Sunnmørsposten hadde 5. april eit førstesideoppslag om at «NTNU dankar ut Volda».

Denne saka handlar om etter- og vidareutdanning av lærarar, men difor også om kva kompetansemiljø regionen ynskjer å ha i framtida. Og det regionale kompetansemiljøet på lærarutdanning finst berre i Volda.

Høgskulen i Volda har det einaste fagmiljøet innan lærarutdanning i Møre og Romsdal. Høgskulen har ca. 150 fagleg tilsette som arbeider inn mot dette feltet.

Etter- og vidareutdanning av lærarar er eit høgt prioritert felt, og er no i endring.

Vi har hatt sterk nasjonal styring gjennom nasjonale tildelingar der alle skular og kommunar skulle gjennom dei same utviklingstiltaka.

No kjem ei ny ordning som blir omtala som «Desentralisert ordning for kompetanseutvikling». Tiltaka skal no byggjast opp ut frå lokale/regionale analysar og vurderingar og har i 2017 og 2018 omfatta grunnskulane i fylket. Frå 2019 skal barnehagane inn i same ordninga. I neste omgang vil dette også gjelde vidaregåande skule. Regionalt samarbeid blir altså endå viktigare enn før.

Lærarutdanningane si rolle

I «Desentralisert ordning for kompetanseutvikling» har lærarutdanningsinstitusjonane fått ein viktig plass. Universitet og høgskuleinstitusjonar skal delta i planlegging og gjennomføring av dei ulike kompetansehevingstiltaka.

Kompetansehevingstiltaka skal både utvikle skule og barnehage – og også utvikle lærarutdanningane. I Møre og Romsdal samarbeider UH sektoren og regionane med Fylkesmannen for å finne gode modellar for dette samspelet. Utgangspunktet for Høgskulen i Volda er at vi ynskjer eit godt og dynamisk samarbeid med regionen vår.

På linje med regjeringa trur vi også at dette samarbeidet skal gje gevinst for alle partar. Det skal gje betre skule- og barnehagetilbod for barn og unge i fylket, og det skal føre til at vi utviklar betre lærarutdanningar ved Høgskulen i Volda.

Ikkje del av ny strategi

Det er viktig å presisere at vidareutdanning for lærarar ikkje er ein del av den nye kompetansestrategien, og vil framleis vere lærarutdanningsinstitusjonane sitt ansvar.

Den store nasjonale satsinga på vidareutdanning av lærarar «Kompetanse for Kvalitet» (KfK) vil også halde fram som før. Høgskulen i Volda har eit omfattande tilbod om vidareutdanningar på dei fleste fag i grunnskulen og 10 ulike tilbod innan Kompetanse for kvalitet.

Frå hausten 2017 vart det opna for ei ny løysing der ein regionalt kan samle seg rundt eit vidareutdanningstilbod i samarbeid med ein lærarutdanningsinstitusjon og få støtte til dette. I 2017 fekk Høgskulen i Volda eit konkret spørsmål om å starte eit studietilbod i norsk i Romsdal.

Vi måtte seie dessverre seie nei til dette på grunn av ein spesielt vanskeleg personalsituasjon akkurat då. Vi var i positiv dialog med Nordre Sunnmøre om eit tilsvarande tilbod i engelsk.

Må ha dialog

Ein journalist frå Sunnmørsposten kontakta oss i byrjinga av førre veke og fortalde oss at NTNU i Trondheim skulle gjennomføre regionale KfK tilbod i tre sentrale skulefag i regionen vår. Dette er studie som er i direkte konkurranse med Volda sine tilbod.

Det hadde også vore fullt mogeleg for oss å gått inn i samarbeid om regionale løysingar på desse faga dersom vi hadde blitt spurd, og vi ønskjer naturlegvis å gjere det også i framtida. Men då må vi ha dialog.

Kontakt mellom lærarar i praksisfeltet og utbygging av vidareutdanningar vil klart styrke Høgskulen i Volda som lærarutdanningsinstitusjon og styrke kvaliteten på grunnutdanningane våre. Motsett blir det eit tap for oss og for regionen om aktørar utanfor regionen får slike oppdrag.

Skjebnefellesskap

Lærarutdanningane i Volda og praksisfeltet i regionen er dermed gjensidig avhengig av kvarandre – vi er i eit skjebnefellesskap.

Høgskulen i Volda utdannar kvart år nye kull med barnehagelærarar, grunnskulelærarar og lærarar gjennom praktisk pedagogisk utdanning (PPU). Dette er avgjerande for rekruttering av fagfolk til skule og barnehage i fylket.

Vi i Volda ønskjer å utdanne best mogleg lærarar, og må då ha eit best mogleg fagtilbod og fagmiljø.

Å nytte NTNU i Trondheim til vidareutdanning av lærarar på område som Volda kan dekke like godt, er lite strategisk, og vil på sikt undergrave lærarutdanningsmiljøet i fylket vårt. Det er ikkje regionen vår tent med.

Dette betyr slett ikkje at all vidareutdanning berre skal skje i Volda eller at Høgskulen i Volda skal ha einerett på å gje innspel til skule- og barnehagesektoren i fylket.

Vi har lagt ei rekkje kurs, samlingar og faglege møte til mange andre plassar i fylket – ikkje minst til Ålesund. Til dømes skal vi i neste veke vere med på å arrangere ei skuleleiarsamling i Ålesund med ca. 200 deltakarar.

Saman må vi utvikle nettverka våre både nasjonalt og internasjonalt slik at vi kan skaffe gode krefter som kan inspirere oss. Men eg oppfordrar aktørane i regionen til å gjere medvitne val og minne kvarandre på at vi som høgskule og aktørane i praksisfeltet kan legge dette skjebnefellesskapet mellom region og Høgskulen i Volda til grunn for samarbeidet i åra framover.

Arne MyklebustDekan, avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.