Meir berekraftige helsetenester, heilskaplege pasientforløp, overføring av oppgåver frå spesialisthelsetenesta til kommunane, større vekt på folkehelse og pasientmedverknad er sentrale element i reforma.

Vi vil her sjå på to viktige område av reforma: Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald (ØHD) og pasientforløp i kommunane.

Øyeblikkeleg hjelp døgnopphald

Frå 2016 vart det lovfesta at alle kommunar skal ha tilbod om ØHD. Til no har målgruppa for tilbodet vore pasientar med somatiske lidingar som har hatt påtrengande behov for helsehjelp som ikkje har vore planlagt.

Frå 2017 skal tilbodet også inkludere personar med psykisk helse- og rusmiddelproblem.

Det kommunale tilbodet skal vere betre eller like godt som innlegging i sjukehus, og skal bidra til å redusere talet på øyeblikkeleg hjelp-innleggingar i spesialisthelsetenesta.

Ei evaluering frå Forskingsrådet syner at 70 % av kommunane i Norge har valt ein modell med interkommunalt samarbeid for ØHD.

Etter samhandlingsreformen: Dobbelt så mange dør på sykehjem

Sunnmøre mot straumen

Vi har saman med kommunane studert helsepersonell sine erfaringar med ØHD og pasientforløp i seks kommunar på Søre Sunnmøre. Dei har valt å etablere ØHD i eigne sjukeheimar for å styrke kompetansen i kommunane.

Avdelingssjef og kardiolog Torstein Hole ved sjukehuset i Ålesund har vært med på utredning om hjertebehandling i Helse Midt-Norge

I utgangspunktet skulle dette vere nesten umogeleg fordi desse kommunane berre har ein storleik på mellom 2000 og 10 000 innbyggjarar. Men studien synte at helsepersonellet formidla at ØHD var eit godt og pasientnært behandlingstilbod. Bruken av sengene har vore aukande.

Helsepersonellet uttrykte at ØHD i kommunane deira oppfyller viktige intensjonar i samhandlingsreforma med tanke på at pasientane skal få behandling lokalt og nær der dei bur.

Dette har særleg betyding for eldre som ofte opplever reise og miljøskifte som belastande.

Ein annan studie har undersøkt ØHD i kommunar utan interkommunalt samarbeid og ut frå eit innovasjonsperspektiv. Helsepersonellet gav her uttrykk for at det nye tilbodet hadde gitt ein etterlengta fleksibilitet i behandlinga og ei styrking av helsetenestene i kommunane.

Interkommunalt samarbeid på leiarnivå kan sjåast som eit innovativt grep på systemnivå som fører til at kvar kommune har greidd å gi eit tilbod i eigen kommune. Samhandling og tillit mellom lege og sjukepleiar, involvering av alle nivå i organisasjonen og god dialog med spesialisthelsetenesta synest å vere viktig for kvalitet i ØHD-tilbodet.

Det ser ut som om det nye tilbodet gir gode vilkår for brukarmedverknad og heilskaplege pasientforløp.

Pasientforløp

Samhandlingsreforma definerer pasientforløp som den «kronologiske kjeden av hendelser som utgjør pasientens møte med ulike deler av helse- og omsorgstjenestene».

I Meld. St. 26 blir brukar perspektivet tydeliggjort: «Gode pasientforløp er kjennetegnet ved at tjenestene tar utgangspunkt i brukerens mål for eget liv, oppsummert kunnskap om hvilke tiltak som har god effekt, og ved at tjenestene gis koordinert i en planlagt og mest mulig uavbrutt kjede».

Pasientforløpa er blitt kritiserte for å vere fragmenterte og mangle kontinuitet. Helsepersonell i kommunar på Sunnmøre erfarer det motsette fordi dei gir heilskaplege og individuelt tilrettelagde pasientforløp. Særleg gjeld dette ved lindrande behandling.

God dialog med kreftavdelinga og palliativt team vart framheva som særleg viktig for å få til gode lindrande pasientforløp. Lokalt tilpassa forløp vart også vurdert som vesentleg. Helsepersonellet erfarte dei diagnosebaserte forløpa som lite høvelege i kommunehelsetenesta. Dei erfarte også at ØHD i eigne kommunar gav heilskaplege pasientforløp.

Men eit generelt funn er at det er behov for å styrke overgangane mellom spesialist- og kommunehelsetenesta.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Utvikling av helsetenestene

Bykommunar i Møre og Romsdal har valt andre modellar for ØHD enn kommunane på Søre Sunnmøre. Til dømes starta Ålesund opp ei avdeling for ØHD i samarbeid med Sula, Haram, Skodje, Ørskog, Vestnes, Norddal og Stordal i april 2017. Avdelinga har 12 sengeplassar.

Også Molde og Kristiansund har valt modellar med interkommunalt samarbeid. Kva erfaringar desse byane har med sine tilbod er førebels eit ubesvart spørsmål som det vil vere viktig å ha kunnskap om når framtidige helsetenester skal meislast ut.

Brukaren si stemme

I dei seinare åra har brukarane fått ei sterkare stemme i helsesektoren. Ein studie frå 2010 synte at pasientar i låg grad deltok i utarbeiding av kliniske retningsliner i Norge. Utvikling av retningsliner inkluderte verken pasientar sine synspunkt ved litteratursøk eller systematisk innsamling av informasjon.

Knappe ressursar vil i framtida krevje vanskelege prioriteringar der etikk og verdiar må kome tydleg til syne. I prioriteringsdebattar er det viktig at brukarane får innsyn og blir lytta til. Det er ikkje alltid samsvar mellom den «beste» behandlinga og pasienten sine ønske.

Også i helseforsking er det krav om brukarmedverknad. På dette feltet er det laga nasjonale retningsliner og ein regional rettleiar for Helse Midt-Norge for korleis dette skal gjennomførast.

Brukarane skal ikkje berre forskast på, men ha ei aktiv rolle i forskingsprosessen. I den framtidige utviklinga av helsetenestene vil det vere viktig at brukarane blir involverte på mange plan, både med tanke på kvalitet på tenestene og når det gjeld prioriteringar.

Torstein HoleForskar på NTNU og Helse Møre og Romsdal HF

Marit KvangarsnesProfessor NTNU

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.