New public management

«Frå folkestyre til forvaltningsstyre»

Byråkrati: Ein av konsekvensane av New publik management er sterk vekst i byråkratiet, særleg av planleggarar og slike som utarbeidar styringsdokument for politikarane. På kommune-nivå er dette ein modell som er særleg tilrettelagd for dei store kommunane, og kronikkforfattaren meiner at kommunereforma er ei reform som skal gjere denne modellen gjeldande over alt – utan at det gir betre tenester eller økonomi. Foto: Staale Wattø 

I praksis har politikarane langt på veg gitt frå seg styringa med det offentlege tenestetilbodet og overlate det til forvaltninga

Karl J. Skårbrevik
Kronikk

Kronikkforfatter Karl Johan Skårbrevik. 

Det offentlege skulle no styrast på same måte som større aksjeselskap i næringslivet. Som i desse skulle det skiljast mellom eigarskap representert ved politikarane, og drift representert ved forvaltninga.

Politikarane skulle ta seg av strategi, målsettingar og tilhøyrande politisk retorikk, og forvaltninga omsette den politiske retorikken til praktisk politikk. I næringslivet er det ein organisasjonsmodell som skal maksimere profitten for eigarane.

I offentleg forvaltning ein modell for å få mest moglege tenester for minst mogleg pengar. I næringslivet ligg innteninga ute i dei ulike produksjonseiningane. I det offentlege ligg innsparingane ute hos dei einingane som leverer tenester til innbyggjarane. Hos er skular, helseinstitusjonar og andre tenesteytande «verksemder» som må ta støyten når det skal effektiviserast og sparast.

Fristilling av tenesteområde

På statleg nivå fekk ein direktorat for ulike tenester som staten skal yte, skilt frå dei politiske departementa, og langt unna det politiske Stortinget. Direktorata delegerte vidare til regionale avdelingar eller føretak.

I kommunane er dei skulestyra, helse- og sosialstyra og andre politisk samansette styrer for kommunale tenester borte. Det faglege og økonomiske ansvaret er delegert til den enkelte skule, sjukeheim eller andre kommunale ansvarsområde, og som er direkte underlagt rådmannen.

Etter denne administrative tenkjemåten er dette «verksemder» som kommunen bestiller tenester frå som og skal leverast innanfor ei viss budsjettramme. Ved dette legg modellen til rette for fristilling av ulike tenesteområde.

Vi har fått offentlege aksjeselskap med eigne styre som vesentleg grad kan operere uavhengig av politiske organ, eller ein kan overlate levering av tenestene til private selskap. Ofte etter ein anbodsrunde.

Sentralt i kommunereforma

Styringsinstrumentet for politikarane i denne forvaltningsmodellen er utgreiingar, planar og rapportar utarbeidd av forvaltninga. Til dette trengst konsulentar og rådgjevarar av alle slag som fôrar politikarane med eit utal slike styringsdokument.

Politikarane skal gi premissane for desse utgreiingane, og så skal forvaltninga trekke konklusjonane. «New public management» er ein styringsmodell henta frå store aksjeselskap, og passar også berre for store kommunar som har ressursar og kompetanse til å lage omfattande styringsdokument for politikarane.

Det er eit sentralt moment i den pågåande kommunereforma. Kommunane må vere så store at dei kan halde seg med ei forvaltning som kan utarbeide dei styringsdokumenta som denne modellen krev. I realiteten er kommunereforma ei reform som skal tilpassast ein gitt forvaltningsmodell.

Dårlegare innsyn

I små kommunar har politikarane ein sjanse til å ha konkret innsyn i dei tenestene som blir levert og eventuelle manglar ved desse.

I større kommunar blir dei avhengig av å styre på bakgrunn av dei dokumenta frå forvaltninga, og med små sjansar for å skaffe seg personleg innsyn i aktuelle problem.

Og dokument blir det så mykje av at det neppe er nokon politikarar som har tid til å lese dei.

Når dei prøver med eigne politiske initiativ så skjer dette berre når pressgrupper eller at media kjem med avsløringar eller at ein vil profilere seg med meir eller mindre gjennomtenkte symbolsaker.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Formalisert maktoverføring

Det er ikkje noko nytt at forvaltninga har stor makt når det gjeld å sette politikk ut i livet.

Det nye med «New public management» er at dette er blitt formalisert.

Politikarane skal ikkje blande seg inn i den daglege drifta av statlege eller kommunale tilbod.

Dei skal berre halde seg til dei overordna måla og prinsippa, og til dei dokumenta dei får frå forvaltninga.

I praksis er dette blitt ei styrings- og rapporteringsform der budsjettstyring er den viktigaste oppgåva for leiarane ute i organisasjonen.

Ein må spare der ein kan. I tillegg til vedlikehald er utgiftene til lønn ligg mest lagleg til. Kan ein ikkje kutte ned på talet på tilsette, får ein tilsette så mange billige og ufaglærte som råd. I skulane satsar ein på ufaglærte assistentar i staden for spesialpedagogar i opplæring av funksjonshemma og i dei kommunale helsetenestene har vikarbyråa fått faste kundar. Kvaliteten på tenestene blir det lite snakk om. Og forfallet på alle kommunale bygg kan vi sjå kvar dag.

Byråkrativekst

Føremålet med «New public management» var å få ein meir effektiv og økonomisk offentleg sektor. Det er no meir enn 30 år sidan ein byrja med innføring av denne forvaltningsmodellen både på statleg og kommunalt nivå.

Og trass i at ein har skilt ut fleire verksemder i eigne selskap veks talet på tilsette i offentleg sektor. Veksten kjem i første rekke blant dei som utarbeider planar og rapportar og andre styringsdokument for politikarane, og ikkje blant dei som yter tenestene. Og når det skal sparast er det på dette teneste nivået det skal kuttast.

Forsikringar om at talet på byråkratar skal reduserast går att i alle valkampar. Når dette ikkje skjer er det fordi politikarane har gjort seg avhengig av ein forvaltningsmodell som har gjort dei hjelpelause utan byråkratane som kan lage planar, rapportar og andre styringsdokument for dei.

Les flere kronikker på smp.no!

Taper styring

I praksis har politikarane langt på veg gitt frå seg styringa med det offentlege tenestetilbodet og overlate det til forvaltninga.

Etter meir enn 30 år med denne forvaltningsmodellen på ulike område, og utan at dette har ført til ein meir effektiv offentleg sektor, burde ein sjå på om denne «aksjeselskapsmodellen» er den rette for offentleg sektor.

I staden køyrer ein berre vidare med ei kommunereform som skal gjere denne forvaltningsmodellen gjeldande over alt. Det gir korkje betre kvalitet eller betre økonomi i dei offentlege tenestene.

Karl J. Skårbrevik
Tidl. rektor, Høgskolen i Ålesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.