Kronikkforfatter Berit Moltu, PhD NTNU

Med Knausgård som kurator får Munchmuseet eit eige kunstverk signert Karl Ove Knausgård, samt søking og refleksjon rundt kunstnarleg kvalitet. I den ambisiøse søkinga ser vi og Knausgård.

Å kuratere er å skape på nytt, skape vidare. Leite og finne eller sjå og formidle det du ser. Gjennom å sjå, seier du og noko om kva som er viktig for deg og di eiga historie, og erfaring blir og ein del av kunstverket. I denne skapinga kan du seie det du ikkje kan seie i ord. Å vere open for kunstverk som Knausgårds er, gjer at han ser og vert ein god kurator. Kunstnaren Knausgård sin sensitivitet gjer det han ser interessant.

Valfartar til museet

Og Munchmuseet har gjort det igjen, forstått at det ikkje berre er kunstverka i seg sjølv, men alt institusjonen greier å skape rundt av relasjonar, merksemd, aktivitet, arrangement som er viktig, og bidreg til å gjenskape Munch på nytt og på nytt.

På denne måten vert Munch levande igjen for nye grupper og vi ser stadig nye sider ved Munch. Munch vert berre større og større. Og folk valfartar til Munchmuseet.

Essens

Knausgård vel å starte utstillinga med eit av Munchs ikoniske motiv «Solen», som Munch malte etter ei livskrise. Med sola tek alt til på nytt, verda opnar seg etter mørke. «Lys og Landskap» er ein optimistisk, håpefull inngang til eit kunstnarskap, eit liv etter ei livskrise og sjukdom.

Sjølv om Munch var ein god teiknar og kunne teknikkane til det perfekte, var Munch oppteken av essensen, ikkje teknisk kvalitet. I tresnitta fekk han fram det skisseaktige, det rå. I denne prosessen er vegen frå tanke til uttrykk kort. Tresnittet «Mot skogen» frå 1897 syner eit par i tett omfamning, er valt som hovudmotiv for utstillinga «Mot skogen». Det er noko skjørt og sårbart i paret som støtter kvarandre og går mot skogen. Mot fridom? Han påkledd og ho naken som om han kan ikkje kome heilt nær.

Det er ei viss sorg og melankoli i vandringa, men ingen avgrunn. Som dei skjebnesvangre skritta og vala vi tek som vert livet vårt, sjølv om vi ikkje alltid forstår det medan vi går, medan vi tek vala.

Det skjer-kalenderen: Få med deg det som skjer i kulturlivet på Nordvestlandet

«Kaos og kraft»

Denne delen av utstillinga, «Kaos og kraft» er kanskje den mest spennande. Her vert eit etter kvart mykje omtalt måleri som ikkje har vore vist på over 100 år løfta fram, «Blodfossen» (1915). Dei forenkla strekane i raudt, grønt og svart minner om japansk kunst, og har tidlegare vore lese som blodsutgytinga i 2. verdskrig.

Knausgård les motivet som eit kvinnekjød der det renn blod ut. (Eit motiv Håkon Bleken også har malt i sin Hedda Gabler serie). Det både fråstøytande, ureine og tabubelagde og samstundes tiltrekkande, livgivande, fruktbare. Det tangerer eit velkjent tema hos Munch, hans ambivalente forhold til kvinner, seksualitet, død og undergang.

Augneblinkar i livet

Ein del av utstillinga er ein serie portrett som Munch har malt kalla «Dei andre». Her syner han korleis kunstnaren har teke på seg å formidle det menneskelege, ufullkome med alle sine manglar. Han syner korleis Munch har sett dei alle rundt seg, han syner kor open Munch var mot andre menneske og deira særtrekk.

Til dømes trekker han fram eit portrett av Åse Nørregård (1902), ei venninne og kunstar i kretsen rundt Munch, der ho står i sin blå kjole, med sine mørke flettekrans rundt hovudet (til forveksling lik ei viss svensk forfattarinne).

Knausgård løftar fram kor vakker og levande ho er portrettert, og at målaren malte kven ho var for han, at han må ha elska henne. Munch forløyste det han følte, ikkje berre det han såg i portretta, og her ligg det sanne i eit bilete. Han syner og kor godt Munch fangar ein augneblink, ein relasjon og ein kontekst. For som han seier «det er i den andres ansikt vi lever, ikkje i vårt eige, det ser vi ikkje». Dei augneblinkar i livet der nokon opplever dei elskar deg, dei ser du kanskje ikkje.

Kunstverka står fram utan støttetekst på veggen, heller ikkje tittel eller år er markert, berre kunstverket i seg sjølv heilt nakent og rått. Grepet speglar av nok Knausgård sitt kunstsyn om at hovudfokuset er på kva kunstverket gjer med deg, kva det set i gang hos deg, jamfør eit av hans første møte med Munch i Bergen Kunstmuseum, der «Snølandskap frå Thuringen» får han til å kjenne på den einsemda, den eksistensielle einsemda ein kan bokstaveleg kjenne som nittenårig, ny student i ein framand by. Dette er ein ambisiøs og krevjande posisjon, som set store krav til publikum om å vere open for kunst og det verket måtte sette i gang av reaksjonar.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Indre liv

Munch slik vi kjenner han best, er meisteren som gestaltar det indre liv som «Melankloli», «Sjalusi», «Skrik! Han malar sine kjensler. Men Munch malar òg mange harmonisk vakre bilete, td menneske som arbeider i åkeren, i solfylte hagar, med lys og begjær utan spor av traume, som kvardagslivet saman med barn og den glede og humor det kan gi, der ein gløymer seg sjølv som i verket «Badende gutter» frå 1897. Å vere kunstnar kan på mange måtar vere å vende seg vekk frå livet.

Munch melde seg på mange vis bort frå livet forståeleg nok etter så mange tap i ung alder.

Knausgård peikar på Munch som betraktaren som ser, men som ikkje er i biletet, som ikkje er ein del av fellesskapet. Gjennom målinga, vert lengselen etter å vere ein del av dette livet tilfredsstilt.

Kva kunst er

«Mot skogen» er kanskje utstillinga sin mest krevjande del, men og kanskje den mest ukjende og nye sida av Munchs kunstnarskap. Bileta av almetrea på Eikely som Munch malte i siste del av sitt liv, der alt menneskeleg er fråverande, bilete som ikkje er lada med noko. Er dette god kunst?

Eit av dei siste bileta til Munch er ein husmalar som står i ein stige og malar eit hus. Knausgård undrar seg over at ein malar med 64 års erfaring og som kunne skape meisterverk, kunne male dette.

Var det dit Munch ville, berre beskrive essensen av den vesle scena? Her er ingenting av Munchs indre som pressar seg på. Kva er skilnaden på Munch og husmålaren, begge malar?

Kanskje er det meisteren sin sjølvrefleksive kommentar om at han er ferdig som malar, han har ikkje meir på hjartet? Han vil berre vere og male? Male det som er rundt seg, det han ser, ikkje ulikt deler av Knausgård sitt Haust, Vinter, Vår, Sommar prosjekt.

Knausgård seier oss i dette prosjektet om Munch mykje om kva kunst er, kan vere, og gir oss innsikt i den kunstnarlege skapingsprosessen, om vi er lydhøyre nok.

Berit MoltuPhD frå NTNU

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.