Historiske utstillingar får sjeldan tilbakemeldingar av det slaget som Hege Rudi Standal gjev i Sunnmørsposten 12. april, der ho reflekterer over utstillingane på Jugendstilsenteret (JS).

Slikt er interessant og nyttig for oss som driv med historieformidling. Sidan det aldri har vore nokon reportasje frå utstillingane på JS, kan det vere verdfullt, både for samtida og ettertida, å få innblikk i noko av arbeidet og tankane bak JS og utstillingane.

Eg leia dokumentasjonssenteret ved JS frå 2001 til 2010 og var med å skape utstillingane Standal omtalar.

Ein gjennomgang

No er mykje av den indre samanhengen tapt, men då senteret opna i juni 2003 var strukturen slik: Jugendstilsenteret heldt til i eit av dei få husa i Ålesund som – også internasjonalt – tel som klassisk jugendstil. I første etasje skulle ein bli kjend med det som hende i Ålesund gjennom ei «tidsmaskin». I underetasjen presenterte vi dei som praktisk skapte slike hus, og som jugendstilarkitekturen i særleg grad er avhengig av, handverkarane.

Muren midt i rommet vart utført av to røynde murarar. Andre etasje, som har ein intakt hall/røykerom og ei spisestove teikna av arkitekten, skulle presentere noko av det mangfaldet av uttrykk som prega denne korte tida frå slutten av 1800-talet og til første verdskrigen. Her er det plakatkunst, tekstil, reklame, bokkunst, omnar, keramikk, møblar, glas og smykke. I eit eige rom gjekk ein nyskapande film som viste rikdomen i jugendstilen over heile Europa.

I same rommet hang det små lysande samtidsskulpturar med naturelement. Tre rom i andre etasje var sette av til skiftande utstillingar. I øvste etasje var det kontor og spiserom og dokumentasjonssenter (arkiv og bibliotek). Biblioteket vart medvite lagt til det vakraste rommet, for det skulle vere for publikum.

Ikkje eit bymuseum

Til det første er å seia at Jugendstilsenteret aldri var meint å vere eit museum om byen og folket i Ålesund. Dette er det utmerka bymuseet si oppgåve. Jugendstilsenteret skulle vere eit nasjonalt senter for jugendstilen / art nouveau.

Senteret vart lagt til Ålesund på grunn av den byen som vart bygd opp att etter bybrannen i 1904. Utstillingane skulle vere ein presentasjon av stilen nasjonalt og samanlikne med det som skjedde elles i Europa på same tid. Dette skulle vere grunnlaget for vidare kulturhistorisk og kulturminnefagleg arbeid med å take vare på stilarten i Noreg, då særleg i arkitekturen.

Privilegerte menn og karikerte kvinner?

Då vi starta arbeidet i 2001 skulle vi bygge ein institusjon frå grunnen på to år. Det var utruleg kjekt og det var svært krevjande. Huset skulle setjast i stand. Dyktige handverkarar restaurerte spisestova og apoteket, og ved hjelp av Stiftelsen Kjell Holm og Stephan Tschudi Madsen vart dei originale møblane i stova kjøpte.

Andre viktige gjenstandar til utstillingane vart funne fram til, kjøpt eller lånt. I Sunnmørsposten fekk vi i vekevis skrive om ulike emne som hadde med stilen å gjere, og be om hjelp frå publikum. Her etterlyste vi særleg kjelder og gjenstandar som hadde med kvinner, arbeidsfolk og kvardagsliv å gjere. I tillegg var det innslag på radio og fjernsyn, vi tråla lokale og nasjonale arkiv, bibliotek og minnesamlingar, leita gjennom tallause bokverk og kontakta svært mange privatpersonar.

Vi fann til dømes ikkje meir enn eit par skriftlege skildringar frå dei mange arbeidsfolka som var i Ålesund frå 1904 til 1907 og ikkje brev eller dagbøker frå nokon av arkitektane. Foto frå interiøret i dei nybygde husa finst det svært få av.

Ein historikar er ikkje romanforfattar, ho er avhengig av kjelder og ho må halde seg til sanning. Som Standal skriv var arkitektane og handverkarane og – vil eg leggje til – dei jamne bygningsarbeidarane, menn. Men at utstillingane skal handle om dei privilegerte mellom dei, vil eg avvise fullstendig.

Kva er privilegert med dei to svenske steinhoggarane som hadde vore rallarar sidan konfirmasjonen? Eller den danske muraren som reiste land og strand rundt i Noreg på ulike oppdrag?

Når det gjeld dei to programma i tidsmaskina er Standal si attgjeving endå meir forteikna. Her fortel menn og kvinner, høg og låg, med ulike språk og dialektar. Ei jente fortel om byen før brannen.

Ein arbeidslaus ung mann fortel om den iskalde vandringa gjennom landet frå Oslo til Ålesund. Ei eldre kvinne tek farvel med huset sitt før ho må flykte unna brannen.

Arbeidarar streikar, ei dansk kvinne fortel om tilhøva under oppattbygginga.

I Frankrike samlar Sarah Bernhardt og Loie Fuller inn pengar til Ålesund. Det ville vere historieforfalsking å ikkje ha med den forterpa Keisar Wilhelm II. At det òg var komiske innslag under brannen, er noko som kjeldene ofte fortel om.

Alle utsegnene i filmane er originale og alle menneska i utstillingar og filmar er historiske personar.

Tolking basert på kjelder

Historieformidling er alltid ei tolking. Men ein kan ikkje ta ei tolking ut av lufta. Ho må vere basert på kjelder og vere rimeleg. Det same gjeld for dei som tek på seg å tolke andre sitt arbeid. Eg synest ikkje at Standals tolking er rimeleg.

Til slutt: Direktør og to tilsette ved Kulturkvartalet svara 26. april òg på Standal sin kritikk. Ingen av dei er historikarar. Eg har full forståing for at dei ynskjer seg fornying av dei faste utstillingane, som no har stått i 15 år.

Men at dei vel å småminke andre sitt arbeid og sin eigen institusjon ved å forsterke Standal sin kritikk med å kalle innhaldet i programma for «datert» for vidare å gå med på Standal sin påstand om at utstillingane karikerer kvinner, står dei ikkje til ære.

Aud FarstadHistorikar, Ålesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Aud Farstad. Foto: Pressefoto.