholda. Nasjonal Transportplan (NTP) teier om dei, og dei er ikkje framme i offentleg debatt. Det er på tide at fakta kjem fram. Både kostnad, produksjon og betalingsmåte, for både bane og veg. Her er nokre av dei fakta og forhold som må fram i lyset.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Superbussane er her

Analysar og erfaring i mange land viser at det kostar 5–10 gonger så mykje å produsere kollektivtransport med bane som med buss. Erfaringane viser at bussane også er meir fleksible og brukarvenlege. Og meir miljøvenlege!

Derfor går no såkalla Superbussar i eigne filer sin sigersgang over heile verda. Langt over 100 byar på fire kontinent har til no satsa på dette. Og det aukar stadig. Overgang til buss vert forsterka av at det også skjer ein teknologisk revolusjon med utvikling av elektriske bussar utan leidningar, mange med ladeelement i vegbana!

Berre i Europa er det fleire titals prosjekt i gang med å prøve ut dette–nokre også i Norden. Men Norge heng etter! Her er det prestisje og gamle dogme som rår, både hos planleggarar, politikarar og miljøorganisasjonar.

62º Nord-sjef vil ha lyntog: – Vi må våkne før toget går

Miljøjuks

Politikken er basert på påstandane frå Jernbaneverket (JV), NSB og miljøorganisasjonar om at jarnbane er den mest effektive og miljøvenlege transportmåten. Men påstandane er usanne, samferdsledepartementet og NSB/JV juksar.

Jukset består i at dei ikkje tek med dei største postane i kostnads- og energirekneskapen, nemleg det som går med til å bygge og vedlikehalde skinnegang og tog. Dette utgjer om lag 70 prosent av totalrekninga.

Miljøproblema er i stor grad knytt til produksjon og forbruk av energi. Slik også i transportsektoren. Desto tyngre transportmiddel, desto høgare energiforbruk. Tog er mykje tyngre enn buss. Togskinnene er dyre, og produksjonen av desse krev mykje energi.

Rett rekna er kollektivtransport på veg mykje billegare og meir energieffektiv enn på bane. Analysar viser at NSB-transport kostar om lag 10 gonger så mykje som buss, og transport med lette baner kostar om lag 5 gonger så mykje. Nokre miljøorganisasjonar tek til å forstå det som skjer, «Skinner mister glansen» skreiv Cicero i tidsskriftet «Samferdsel» i 2013.

Les flere kronikker på smp.no!

Overskot på vegane!

Staten møter oss med to heilt ulike prinsipp for betaling av samferdsletenester. I Oslo-området auser regjeringane ut enorme statssubsidiar til svært ulønsame jarnbaneprosjekt. Togbrukarane sjølve slepp unna med å betale ein liten brøkdel av kostnadane. Ingen andre vaksne og friske personar er i nærleiken av å få slik særbehandling i Norge.

I storparten av landet må vi bruke vegar. 95 prosent av reisene skjer med bil og buss på vegane. Her krev staten at brukarane må betale alle kostnadane sjølve, og vel så det. Vegbrukarane betalar nemleg meir i drivstoff- og bilavgifter samt bompengar enn det staten brukar til investering og vedlikehald på riks- og fylkesvegar.

Oslomakt eller rettferd?

Vegane våre er eit av dei store fellesgoda i Norge. Annleis med jarnbana, ho er eit særgode for relativt få personar i avgrensa delar av landet. 80 prosent av jarnbanetransporten skjer i Oslofjord-området.

Derfor pressar makteliten her på for at staten framleis skal pøse på med subsidiar til toget, altså at folk rundt om i heile landet skal betale det meste av Oslo-folk sine togreiser. Og eit samrøystes Storting sluttar seg til dette. Det er nesten ikkje til å tru! Stortingsrepresentantane frå distrikta har ingen ting i nasjonalforsamlinga å gjere dersom dei ikkje får slutt på denne uretten. Neste år er det val.

Innovasjon

Kunnskap og innovasjon likar mange å snakke om. Nytenking innan samferdsle ville vere å satse på ekspressbussar på gode vegar i heile landet, og «superbussar» og elektriske bussar i eigne filer i byane. Då kunne vi få ein verkeleg stor overgang frå privatbil til kollektivtransport. Men dette teier NTP om! NTP ser ut til å ha som hovudmål å verne om jarnbana. Koste kva det vil.

Vi bør også satse på å få redusert unødvendig reiseaktivitet, ved hjelp av kortreiste arbeidsplassar og IKT: videokonferansar i staden for flyreiser og heimekontor i staden for bilkøyring til jobben. Her ligg eit stort potensial. Den sparte reisa er den mest miljøvenlege. Men NTP er fri for den slags. Som miljøengasjert person skulle eg ønske at det vert satsa på slikt, i staden for den kunnskapsfattige tilbeding av jarnbaneskinner som no er rådande både i planverket og i politikken. Det er eit stort demokratisk problem at både den politiske eliten og NTP skjuler dei viktigaste samferdslefakta for folket.

Rikard SolheimSivilingeniør

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.