Vi har heilt sidan 1991 hatt lover om eldre si deltaking i kommunale råd når det gjeld planlegging og utbygging av det som skjer i kommunane våre.

Det som vedkjem den eldre generasjonen – det er omtrent alt saman det – for det var på deira «samfunnsvakt» gjennom 40 år at alt som vi har i dag er blitt bygt opp.

Likevel synest det å bli fleire og fleire innlegg frå folk i lokalsamfunna våre som no slår alarm om ei eldreomsorg som uroar svært mange, uro for ei slags ny utvikling med ei nedbygging av institusjonar som vi allereie hadde i bygdestrøka våre. Dagens pensjonistar trudde at det grunnlaget som samfunnet fekk etter deira innsats, var det som deira eigen alderdom skulle byggjast vidare på.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Problemet no er at dette skjer i ei tid då dei fleste av oss erfarer at Noreg likevel ikkje er verdas rikaste land. Vi som er pensjonistar i dag har sett utviklinga gjennom lang tid – at vi i rein hovmod overfor omverda har løyvd oss eit lønsnivå som ligg langt høgare enn andre land.

Resultatet frå den politikken som Noreg for 30–40 år sidan slo inn på, har ført med seg at svært mykje av industrien vår er blitt borte eller har flytta ut frå landet. Då forsvinn og skatteinntektene som land og kommunar treng for vidare utvikling.

Noreg, ved staten, har flytta ut mykje av eigen råderett over våre vasskraft- og oljeresursar. Dette susar no ut av landet gjennom røyr og kablar. Dette har og gitt landet inntekter, men ikkje slik at Noreg kunne bruke desse fritt til norske formål, som til dømes å byggje ut eit moderne nett for tog- og biltrafikk. Trass i at Noreg frå «historisk» tid har mangla eit moderne vegnett, så er det andre som bestemmer over oss no – «bygg gjerne ut vegar, men la dei norske bilistane og bedriftene få betale for dei med bompengar og avgifter, elles blir det «unfair» konkurranse».

Den stendige auken av direkte og indirekte skattar vil meir og meir drive Noreg inn i eit hjørne med kostnader høgre enn landet kan «forsvare». Drifta av vårt land kostar meir og meir, industrien kan ikkje lenger konkurrere med omverda og forlèt oss.

Den delen av næringslivet som ikkje kan flytte ut, blir konkurrert ut av folk frå våre naboland som alle har lågare kostnader enn Noreg.

Slik forsvinn den norske målarmeisteren, bilmekanikaren, lastebilsjåføren, sjukepleiaren, bygningsmannen, sjømannen og industriarbeidaren for berre å nemne nokre.

Samtidig veit vi at toppen er nådd på Noreg sin oljeboom, og at oljeprisen er blitt kraftig redusert. Det er ikkje mykje hjelp i eit «nedfryst» oljefond på 7–8 milliardar rundt i verda, dersom utbytet blir borte – eller at verdien av fondet utviklar seg globalt negativt.

Vi ser korleis den norske statens inntektsgrunnlag forsvinn år for år utan at nokon i styre og stell av landet torer å fortelje folket korleis det eigentleg står til. At Noreg sin økonomiske handlefridom synest å gå mot avgrunnen.

Ikkje så rart då at parolen frå alle politiske parti no er at alle pensjonistar skal arbeide lengre – underforstått då at alle dei andre laga av folket, enten det er mann eller kvinne, alt er i arbeid.

Les flere kronikker på smp.no!

Dei dristige legg og til at dei ventar det same frå alle nye landsmenn og, men utan å gjere greie for korleis dei kan gjere det – når både språk, kultur og egna arbeidsoppgåver i Noreg manglar for desse i stor grad.

Kven burde ha høyrt dei ringande klokker?

Vi som er tilbake i landet får ta det som det kjem – og vi kjem til å få betale meir og meir for dei velferdsgoda vi har vent oss til. Om vi då har råd til det.

Det er mange teikn i tida på at vi får mindre og mindre råd til svært mykje:

• Det norske landforsvaret i hæren er snart borte.

• Det norske lokalforsvaret som heimevernet og sjøheimevernet kan snart bli borte.

• Det norske sjøforsvaret har knapt tyngre fartøy som kan segle.

• Noreg har det siste tiåret lagt ned snart 1500 skular for å spara pengar.

• Trass i stor auke i folketal gjennom fleire år og som er klarlagt gjennom gode prognosar, blir det ikkje bygt dei nye skular som trengst. Mange av dei som er tilbake manglar vedlikehald og «rotnar ned på rot» mange stader, eller dei blir «forsterka» med provisoriske brakker.

• Politi og ordningsvern er under store endringar – det må nok sparast pengar.

• Sjukehus og helsestell skal «samordnast» – dels leggast ned for å spare pengar.

• Kommunar skal slåast saman – rommet for statlege overføringar til kommunane minkar – pengane er ikkje der lengre.

Pensjonistforbundet har fått utarbeidd ein rapport om korleis Noreg kjem til å utvikla seg fram mot 2040 – om vel 20 år. Rapporten er gjort av samfunnsforskarar på SINTEF.

Vi tek fram nokre tal frå rapporten:

• I 2017 er det i Noreg 219.000 eldre over 80 år.

• I 2030 er det i Noreg 320 .000 eldre over 80 år.

• I 2000 var det 4.5 yrkesaktiv for kvar person over 80 år.

• I 2030 vil talet vere 3.5 yrkesaktiv pr. person over 80 år.

• I 1967 var 3.9 yrkesaktive bak kvar pensjonist.

• I 2017 er det 2.1 yrkesaktiv bak kvar pensjonist.

• I 2040 er det 1.8 yrkesaktive bak kvar pensjonist.

• I 2017 går kvar 6. elev frå ungdomsskulen inn i helse- og omsorgsarbeid.

• I 2025 må kvar 4. elev frå ungdomsskulen gå til helse- og omsorgsarbeid.

• I 2035 må kvar 3. elev frå ungdomsskulen gå til helse- og omsorgsarbeid, om tenestetilbodet skal vere som i dag.

Dette er svært alarmerande tal. Befolkningsstruktur og økonomi kjem ikkje til å gå i hop om denne utviklinga får fortsette. Det er nett det utviklinga viser. Alt no kostar det mykje å bruke vegane våre. Rekningane for vanlege folk kjem også til slutt til næringslivet.

Nytt næringsliv vil ikkje kunne utvikle seg. Vi vil kanskje svært snart sitje tilbake med eit byråkratisk system som må tenkje ut nye måtar til å «klippe» oss på. Snart tek dei nok «fjølene» frå huset ditt.

Vi som er pensjonistar i dag vil nok klare oss nokre år til. Kanskje er det for generasjonane etter oss at klokkene kjem til å ringe.

Petter K. UlvestadVatne

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.