Lærestrid i kyrkjelyden

Lokal kyrkjestrid

Det har alltid vore strid og usemje i kyrkja. Den som trur anna, må gjerne lese Dag Kullerud sitt glitrande festskrift i høve 200-årsjubileet til Bibelselskapet for tre år sidan.

Strid: «Det går ei grense når prestar i ein og same kyrkjelyd, som alle er komne til oss med biskopens brev på at dei er skikka til nettopp å vere prestar, ikkje kan møte kvarandre i fellesskapen rundt gudstenester og nattverdsbord fordi dei er usamde», skriv Ketil Hjelset i denne kronikken. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix 

Dersom prestar er så usamde med ein kollega eller i så sterk opposisjon til kyrkja si lære, utvikling eller praksis at dei er villige til å gjere kyrkjelyden sin til ei slagmark i kampen mot dette, då må dei heller finne seg ein annan kyrkjelyd

Kjetil Hjelset

Ketil Hjelset er soknerådsleiar i Spjelkavik. Arkivfoto: Marius Simensen 

Kronikk

Mange ulike spørsmål har vore debatterte, men i mine 50 kyrkjeaktive år har kvinnelege prestar og vigsling av likekjønna skapt størst vanskar.

Det er ikkje mange kvinneprestmotstandarar att i dag, men vigsling av likekjønna skaper større bølgjer. Det fører til harde og til dels uforsonlege debattar i kyrkja sine øvste organ, og det skaper dessverre uhandterlege konfliktar ute i kyrkjelydane.

Kyrkja har eit mandat ovanfrå, og vi ser det i linja som går frå Jesus til apostlane, til biskopane og heilt ut til presten i den lokale kyrkjelyden.

Den linja må vi respektere og kanskje ikkje svekkje meir no. Men det finst eit mandat nedanfrå også, og i min lokale kyrkjelyd går det frå dei 18.000 skrivne medlemene gjennom dei 3–400 menneska som går jamleg til gudstenester og til dei mange frivillige medarbeidarane som i ti-år etter ti-år brukar nesten alt dei har av overskytande tid og krefter for å byggje kyrkjelyden.

Til sist blir dette mandatet lokalt forvalta i soknerådet. Denne linja må også bli verdsett og respektert. Det er vår kyrkje.


Utsatte saka om konflikten i Spjelkavik

Spjelkavik sokneråd ønsker hjelp fra biskopen.

 

Teologistriden i Spjelkavik menighet – møte i soknerådet tirsdag

– Godt at rådet tar ansvar

– Det er trasig og trist at folk ikke kan prate med hverandre på en god måte i kirka.



Tilsette vil ikkje samarbeide - biskopen kopla inn i striden:

Teologisk strid i Spjelkavik kyrkjelyd - fleire unge tilsette har slutta

Spjelkavik sokneråd vil be tilsette i Norges største kyrkjelyd om å vurdere stillinga si om dei ikkje kan samarbeide.

 

Konservative prestar vektlegg den klerikale linja og synest å meine at kyrkjedemokratiet har fått alt for stor makt. Det går an å forstå både sinnet og vanmaktkjensla desse opplever når dei taper alle dei store slaga, som t.d. utnemning av biskopar, og eg ser at kyrkjerådet kunne ha vist større respekt for det mangfaldet som faktisk finst i kyrkja. Men ein må akte seg vel for å revansjere dei store tapa sentralt i dei små kampane lokalt.

Truleg ønskjer konservative, både prestar og andre, at kyrkja skal styrast meir som den katolske, der presteskapet, biskopane og til sist paven har mykje større makt og definisjonskraft. Men eg ser at jo at mine gode kristne brør og systrer i den katolske kyrkja har sitt å stri med dei også, ikkje minst på feltet seksualitet og samliv, så inga kyrkjeform er fullkomen.

Lokalt lever vi godt med meiningsmangfaldet i kyrkja og t.d. at den eine presten er villig til å vigsle likekjønna medan den andre ikkje er det.

