Den moderne barnetrygda i Noreg vart innført under Einar Gerhardsen si andre regjering i 1946. Fram til 1970 var det berre einslege forsørgjarar som fekk barnetrygd for det første barnet, medan gifte fekk barnetrygd frå og med det andre.

Barnetrygd vart betalt fram til barnet var 16 år, men dette vart auka i 2000 til 18 år. Storleiken på barnetrygda er no 970 kroner per månad, like mykje for kvart barn. Pengane vert utbetalt til mor.

Nokre stortingspolitikarar tek i dag til orde for å auke barnetrygda. Faktum er at ytingane ikkje har auka på 22 år – sidan 1996. Kronesummen pr. barn er den same.

Tek ein omsyn til prisauken denne perioden, betyr det at barnetrygda er halvert over vel tjue år.

Aukande barnefattigdom

Parallelt med denne utviklinga i barnetrygda ser ein at barnefattigdomen i Noreg har auka markant. Og ein kan leggje til at begge desse prosessane (minka barnetrygd, auka barnefattigdom) har skjedd under skiftande regjeringar, både blå og raudgrøne.

Frå 2001 til 2015 har det skjedd ei tredobling av barnefattigdomen i landet når ein ser på kor mange barn som lever i familiar med inntekt under 60 prosent av gjennomsnittsfamilien. Det betyr at 10–11 prosent av barna i Noreg lever i slike familiar.

Gjennom to tiår med ein enorm vekst i rikdomen i Noreg og blant nordmenn, blir altså stadig fleire barn råka av fattigdom med dei følgjer vi veit dette har for deira levekår, sjansar til å delta i ulike aktivitetar, skulegang osb.

Oppvekst

«Oppvekstrapporten 2017» frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) dokumenterer kva følgjer barnefattigdom kan ha for born:

Låginntektsfamiliar har oftare dårlege butilhøve, som kan medføre at born ikkje vil ta med vener heim, eller at barnet ikkje får ro til å gjere lekser. Låg inntekt har ofte samanheng med dårleg foreldrehelse, som også gjerne vil påverke borns helse og oppvekst negativt.

Låg inntekt og låg utdanning blant foreldra heng ofte saman. Det medfører ofte at barnet gjer det dårlegare på skulen, brukar meir tid framfor skjerm og er mindre med på aktivitetar som t.d. idrett eller musikk.

Ein ser og at konfliktnivå og psykiske vanskar er meir vanleg i ressurssvake familiar. Det medfører hyppigare kontakt med barnevernet og at born er meir utsette for vald i familien.

Kort sagt: Barnefattigdom har ein tendens til å gå utover borns integrering i nærmiljø og samfunn.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Regjeringsblokkene ikkje samde

Det er eit paradoks at dei to siste regjeringsblokkene i Noreg – den raudgrøne og den blå-blå, gjensidig har skulda kvarandre for auka barnefattigdom, men der ingen av dei har gått inn for å auke barnetrygda, det velferdspolitiske tiltaket som truleg ville ha mest å bety for å redusere barnefattigdomen.

Sp og SV har gjort vedtak om auka barnetrygd. Også V, Frp og KrF arbeider med ulike modellar der familiar med lågast inntekt skal få meir, m.a. ved å skattleggje barnetrygda.

Men fleirtalet har så langt ikkje ville auke barnetrygda og heller ikkje gjere den behovsprøvd.

Ein vil behalde trygda som ei universell ordning, m.a. for å unngå stigmatisering som kan skje ved at den blir behovsprøvd. Det siste er forståeleg, men den kontinuerlege reduksjonen av barnetrygda sin verdi, er svært problematisk.

Låge fødselstal

Det er verdt å nemne også eit anna urovekkjande utviklingstrekk som til dels kan ha ein samanheng med det som er nemnt over.

Ifølgje SSB var fødselstala i Noreg i 2017 dei lågaste som nokon gong er målt – 1,62 pr. kvinne.

Det må vere 2 for å halde oppe folketalet. «Norge vil ligne mer og mer på en fraflyttingsbygd, hvor det er mange gamle, stille og rolig…», uttalar sjeføkonom Jan Andreassen i Eika-gruppen.

Midt på 1960-talet låg fødselstalet i landet på rundt 3.

Det aller viktigaste er at alle norske barn har eit godt liv prega av trygge familiar, vener og aktivitetar. Men det er og viktig for framtidig arbeids- og samfunnsliv at det blir fødde nok born i landet til å halde oppe aktivitet i arbeidslivet og i ulike lokalmiljø.

Eit forskingsprosjekt om familiedynamikk og fertilitet gjennomført ved Universitetet i Bergen (Lappegård 2015) synte at auka barnetrygd medverka til fleire fødde blant unge, ugifte kvinner.

Det er altså ein samanheng her.

Tryggare oppvekst

I Noreg, der det som for nokre tiår attende var ein alderspyramide er i ferd med å likne på ein luftballong, med svært mange eldre og få barn, vil auka barnetrygd truleg vere det viktigaste tiltaket, både for å hjelpe barnefamiliane til å gi tusenvis av barn ein god og trygg oppvekst, men og for ein betre demografisk balanse mellom aldersgrupper og mellom distrikt.

Ein av dei som tydelegast har understreka dette, er tidlegare statsminister Kåre Willoch i Høgre.

Den omfattande barnehageutbygginga som har skjedd siste tjue åra er svært bra, men å rette opp den forsømde barnetrygda burde vere like viktig.

Kåre HeggenProfessor, Høgskulen i Volda

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Kåre Heggen, professor, Høgskulen i Volda. Foto: Knut Arne Aarset