Naturvern

«Farvel til Langedalselva?»

Ei historie om ei av Noregs beste padleelvar – lagt i rør.

Langedalselva: – Må sunnmøringane seie takk og farvel til Langedalselva for godt, spør artikkelforfattaren.   Foto: Naturvernforbundet

Ei elv som var rekna som ei av Noregs beste padleelvar – før kraftutbygginga

Kronikk

Sunnmøre har ein del heilt unike arenaer for naturaktivitet, som til dømes skikøyring frå Slogen, klatring i Molladalen, og surfing på Flø.

Djupt i eit dalføre i Sunnylven ligg ein slik heilt spesiell naturleg idrettsarena. Mellom bergknausar og furutre renn Langedalselva med rike naturverdiar og eksepsjonelle kvalitetar for elvepadling. Elva har ein sjeldan samanhengande kombinasjon av fossar, sklier, kulpar og stryk i fast fjell. Dette er ei elv som har vore med i mange internasjonale padlefilmar, ei elv som er med i norske og utanlandske elveførarar, ei elv som var rekna som ei av Noregs beste padleelvar – før kraftutbygginga.

Les Sunnmørspostens artikkel om denne saka her

Midtre del, 2008

I 2008 handsama NVE søknad om kraftutbygging frå Tryggestad Kraft AS i den midtre delen av Langedalselva. Dette er den beste delen av elva for padling. Likevel opplyser kommunen at området er «ikkje eit mykje nytta friluftsområde», og utbyggar skriv at «området er særs lite nytta som turterreng eller anna friluftsliv i det heile».

Tryggestad Kraft hevdar og at elva sjeldan vert brukt til padling, fordi «elva er ikkje egna for padling, til det er ho for kronglete med for mange hindringar».

Dette er fullstendig misvisande karakteristikkar av ei padleelv av internasjonal klasse som jamt vert padla gjennom heile sesongen. Naturvernforbundet informerer i si høyringsfråsegn at elva vert brukt til padling, men likevel undersøker ikkje NVE dette nærmare.

NVE hentar ikkje inn kunnskap om kvalitetar i elva for elvepadling verken frå tilgjengeleg elveførar, frå Norges padleforbund (NPF), eller frå dei mest nærliggande padleklubbane. NVE informerer heller ikkje padleinteressene om konsesjonshandsaming trass i at det er naturleg å sende høyringsbrev til særskilt aktuelle organisasjonar og interessegrupper, noko NPF også ber om i slike saker.

Les også:

Meiner planlagd kraftverk trugar snømykkjuke og taigaspissmus

Vil ikkje ha meir utbygging

Den mest verneverdige delen av Langedalselva i Sunnylven vil bli påført uboteleg skade ved ei kraftutbygging.


Lite heldig

Om Langedalselva og padling så konkluderer NVE med at padleinteressene «etter vår oppfatning uansett truleg er marginale og ikkje kan tilleggas vesentleg vekt».

NVE gir løyve til utbygging av Langedalselva, og først etter dette får NPF kjennskap til saka og klagar på vedtaket på grunnlag av at saka er mangelfullt og feilaktig belyst, og at NVE sitt standpunkt bygger på feil premiss. Denne klaga frå NPF vert avvist med grunngiving i utgått klagefrist.

NVE gjer ei samla vurdering av fordelar og ulemper, og sjølvsagt er det avgrensa kva omsyn dei ulike brukarinteressene får i ei slik vurdering – men forvaltningsorganet skal sørgje for at saka er så godt opplyst som mogeleg gjennom ei brei høyringsrunde der aktuelle organisasjonar og interessegrupper får høve til å kome med fråsegn.

I dette tilfellet vart ei av Noregs beste padleelvar lagt tørr med minstevassføring utan at kvalitetar for elvesport og vassdragsfriluftsliv var belyst i konsesjonshandsaminga i det heile. Tvert om – feilaktige påstandar frå utbyggar om at elva ikkje er eigna til padling får stå uimotsagt. Dette er forvaltningsmessig svært lite heldig.

I Standalen:

Felles synfaring langs Nøvedalselva i Ørsta kommune

Kampen om Nøvedalselva spissar seg til

Vil NVE seie ja eller nei til kraftutbygging i Nøvedalselva? Både dei som er for og dei som er mot, fekk ein gyllen sjanse til å påverke avgjersla.


Nedre del, 2017

Stranda Energi AS sin søknad om konsesjon for utbygging av nedre del av Langedalselva vert så handsama i 2017.

For padlinga sin del så omfattar dette elvestrekk som kompletterer midtre Langedalselva ved at ein her finn meir teknisk padling som høver når det er for lite vatn i midtre del. Dette styrkar Hellesylt som padledestinasjon ved at ein kan finne padling på både høg og låg vassføring.

Fylkesmannen fremjar i denne saka motsegn tufta på dei samla effektane av at det allereie er bygd kraftverk i vassdraget, og fylkeskommunen, naturvernforbundet, ornitologisk foreining og padleinteresser seier nei til utbygging.

Likevel gir NVE konsesjon. Med motsegn frå Fylkesmannen og tre innleverte klager på konsesjonen ligg no saka til klagehandsaming med OED, og ein ventar på utfallet av dette.

Unik

Langedalselva er eit av dei unike landskapselementa på Sunnmøre som ein bør ta godt vare på. Framtidige sunnmøringar fortener å få bruke denne heilt spesielle naturlege idrettsarenaen for elvepadling.

Det er difor paradoksalt at debatten no ikkje handlar om korleis ein i større grad kan føre tilbake vatn og verdiar for natur og vassdragsfriluftsliv i midtre Langedalselva, men at det tvert om handlar om vidare tørrlegging av også den siste padlebare delen av elva.

Ved å gi løyve til full utbygging av Langedalselva i to omgangar gjer NVE Sunnmøre fattigare på natur og særpreg. I ein region prega av omfattande kraftutbygging og få inngrepsfrie vassdrag renn no også ei padleelv av internasjonal klasse i rør.

Skal ein ta vare på nokre av dei siste få vassdragsperlene i regionen vår? Vil OED ta klagene til følgje i nedre Langedalselva? Vil midtre Langedalselva verte ført tilbake ein gong i framtida? Eller må sunnmøringane seie takk og farvel til Langedalselva for godt?