Det er lenge sidan vi sat fåmælte og godtok kvart eit ord presten kom med, men vi set pris på fagleg tyngde og gode resonnement og vurderer preiker og andre ytringar opp mot annan kunnskap vi har.

Slik sett kan eit mangfald av konservative og meir liberale prestar vere utviklande for kyrkjelyden.

Men det går ei grense når prestar i ein og same kyrkjelyd, som alle er komne til oss med biskopens brev på at dei er skikka til nettopp å vere prestar, ikkje kan møte kvarandre i fellesskapen rundt gudstenester og nattverdsbord fordi dei er usamde eller fordi dei er av ulikt kjønn.

Å nekte nokon gudsteneste- og nattverdsfellesskap er det sterkaste verkemiddelet ein kan ta i bruk i kyrkja, og det fører raskt til splitting og partidanning. Eg respekterer at enkelte utfordringar og spørsmål lett kan handle om samvitet til den enkelte presten, og forstår at ein prest kan ha ein kallstanke som er noko sterkare enn det ein finn hos ein skarve lærar, men synest at det første spørsmålet prestar skal stille seg, er ikkje kva samvitet deira kan tole, men kva den kyrkjelyden som dei er sett til å tene, kan tole. Og for kyrkjelyden er slike grep heilt utolelege.

I bispekollegiet er det eit mangfald av personlegdomar og synspunkt i teologiske stridstema. Men undervegs samlar kvart bispemøte seg likevel i ei gudsteneste der dei deler nattverdsfellesskapen og slik understrekar den einskapen som trass all usemje finst i kyrkja, og dette bør vere eit føredøme for andre.

Når desse stribukkane der kan klare det, må vi kunne klare det i den lokale kyrkjelyden også. Og dersom prestar er så usamde med ein kollega eller i så sterk opposisjon til kyrkja si lære, utvikling eller praksis at dei er villige til å gjere kyrkjelyden sin til ei slagmark i kampen mot dette, då må dei heller finne seg ein annan kyrkjelyd, der dei for ei stund kan sleppe desse utfordringane, eller gi opp tenesta si i Den norske Kyrkja.

Biskopen sit med tilsynsansvaret for prestetenesta. Eg veit at den som sit på toppen, ofte er bunden på hender og føter av avtaleverk og ulike omsyn som må takast i vare, og at det kan vere utruleg vanskeleg å løyse problem der det også skal takast personalomsyn.

Men om ikkje biskopen styrer, går det gale ute i kyrkjelydane, så dersom biskopane manglar gode nok verktøy, må dei skaffe seg det.

Som lekmann med lang fartstid i kyrkjebenken, grenselaust med timar og mange, mange år i sokneråd og andre funksjonar i kyrkjelyden min, dristar eg meg til å lansere følgjande reglar eller prinsipp til handsaming i bispemøtet:

1. Biskopen har det overordna lære- og tilsynsansvaret i bispedømmet.

2. Når biskopen sender ein prest til ein kyrkjelyd, med sitt brev på at han eller ho er skikka til å vere prest der, skal ingen lokalt overprøve dette.

3. Alle tilsette i kyrkja skal utan atterhald inkludere kvarandre i arbeidsfellesskapen og i fellesskapen rundt gudstenester og nattverd.

4. Teologisk drøfting er både tillateleg og ønskjeleg, men om ein opplever alvorleg avvik frå kyrkja si lære, skal dette rapporterast til biskopen, ikkje takast hand om lokalt.

For framtida meiner eg vi lokalt må leggje inn eit nytt krav når vi lyser etter nye prestar. Kravet skal ikkje handle om kjønn eller teologisk grunnsyn, for vi må gjerne få eit mangfald av konservative og meir liberale, kvinner og menn mellom prestane.

Kravet må gå på viljen til samarbeid utan reservasjon og til å møte alle andre tilsette – også i gudstenester og ved nattverdsbordet.