Astor Furseth.

Det har nyss blitt presentert framtidsvarsel om dette med store overskrifter. Det kan synest som journalistane meiner at Nordvestlandet er midt i blinken for desse framtidsutsiktene. Vår landsdel er då også prega av mykje vill natur og naturulykker. Men dette er ikkje noko nytt, det har historia fortalt oss.

Prognosane bygg på modellar som forskarane har laga for å gi oss ein peikepinn på kva vi har i vente i åra som kjem. Vi må kunne rekne med at dei som vurderer framtidsutsiktene, baserer modellane på slik situasjonen er i dag og slik den har vore i tidlegare tider. Ei slags framskriving. Dersom ein modell skal ha meining, skulle vi tru at den må vise til åra som har gått forut, og syne framhald av ein tendens.

Les flere kronikker på smp.no!

Våtare?

Vi får eit bra grunnlag for å skaffe oss kunnskap om det som hittil er skjedd ved å sjå på meteorologiske måleseriar frå Sunnmøre.

Ein av dei lengste, samanhengande måleseriane for nedbør finn vi på garden Relling i Norddal. Denne stasjonen har målt nedbør sidan 1895. Dei første 5 åra av klokkar Johan Grønningsæter, og etter det har målestasjonen vore samanhengande i slekta til dagens nedbørsmålar Gudmund Relling. Dei har hatt noko lønn frå staten for viktige arbeidet. Frå Meteorologisk institutt blir det fortalt at måleseriane på Relling ikkje berre er mellom dei aller lengste, men også den mest relevante, framfor dei meir inneklemde stasjonane t.d. i Geiranger og Tafjord.

Her viser eg årsnedbør, med oppsett i 20-års periodar:

1896 – 1915: 880 mm

1916 – 1935: 933 mm

1936 – 1955: 964 mm

1956 – 1975: 932 mm

1976 – 1995: 959 mm

1996 – 2015: 1086 mm

Målingane på Relling syner såleis at det i løpet av dei siste 120 åra faktisk har vore ein aukande nedbørsmengde, stort sett jamt og trutt, med unntak av ein turrare periode på 1955–1965 med gjennomsnittleg årsnedbør på berre 842 mm. Men også med ein nyare auke, som kan synest å vere markant.

Villare?

Eg kan ikkje sjå det finst nokon dokumentasjon som viser at vi har fått fleire stormar og storflaumar enn i dei føregåande hundreåra. Både på 1700-talet og 1800-talet hadde vi enorme flaumar og stormar på Vestlandskysten. Vi kan nemna Titran/Røvær orkanen i 1899 som tok 171 liv, og Galnemåndagen 11. mars 1822 der minst 170 drukna, og orkanen på Stadhavet i 1594 med 300 døde. Storflaumar her vest skjedde t.d. i 1743, 1790 og 1918. Når det gjeld mengda av naturkatastrofar, er det gjerne ras og flaumskred som gir eit uttrykk for dette, og her finst kjelder. Noko forenkla kan vi seie at talet på omkomne ved slike ulykker blir ein god indikator på kor vilt naturen herjar:

For M & R fylke er årlege dødsfall pga. skredhendingar:

1800-1849: 2,96 omkom/år

1850-1899: 2.84 omkom/år

1900-1949: 1,72 omkom/år

1950-1999: 0,84 omkom/år

2000-2016: 1,60 omkom/år

På grunn av at den globale temperaturauken også gjeld for Nordvestlandet, er det ikkje uventa at ved å sjå nærare på skredstatistikken, synest det klart at vi har fått ein auka frekvens av stein- og jordskred og lokale flaumar. Men til gjengjeld har det vore ein nedgang i store snøskred og storflaumar.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Under vann?

Står Ålesund sentrum snart under vatn?

Den globale havnivået har hatt stigande tendens blant anna ved auka temperatur på jorda, og vi har sett alarmerande reportasjar både om Ålesund og Bergen; det blir framstilt ein situasjon der sjøen fløymer over bryggekantane og at vi står framfor ei nær føreståande krise. Men dette skremselscenarioet er ikkje rett – havnivået stig ikkje i Noreg, tvert om, på dei fleste stader har det i alle år sokke ved at isbreane no i tusenar av år har minka og gitt landsheving.

For oss som elskar fjella her i Nordvest, er det ein fascinerande tanke, at når havnivået søkk, vil nødvendigvis fjella stige! I dei siste åra er det akkurat gjort nye målingar til neste generasjon av kart, og for det høgste fjellet i fylket viste målingane i 1954 at Puttegga var 1999,156 meter. Medan nye målingar viser at den høgda er 1999,191 meter. Det vil seie at Puttegga faktisk er blitt 3,5 cm høgare. Også for det fjellet som er kalla opp etter den fredlause Kari Røyk, har vi målingar, og fylkets nest høgste fjell, Karitinden, var 1981,735 meter i 1954, mot no 1981,772 meter. Det betyr at Karitinden har blitt 3,7 cm høgare i løpet av dei 50 siste åra.

FNs klimapanel presiserer at klimamodellane ikkje utan vidare kan brukast til spådommar om klimaet. I Klimapanelets tredje hovudrapport står: «I forsking på og modellering av klimaet, bør vi vere merksame på at vi har å gjere med eit kaotisk, ikkje-linært kopla system og at langtids framskriving av framtidige klimatilstandar ikkje er mulig».

Astor FursethValldal

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.