Kronikk: Utdanning

Lærarar nok?

Det er semje om at alle elevar skal ha ein god skule.

Sentralisering: Professor Peder Haug ved Høgskulen i Volda meiner at nye krav til læraren og lærarutdanninga kan bidra til at vi får for få lærarar, og at dette også kan bli starten på ei ny, stor sentraliseringsbølgje med nedlegging av mindre skular. Arkivfoto: Staale Wattø  Foto: Staale Wattø

Inga anna utdanning og yrkesgruppe har offentleg fått så mykje og langvarig tyn som lærarane

Peder Haug

Peder Haug, professor i pedagogikk ved høgskulen i Volda.  Foto: Staale Wattø

Kronikk

Å få det til, er ei stor, mangfaldig og samansett utfordring som tek tid. Forskinga om skulekvalitet, er ganske tydeleg på at godt kompetente lærarar er det beste enkelttiltaket ein kan ty til for å nå dette målet.

Dei flinke lærarane får til mykje meir trivsel og læring for elevane, enn dei mindre flinke. I eit tiårig skuleløp kan forskjellane i læring mellom dei som har gode og mindre gode lærarar svare til fleire skuleår.

No står vi framfor ein periode med lærarmangel. Etter 2021 kan nasjonen mangle 10 000 lærarar. Det er om lag 15 prosent av dei vel 68 000 lærarane som er i grunnskulen. Om lærarmangelen råkar elevane prosentvis i same storleik, får fram mot 100 000 elevar ikkje kvalifiserte lærarar.

Årsaker til lærarmangelen

Det er mange årsaker til lærarmangelen. Det er døme på dårleg marknadsføring, på symbolpolitikk og på vedtak utan å ha vurdert konsekvensane nøye.

Ei forklaring som ingen kan gjere noko med no, er at fleire lærarar enn før kjem i pensjonsalderen.

Vi har rett nok visst det sidan 1970-talet, så noko stor overrasking er det ikkje.

Mange utdanna lærarar sluttar også i yrket. Opp mot 30 % av dei som har slik utdanning, gir seg etter kort tid. Forklaringa på det er nok mangfaldig, men folk forlèt vanlegvis ikkje eit yrke som gir dei mykje og som har godt omdømme.

Når dette store fråfallet er tema, svarar rikspolitikarane ofte at skule er eit kommunalt ansvar som dei ikkje kan legge seg bort i (sic).

Langvarig tyn

Utdanning er eit område som verkar som flugepapir på politikarane. Dei uttalar seg gjerne og ofte, utan at dei får med seg dei det gjeld, på laget. Det tener knappast hovudsaka, som er å rekruttere og utdanne motiverte og dugande ungdomar til læraryrket.

Då målingane av prestasjonane i skulen tok til å vise at norske elevar «berre» var middels på internasjonale prøver, sende politikarane ut ein kraftig kritikk av lærarane og lærarutdanninga. «Vi har gode lærarar, men dei kan bli betre» har lenge vore bodskapen, som ikkje er til å ta feil av.

Lærarane vart «årsaka», medan realiteten er at tilstandane i skulen er ein konsekvens av dei mange politiske vedtaka som skulane og lærarutdanninga har vore nøydde til å arbeide etter. Ingen sjølvkritikk har kome om det. Inga anna utdanning og yrkesgruppe har offentleg fått så mykje og langvarig tyn som lærarane og yrkesutdanninga deira.

Regjeringa har også vedteke nye kompetansekrav til lærarane. Dei slår inn i 2025. No manglar tusenvis av lærarar formell kompetanse i faga dei underviser i. Berre i Møre og Romsdal, gjeld det i dag over 1700 lærarar. Dersom dei ikkje skaffar seg denne kompetansen innan 2025, misser dei retten til å undervise i desse faga.

Det gjeld same kor erfarne og dyktige dei er. Det er utan tvil behov for nye kompetansekrav, men dei kunne ha vore innførte litt meir smidig.

Urimeleg tvang

Nyleg bestemte Stortinget utan føregåande drøfting og analyse, ein time fysisk fostring per dag i skulen. Aktiviteten skal gå føre seg i timane til skulefaga, mellom anna norsk, matematikk, engelsk, kunst og handverk osv. Intensjonane er gode, men det er uvisst om tiltaket er gjennomførleg. Lærarar opplever dette som ein urimeleg tvang, og det gjer ikkje læraryrket meir tiltrekkande.

Stortinget har vedteke ei lærarnorm som skal regulerer elev- og lærartettleiken på skulane. Også det utan grundig saksutgreiing. Det er ikkje dokumentert at vedtaket kan realiserast, heller ikkje om det får den påståtte verknaden. Dette åleine krev nesten 4000 nye lærarar.

Søkinga til lærarutdanninga er relativt stabil, men for låg. Fleire utdanningar klarer ikkje å fylle opp dei studieplassane dei har fått tildelt. Særleg manglar det studentar på utdanninga for klassestega 1- 7. Inntakskrava til lærarutdanninga har vorte strengare. No må søkjarane ha karakteren fire i matematikk, sjølv dei som ikkje skal studere matematikk eller som ikkje har ambisjonar om å undervise i faget.

Uviss master-effekt

Frå 2017 er utdanninga femårig og på mastergradsnivå, eitt år lenger enn før. I 2021 blir det difor ikkje utdanna ein einaste lærar frå dei etablerte lærarutdanningane. Fem år er lenge. Allmennlæraren, den som kunne undervise i alle faga, er på veg ut. At det måtte skje, var venta. Mange underviste i fag dei ikkje hadde utdanning i.

No får dei nye lærarane utdanning i langt færre fag enn før. Dei får med det også undervise i færre fag i skulen. Om ei masterutdanning gir flinkare lærarar er også uvisst. I politikken blir ei betring slått fast som eit faktum. Å gjere ei vitskapleg gransking og dokumentere den i ei skriftleg mastergradsoppgåve, kan gjere lærarar betre i stand til å arbeide med barn og unge i skulen, men det er slett ikkje sikkert. Forskinga peikar på at det viktigaste tiltaket for å gjere lærarutdanninga betre, er å syte for at det blir meir direkte og kontinuerleg samspel og samband mellom dei teoretiske og dei praktiske delane av utdanninga.

Kva er følgjene?

Ein konsekvens av lærarmangelen, er at fleire elevar ikkje får optimale vilkår i skulen. Lærarmangelen og den smale faglege kompetansen til dei nye lærarane, kan i tillegg føre til skulesentralisering.

Når det er konkurranse om lærarane, vil dei kommunane og skulane som gir det beste tilbodet til dei rekruttere flest. Kommunane med dei beste vilkåra, vil vinne i den konkurransen. Små skular har ikkje undervisningstimar nok til å tilby fulle stillingar til lærarar med få fag.

Lærarar flest vil gjerne ha heil stilling, og gjerne på ein skule. Difor vil dei søkje seg til større skular som kan tilby nettopp mange timar i faga og fleire kollegaer å samarbeide med. Større skular, tyder som regel skulesentralisering, at dei mindre skulane blir lagde ned.

Det kan også tenkjast at denne konkurransen skaper ei auka interesse for å skipe privatskular som kan konkurrere med dei offentlege skulane om vilkåra for lærarane.

Det vi no er vitne til, kan med andre ord vere starten på ei stor og fram til i dag skjult sentraliseringsbølgje i norsk skule. Det kjem i tillegg til at skulekvaliteten går ned for dei som ikkje får kvalifiserte lærarar.