Bakgrunnen er ein kronikk av Gustav M. Flisnes der han etterlyser truverdig dokumentasjon om fordelane den nye ordninga med avfallshandtering skal ha.

- Dei over 30.000 abonnentane som må betale gildet fortener svar, skreiv Flisnes 12. september.

I kronikken skriv han at politikarane i Ålesund kommune vel ei løysing for matavfall som ifølgje dei opplysningar han har funne openbert må bli eit prosjekt der både kommune og abonnentar taper millionar, og dertil betydelege tap av energi og også av miljø.

Les kronikken: "Matavfall og biogass - et tapsprosjekt"

Saknar svar

Den 5. oktober skreiv Oddgeir Løken frå Ålesund eit lesarinnlegg i Sunnmørsposten der han etterlyste svar fra Årim på spørsmåla fra Flisnes.

- Om det faktisk er slik Gustav Flisnes hevdar, nemleg at løysinga er dårleg både for Ålesund kommune, abonnentane og miljøet, da er heile saka ei skandale, som aldri burde vore vedteken politisk, skriv Løken.

- Direkte feil

Dagleg leiar Øystein Peder Solevåg i Årim seier til Sunnmørsposten at renovasjonsselskapet har vore i ein "unntakstilstand" etter 19. september.

- Vi har hatt fullt fokus på å gjennomføre avfallshandteringa etter konkursen til RenoNorden, tatt over 35 tilsette og 17 bilar. Difor har vi ikkje hatt tid til å fokusere på sosiale medium og media generelt, seier Solevåg til Sunnmørsposten.

Men i ein ny kronikk kjem han med tilsvar og forklarar den nye kjeldesorteringsløysinga på Sunnmøre.

- Godt dokumentert

- Om eg skal forklare miljønytten svært forenkla, så bruker vi ressursar på å hente, frakte og behandle avfallet. Men vi tar betre vare på ressursane ved å lage miljøvenleg biogass som erstattar diesel, og biogjødsel som erstattar kunstgjødsel. Desse gevinstane er godt dokumenterte, blant anna av Østfoldforskning, seier Solevåg.

Miljøgevinsten er hovudgrunnen til at politikarane i Ålesundregionen vedtok ny avfallsstrategi for hundre tusen innbyggjarar, skriv han.

- Sortering av mat gjer at vi får meir ressursar ut av avfallet og vi lar ikkje viktige ressursar gå til spille. Vi er blant dei siste som skal starte matsortering, storparten av landet har gjort dette i årevis.

Vi forstår at det blir ein overgang i starten, og at det er litt å setje seg inn i. Årim arbeider med å informere godt i forkant, slik at folk blir kjent med kva løysingar vi har for å leggje til rette for meir sortering.

Informasjon

Til Sunnmørsposten seier Solevåg at dei nyleg under eit besøk på Giske såg raskt at ein firemannsbolig som i dag har åtte dunkar fint greier seg med fire litt større med den nye ordninga.

- Vi vil bruke 2018 til å reise rundt og snakke med sameiger og burettslag for å finne fornuftige løysingar, seier han.

Øystein Peder Solevåg er dagleg leiar i Årim. Foto: Kristin Støylen