Erna Solberg var kommunalminister i åra 2001-2005. Her er eit sitat frå slutten av perioden:

«Kommunene må kjenne sin besøkelsestid. Dagens gulrøtter kan være i ferd med å gå ut på dato. Fra 1. juli fjernes noen av de økonomiske virkemidlene som gjør det ekstra lønnsomt for kommunene å slå seg sammen. Etter den tid er det ikke lenger sikkert at de får støtte til bruforbindelse eller andre infrastrukturtiltak. Det må bli slutt på at kommunene «presser» staten på dette punktet.»

Ein kan lura på kven som pressa kven, men Erna ville ned på 100-150 kommunar snøggast råd, men ho vona i det lengste på frivillegheit.

«Det fordrer imidlertid at mange slår seg sammen. Hvis ikke, må Stortinget diskutere tvang eller andre modeller», presiserte ho.

Erna var aktiv ute i felten med tilboda sine. For Tustna og Aure vart samanslåing sett som føresetnad for at sambandet over Imarsundet skulle verta realisert. Inga samanslåing, inga bru!

Bjarkøy-folket fekk veta at anleggsmaskinane ikkje ville koma før dei var ein del av Harstad. Stabeis kunne berre sitja for seg sjølv ute på øya med skjegget i postkassa.

Erna sin pisk og gulrot-metode gav berre ein dryg handfull samanslåingar, men etter åtte år med raud/grøn pause vart det fullt trykk att og vel så det.

Som statsminister sette ho Jan Tore Sanner til å leia eit gigantisk prosjekt for sentralisering, privatisering og byråkratisering, også kalla kommunereforma.

Friviljugsvedtaket av 1995, som deira gamle partileiar, Jan Petersen, var ein pådrivar for å få igjennom, var brysamt for Erna. Sanner ter seg som om det ikkje lenger gjeld.

«Samanslåing vert det uansett», er ein utbreidd villfaring han ikkje akkurat har medverka til å avliva.

Sitjande stortingsfleirtal si presisering av at det skal vera «reell» friviljugheit for kommunane i prosessen, er visst heller ikkje så nøye. «Kommunereformen går ikke over», fastslår Sanner støtt.

Omgrepet «friviljug tvang» har med han fått ny og forsterka aktualitet.

Utgreiingar, konsulentar, prosjektrettleiarar, og arbeid på alle forvaltningsnivå, eit enormt tidstjuveri, har kosta flesk.

Frå folket si felleskasse kjem det også pengepremiar. Når dei medgjerlege vert smurt med ekstra vegmillionar går det sjølvsagt ut over dei som føretrekkjer lokal sjølvråderett og/eller ligg slik til at samanslåing er uaktuelt.

Nettopp der er gjerne nye samferdsleløysingar mest naudsynt, men det er altså dei flinkaste i Sanner si klasse som vert favorisert. Sitt storsinn synte han til fulle ved å gje to millionar i julegåve til kvar av dei som vedtok samanslåing før 2015 var omme.

Kva ville vi kalla slikt om det hadde hendt i ein bananrepublikk?

Om samanslåing i seg sjølv var slik ein strålande idé, kvifor er det då naudsynt med økonomiske incentiv på den eine sida og trugsmål om smalhans på den andre? Med sistnemnde verkemiddel gav ministeren full gass på nyåret 2016, eit piskeslag med verkeleg snert i.

Trass tidlegare lovnader om at ingen skulle tapa på å seia nei, kom forslaget til nytt inntektssystem. Det førte til ei vill jakt på kommunale partnarar. Alternativet var svelt-i-hel.

Etter forliket med Venstre vert straffa lukkelegvis i verste fall halvert, systemet med inntektsgaranti gjeld framleis, og eit eventuelt regjeringsskifte vil reversera økonomiske svekkingar innført for å få kommunar til å slå seg saman.

Medan millionane har rent or statskassa for å promotera prestisjeprosjektet, har tilførselen til kommunane sin slunkne økonomi vore ditto mager.

Mange føler seg altså i ei økonomisk skrustikke, men løysinga som vert lansert er høgst tvilsam. Det finst ikkje noko empirisk prov på innsparingar frå samanslåingar i seinare tid, heller tvert om. Meir pengar til dei eksisterande kommunane ville altså hatt betre effekt, og desse kronene finst tydelegvis:

Reform- og eingongsstønad vart fyrst freista presentert som dei største gulrøtene i korga. Ikkje alle fann dei like appetittvekkjande. Midlane er jo meint å dekkja omstillings-kostnadane.

For drygt ti år sidan fekk til dømes Vindafjord/Ølen 30 mill. til formålet. No seier dei at det ikkje var nok. Likevel er det dei som vil kasta inn handkledet for på det viset å få inn frisk kapital.

Dette gjeld slett ikkje berre små kommunar.

I Nedre Eiker, med sine 25.000 innb., sa både folket og kommunestyret ja til å halda fram som eigen kommune. Eit halvår seinare vert det hevda at samanslåing med Drammen er einaste berging or pengeknipa.

I Steigen er cocktailen av økonomisk stupetak på den eine sida og lokkepengar på den andre endå meir synleg. Også der fatta kommunestyret vedtak i tråd med folket sitt rungande nei til samanslåing.

Eit par månader seinare vart så trugsmål om nedlegging av grendeskular og sjukeheimsplassar nytta som påskot for nye forhandlingar med Bodø, 3-4 timars køyring gjennom tre andre kommunar unna.

I bakgrunnen lurar Sanner som vil dela ut 60 mill. i klingande mynt berre han får éin av sine etterlengta samanslåingar. Bodø verkar noko blenda av utsikta til landevinning.

Dei lar Steigen få halvparten i naudhjelp slik at dei enno for ein stakka stund skal kunne behalda dei basistenester dei der elles burde vera i stand til om kommunen hadde fått sin rettmessige del av samfunnskaka.

I byte lyt dei altså gje frå seg sitt kommunale sjølvstyre.

Kvifor kan ikkje kommunar som Steigen heller få direkte frå denne kassa som hjelp til å halda fram med forsvarleg drift?

Då sparar vi økonomiske, politiske og sosiale endringskostnadar, og Noreg slepp å få geografisk absurde kommunar med avstandar ikkje verdig noko land med mål om folkestyre.

Også av prinsipielle grunnar er det turvande med mobilisering mot denne heilt utilbørlege prosessen.

Det kan ikkje vera slik at Sanner & Co. for folket sine eigne pengar kan kjøpa seg til ei storstilt sentralisering det same folk ikkje ynskjer.

Like lite som byar bør utnytta dette til rein imperialisme, bør distriktskommunar gje opp eigen eksistens for almisser, men i staden seia: «Lokaldemokratiet er ikkje til sals».

Per Olaf Lundteigen (t.v.) og Per Gunnar Stensvaag. Foto: Privat