Det kan godt hende dei har rett, dei som hevdar at Hans Nielsen Hauge si åtvaring mot lauslivnad og gjerandsløyse har noko med den tidlege næringsutviklinga på Sunnmøre å gjere. At protestantisk nøysemd og pliktetikk er eit tildriv til slik utvikling. Men Hauge-vekkinga slo ned også i andre delar av landet, utan at det resulterte i eit lokalt Wirtschaftswunder slik det gjorde på Sunnmøre.

Så det må vere noko i tillegg til pietismen. Og kva er det? Ja, ein oversett faktor også på dette feltet er naturlegvis den reine griseflaksen. Rolv Rørhus viser oss dette i ein kronikk i Sunnmørsposten (24.05.2017). Rørhus refererer bankmannen og politikaren Leiv Grønnevet som hevdar at «vi var heldige her på våre kantar at fisken forsvann frå fjordane våre».

Når Rørhus undrar på kva han meiner med dette, legg Grønnevet til: «Sjå deg rundt og sjå kva næringsutvikling dei har hatt der fisken framleis kjem inn i fjordane rundt dei».

Grønnevet viser til skilnaden i utvikling mellom kystfiskarar og havfiskarar. Og til nærskylde næringar. På Sunnmøre måtte vi ut på havet og til fjerne kystar for å fiske. Dermed vart det utvikla ein havfiskeflåte. Og ein verftsindustri. Osv. osv.

Finnøy Motorfabrikk

Men sunnmøringane etablerte seg tungt også i møbel og konfeksjon. Der må forklaringa vere ei anna. Ja, opplagt, og Rørhus viser oss strukturar som har relevans for fleire bransjar. I kronikken sin fortel Rørhus om Nils N. Finnøy som dreiv mekanisk verkstad på Finnøya og som utvikla m.a. eit handspel for inndraging av reiskap.

Det spesielle med Finnøy, fortel Rørhus, var at når tilsette hadde arbeidd ei stund ved Nils N. Finnøy Motorfabrikk, sende sjefen dei heim att med beskjed om at dei var utlærte og burde starte for seg sjølve. Fleire bedrifter kom i gang på denne måten: Brødr. Brunvoll i Molde, Håhjem Mek. Verksted på Vigra, Hydraulik i Brattvåg, Hjelset Motorfabrikk i Ålesund og Volda Mek. Verksted.

Korgmøblar

Samfunnsstrukturen

Men slik initiativa i møbelbransjen spreidde seg, slik utvikla også havfiskeflåten på Vartdal seg. Nokre unge menn gjekk saman og skipa partsreiarlag. Det ville grannegutane også prøve, og Vartdal vart ei av dei fremste bygdene i landet på fiske og fangst.

Kvifor skjedde denne utviklinga på Sunnmøre og i mindre grad andre stader? Er sunnmøringen av eit spesielt folkeslag? Nei då, forklaringa ligg ikkje der.

Det er meir produktivt å sjå på kva som skilde samfunnet på Sunnmøre frå resten av landet.

Og det vi umiddelbart legg merke til, er egaliteten, den flate strukturen. Slik også Roar Hagen og Arill Riise understreka i samband med ei utstillingsopning nyleg.

Det var ikkje væreigarar som styrte lokalsamfunna slik som i Nord-Noreg. Og ikkje storbønder og skogeigarar som i Trøndelag og på Austlandet. Bøndene på Sunnmøre var i all hovudsak leiglendingar til langt utpå 1800-talet og var bokstaveleg i tala i same båt som sine eigne drenger i vinterfiskja.

Dermed lærte også dei likestilte sunnmøringane av kvarandre og inspirerte kvarandre. Når ein fekk det til, visste grannen at han også kunne klare det.

Forsking viser at denne egaliteten er ein sterk stimulans til framgang og økonomisk vekst.

Klippfisk

Det viser også dette klippet frå Sunnmørsposten 26. august i fjor. Journalist Gry Støre fortel om «Da Ålesund kuppet klippfisken».

Klippfiskeventyret starta i Kristiansund. Ingen tvil om det. Men i dag står Ålesund for heile 90 prosent av eksporten. Så kva skjedde?

Ein vesentleg faktor er at dei i Kristiansund ikkje ville gje slepp på tradisjonen med å tørke klippfisken på berga. Det var lite rasjonelt. I Ålesund brukte dei tørke-skap.

I tillegg var samfunnsstrukturen i dei to byane ulik. I Kristiansund var klippfisknæringa prega av eit væreigarsystem med nokre få mektige familiar, klippfiskadelen.

«Bedriftslederne der var enten født til det, eller de var utlendinger. I Ålesund var det folk på gulvet – fiskere og fiskebønder, som ble ledere og eiere. I Ålesund kunne hvem som helst starte i det små, og så slå seg opp og fram. Der lot de seg ikke stoppe av ærefrykt for folk over seg, slik som i Kristiansund», forklarar Odd W. Williamsen i artikkelen i Sunnmørsposten. Williamsen er konservator ved klippfiskmuseet i Kristiansund.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.

«Lønnsinnskot»

Igjen ser vi altså kor viktig den egalitære samfunnsstrukturen var for utviklinga på Sunnmøre. Den-ne strukturen opna også for eit svært særeige lønnssystem: Dei tilsette tok ikkje ut lønn, men let ho mellombels gå som innskot i bedrifta.

– Dette systemet kunne gå fordi dei tilsette var bondegutar som budde heime og i det daglege ikkje hadde så stor trong for kontante pengar. Så fekk dei heller ut heile innskotet ved eit seinare høve, forklarar Kjetil Tandstad.

Tillit

Attåt dette fungerte systemet, lyt vi tru, fordi leiing og tilsette i fabrikkane hadde stor tillit til kvarandre. Den tilliten var også eit resultat av den egalitære samfunnsstrukturen.

Ein alternativ økonomisk teori fortel at når dei rike vert rikare, vil rikdommen risle nedover i samfunnsklassene og lyfte heile samfunnet. Eller som det heiter på sidemål: «The rising tide will lift all the boats». Viss det var rett, skulle den særeigne næringsutviklinga skjedd også i landslutar med større klasseskilje. Det gjorde ho ikkje. I alle fall ikkje i same grad. Så kva lærer vi av dette? At sunnmøringen ikkje er eit særskilt folkeslag, slik somme vil ha det til. Men at flat samfunnsstruktur la til rette for ei gunstig utvikling. Slik kan vi ha det også i framtida. Viss vi vil.

Skjalg LongvaTidl. redaktør og journalist i MøreNytt

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Foto: Privat