Vi er på veg inn i ei tid med uante moglegheiter for norske distrikt. Digitaliseringa – og rask utbygging av fibernett – gjer at tenester, kunnskap og arbeidsplassar framtida vil vere tilgjengeleg over heile landet på same tid. Klimaendringar, skjerpa miljøkrav og aukande folketal i verda gjer at naturressursane våre blir stadig meir verdt.

Mi oppleving som ordførar i ei mellomstor distriktskommune, Eid i Sogn og Fjordane (snart nye Stad kommune med 10.000 innbyggjarar og omland på 40-50.000), er at næringslivet grip sjansen med full kraft.

I Nordfjord opplever vi vekst i eksisterande bedrifter og sterk knoppskyting av nye. Ikkje minst innanfor elektro/energi og teknologi, reiseliv, fiskeri og marine næringar.

Bedriftene rekrutterer, får tak i flinke folk, investerer i FoU og teknologi – og koplar seg med største sjølvfølge på dei beste kompetansemiljøa i inn- og utland.

Også kommunen vår omstiller seg i raskt tempo. Vi digitaliserer, slår oss saman, bygger sterkare lokale fagmiljø og fornyar oss på alle område. Akkurat som næringslivet gjer vi det ut frå eitt overordna mål: Eid og Nordfjord skal vere i front av utviklinga: Vi skal vere «på hogget» for å vere ein attraktiv stad å bu i framtida.

Men éin brikke manglar i puslespelet for å bygge framtidas distrikts-Noreg: Staten.

Dei statlege kolossane – NAV, Politiet, Statens vegvesen, rettsvesenet, direktorats-jungelen – turar fram som om 1960-talet aldri skulle ha tatt slutt. Sentraliserer, flyttar mot storbyane, bygger ned kompetansemiljø i distrikta bit for bit.

Utan ein samla plan, utan dialog med lokalsamfunna dei er i, utan politisk styring. I statsbyråkratiet er ikkje teknologi og digitalisering ein moglegheit til å desentralisere – berre endå eit påskot for å sentralisere.

Ei statleg silo-tenking, sjølvgåande byråkrati og gammaldags statleg vanetenking held rett og slett på å grave grunnen under det som kunne bli ein gyllen tidsalder for norske distrikt.

For å ta eitt ferskt døme: Statens vegvesen skal no omorganisere seg, som følgje av at stadig fleire tenester kan gjerast digitalt. Vel og bra. Eit strålande høve til å nytte teknologien til å bygge sterkare statlege kompetansemiljø i distrikts-Noreg – sidan digitale tenester kan utførast kvar som helst.

Men kva skjer i praksis? Jo, staten bestiller inn ein rapport frå eit globalt konsulentselskap om korleis omorganiseringa bør skje. Råda frå dei innkjøpte konsulentane?

Nedlegging av funksjonar og avdelingar rundt i distrikts-Noreg – samling om få og større einingar i dei største byane.

Rapporten er sjølvsagt hemmelegstempla fram til prosessen er komen for langt til å stoppast – samtidig som vegvesenet sine stabsfolk allereie er i gang med å gjennomføre konklusjonane i rapporten, ved bit for bit å legge ned funksjonar og tenester i Nordfjord og andre stader.

Når liknande prosessar no skjer parallelt omtrent overalt i statsforvaltinga – alltid med sentralisering som konklusjonen – då er det nødvendig å rope ut.

For meg som Venstre-mann er dette ekstra vondt å oppleve. Venstre har vore pådrivar for reformer i statleg sektor dei siste åra, med gode intensjonar, og godt rasjonale bak.

Men der Venstre, Høgre, Frp og til tider andre parti er ivrige og entusiastiske for å få statlege reformer vedtatt, opplever eg engasjementet for korleis reformene blir følgd opp og gjennomført, som langt mindre. Det som skulle ha vore ei reformbølgje for å bygge det nye Noreg, har i staden blitt eit ukontrollert takras – som no råkar Eid, Nordfjord og mange andre stader i distrikts-Noreg med full kraft.

Som statsvitar Jonas Stein frå Universitetet i Tromsø nyleg skreiv i Agenda Magasin om reformer i offentleg sektor: «Det er ikke alltid klart hvem det er som tjener på det, men det er ofte de i periferien som må betale for det.»

Det er presist observert. Eg kan faktisk pr. i dag ikkje kome på eitt einaste døme på at ein statleg reform dei siste 3–4 åra er med på å styrke min kommune og min region. Medan døma på det motsette blir fleire og fleire.

I 2018 trengst modige og tydelege politikarar på nasjonalt nivå meir enn nokosinne. Skal staten vere ein medspelar i å bygge eit nytt, sterkt distrikts-Noreg med større kommunar og eit sterkt, moderne næringsliv – eller skal eit sjølvgåande, sentraliserings-ivrig statsbyråkrati framleis få leve i si eiga verd?

Alfred Bjørlo (V)Ordførar i Eid

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Alfred Bjørlo (V), Ordførar i Eid. Foto: Privat