Helge Søvik, Stranda. Foto: Staale Wattø

Til no har fleirtalet av turistar kome frå Europa, men venteleg vil trafikken auke frå Russland og fjerne land som Kina, Japan og USA. Kanskje tar vi ikkje mykje feil om vi nemner også India.

«Alle» skal dit

I nyare tid har landet kome med i den internasjonale flokken av eksklusive reisemål. Dette har ført til at fleire har oppnådd verdsarvstatus, noko som har gitt vekst i talet på turistar. Ein av dei store attraksjonane – og truleg den største – er Geirangerfjorden. Bygda Geiranger, inst i den verdskjende fjordarmen, har fått sin del av auken, og føler, med rette, behov for eit sterkare engasjement frå det offentlege for å kunne yte ein best mogleg service for turistane. Andre destinasjonar føler det same.

Såleis er det heva over tvil at destinasjonen blir brukt nasjonalt for å trekke turistar til distriktet og jamvel landet. Og turistane let seg imponere. Mindre begeistra blir dei ikkje over det storfelte scenariet dei møter, anten dei kjem landevegen eller sjøvegen. I nokre veker på høgste sommaren kan tilstrøyminga også vere eit problem. Slik har det vore, slik er det, og slik vil det venteleg vere i åra som kjem. «Alle» skal dit. Dei blir ikkje skuffa når dei har kome hit.

Parkering, toalett og aktivitetstilbod

Problem, ikkje berre for Geiranger. Så kjem spørsmålet: Korleis skal Geiranger, for framleis å halde oss til turistbygda, takle det kaoset som oppstår «når alle kjem på ein gong». Meir enn 700.000 turistar på ein sommar, blir det sagt. Geiranger har bygd opp ein kapasitet på overnattigssida som kan ta hand om dei som vil overnatte. Verre er det med omsyn til den infrastrukturen, som det så presist heiter, som trengst. Nøkkelord er mangel på parkeringsplass for personbilar, campingbilar og bussar som har kome hit og som skal vere her, helst lengst mogleg. Problemet blir gjerne det ein kallar kaotiske tilstandar. Vi kan og nemne toalettforhold av meir moderne standard enn tilfellet er.

Kven skal ta ansvar?

Og så melder spørsmålet seg: Kven skal ta ansvar for å løyse den floken som har oppstått? Bygda har ikkje ressursar til å gjere det, heller ikkje Stranda kommune, som rett nok har gjort ein del, men som ikkje har økonomisk berekraft til å løyse dei investeringar som trengst. Kva med fylket og staten? Alle tre – kommunen, fylket og staten – klarte med stor entusiasme å jobbe fram Geirangerfjorden med omland til eit verdsarv-prosjekt, som Unesco gav eit jublande ja til. Det har Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, som den andre parten i den høgt hengande verdsarvstatusen, hausta gode av. Mange har fått auga opp for den kvaliteten dei representerer. Andre vil fylgje etter.

Årsaka har fleire talspersonar vore inne på den siste tida.

No strekker vi oss lenger enn til Geiranger. For å starte med Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda kommune. Han poengterer at staten må ta sin del av ansvaret for å utbetre dei trafikale problema i Geiranger, og minner om den status bygda har fått, og som han er stolt over. Dette er eit kvalitetsmerke som nasjonen må dele med kommunen – også økonomisk. Tryggestad, som fleire andre, ser ikkje bort frå at det forslaget som har vore lansert, om å innføre ein såkalla turistskatt, kan vere ei løysing.

Turistskatt?

Turistskatt eller ikkje; det finst både eit ja og eit nei til akkurat det. Sikkert også eit kanskje. Sunnmørsposten skriv på leiarplass: «Det bør truleg vere opp til kommunane om dei vil innføre ein slik skatt, men systemet og nivået må vere likt over heile landet».

Ordførar Tryggestad har eit ord med i laget også på dette punktet: Om det blir innført ein eigen turistskatt må det vere ein klar føresetnad at pengane blir brukt til å legge til rette for turistane», hevdar han.

Debatt, nasjonalt og lokalt. Heva over tvil vil eg, som mi personlege antyding, hevde at det neppe vil kome på tale å innføre ein turistskatt for berre ein kommune eller ein turiststad aleine. For å finne ei god og sikker løysing på dette ikkje enkle spørsmålet, trengst det ein grundig debatt nasjonalt, men også lokalt.