Tilgjengeleg og kompetent hjelp

Også i vårt fylke er det mange barn som blir utsett for omsorgssvikt og mishandling. Slike vanskar oppstår når som helst. Både barna sjølve og dei vaksne rundt barna skal difor ha nokon å søke hjelp hos til ei kvar tid. Slik er det ikkje i dag. Dei fleste kommunane i Møre og Romsdal har ordinær arbeidstid. Arbeidsdagen er slutt når kontoret stenger om ettermiddagen. Men vanskane i familiane tek ikkje slutt om kontora stenger.

Krav i barnevernslova

Barnevernslova krev at alle tenester i barnevernet skal vere forsvarlege. Tenestene må vera tilgjengelege til rett tid og ha tilstrekkeleg omfang – ja, dei må ha god kvalitet. Det er slått fast at alle kommunar må ha personell med barnevernsfagleg kompetanse som kan hjelpe barn i krisesituasjonar – også utanom vanleg kontortid.

Andre etatar som politi og legevakt har beredskap heile døgnet. Mange akuttsituasjonar i barnevernet krev eit tett samarbeid med slike hjelpeinstansar, men barnevernstenesta kan ikkje overlate ansvaret for dei barnevernsfaglege vurderingane til andre. Barn i krisesituasjonar treng først og fremst barnevernsfagleg hjelp og desse situasjonane må behandlast på rett måte så snart dei oppstår.

I mai 2017 vart det gjennomført ei nasjonal kartlegging av kor mange kommunar som har tilgjengelege barnevernstenester utanom kontortida. Det var berre 8 av kommunane i Møre og Romsdal som hadde ei formalisert ordning med barnevernsvakt og vi var eit av dei fylka som kom dårlegast ut i heile kartlegginga. Det kom også fram at det er store variasjonar i kvaliteten på dei ordningane som er etablert. Tida er difor inne for å sikre barnevernsvakt i alle kommunar i Møre og Romsdal

Etablering av barnevernsvakt

Vi veit at fleire kommunar i desse dagar er i gang med å planlegge etablering av barnevernsvakt. Barnevernsvakt kan organiserast på ulike måtar og kommunane må difor analysere sine eigne behov for å finne ut kva slags løysing som passar best. I dette arbeidet er det er viktig å avklare fleire viktige forhold som m.a.:

• Kva skal til for at barn i vår kommune kan få best mogleg hjelp i krisesituasjonar?

• Ligg det til rette for at fleire kommunar kan etablere barnevernsvakt i lag?

• Korleis sikre best mogleg samanheng mellom barnevernsvakta og den vanlege barnevernstenesta?

• Kva slags etablerte strukturar for samhandling med andre instansar bør vidareførast når vaktordninga blir etablert?

Støtte frå Fylkesmannen

Fylkesmannen ønskjer å vere ein aktiv pådrivar for at alle kommunar i Møre og Romsdal skal få ei formalisert ordning med barnevernsvakt i løpet av 2018 og vil nytte ulike verkemiddel for å støtte kommunane i gjennomføringa. Først og fremst ønskjer vi å prioritere midlar til prosjektskjønn til dette formålet.

Alle kommunane kan altså søke om prosjektsskjønnsmidlar til barnevernsvakt – både dei som skal starte opp nå og dei som ønskjer å utvikle ordningar som alt er etablerte. Etter 2018 skal alle barn i akutte krisesituasjonar i Møre og Romsdal ha tilgang til kompetente barnevernstenester heile døgnet alle dagar i året.

Vi oppfordrar difor alle kommunane om å søke prosjektskjønnsmidlar til barnevernevernsvakt i 2018.

Lodve SolholmFylkesmann i Møre og Romsdal

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Fylkesmann Lodve Solholm. Foto: Kjell Herskedal