Kronikkforfattar Helge Søvik.

Igjen blir det fremja vegkrav. Med rette. Frå Hornindal og Geiranger har det nær sagt i generasjonar blitt etterlyst betre vegstandard.

Mykje tyder på at det vil ta lang tid før der skjer utbetringar. Det finst ikkje prioriterte vedtak som kan gi von om positive resultat.

Den mest oppmuntrande utsegna for det aktuelle vegprosjektet i Sogn og Fjordane, har fylkesordføraren i Møre og Romsdal kome med.

Jon Aasen (Ap) meiner at når honndølane har slått seg saman med voldingane så vil fylkesveg 60 kome på dagsorden. «Det er snakk om realpolitikk. Vi har ikkje råd til å la vere. Vegen er i dag ein pest og ei plage», har fylkesordføraren slått fast overfor Sunnmørsposten.

Ingen asfalt til elendig eksportveg i Hornindal: Viktig veg smuldrar opp

110 telehiv

Mykje taler for at giftarmålet mellom dei to grannekommunane vil vere einaste løysinga.

Sogn og Fjordane har aldri vist vilje til å ta ansvar for ny veg gjennom Hornindal, same kor vel vitande fylkespolitikarane i sørfylket er og har vore i fleire år for at her trengst ny veg.

«Welcome to telehiv» heitte teksten på eit bilde i avisa Fjordingen. Ikkje lenge etter, på eit interkommunalt vegmøte i Hornindal i 2009, fortalde ein av sjøfør-veteranane i salen at etter at grusen vart erstatta med asfalt, vart resultatet 110 telehiv.

Det framleis svake vegdekket skaper betydelege problem for tungtrafikken, noko busselskap og næringsliv har peika på ved tallause høve.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Vårskred til hinder

Geiranger ynskjer ein fast – og sikker – dato for når høgfjellsvegen, som knyter seg saman med heilårsvegen mellom Stryn og Grotli (Strynefjellsvegen), kan opnast for sommartrafikk.

Kvar vår er frykta for at snøskred frå Stabrekka (også kalla Amtsfonna) skal velte over vegen ei vesentleg årsak til at trafikken ikkje slepp forbi.

Ingen ynskjer at sperrebommen skal bli fjerna før det er forsvarleg, derimot har det ofte vorte argumentert for ulike måtar å løyse problemet på. Det mest aktuelle synest å vere ein kort tunnel gjennom fjellet. Reiselivet på begge sidene av fjellet har etterlyst ei løysing.

Viktig for turismen

For Geiranger, turistmetropolen på Nordvestlandet, vil ein fast – og tidleg – opningsdato ha særs mykje å seie, men også for Ålesund og andre destinasjonar er fylkesveg 63 viktig for turisttrafikken.

Dessverre er det ingen ting som tyder på at her vil skje endringar i så måte. Vegen er ikkje prioritert, korkje frå Møre og Romsdal eller Oppland.

Også eit anna vegkrav har fått mykje omtale dei siste åra, nemleg ein ny Strynefjellsveg.

I argumentasjonen blir det bl.a. lagt vekt på ei heilårs vegløysing for Geiranger ved ei arm til Oplendskedal. Målet må her vere å unngå at «armen» kjem som byggesteg 2.

Entreprenørar ventar på arbeid: – Det er berre å starte vegbygginga

Heilårs arbeidsplassar

Ulike regjeringar har vist til verdien av å satse på reiselivet. Denne næringa er mellom dei høgst veksande i Norge, og framhevar seg kanskje spesielt med å gi arbeid til kvinner.

Eit mål med reiselivet slik rikspolitikarane ser det, er å legge vilkåra til rette for heilårs drift i distrikta i større skala enn til no.

Sett på bakgrunn av dette er det eit tankekors at viktige turistvegar som fylkesveg 63 i Geiranger og fylkesveg 60 i Hornindal ikkje har vorte prioritert for utbygging.

For Geiranger kan ein til overmål skilte med den prestisjetunge internasjonale Verdsarv-statusen, som staten ved Klima- og miljøverndepartementet i si tid stod som formell søkjar for.

Helge SøvikPensjonert redaktør

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.