Kronikk om helseøkonomien:

«Svarte-Per til sårbare pasientar»

Situasjonen og utviklinga i Helse Møre og Romsdal er lite tillitvekkjande om dagen.

MORK: Rehabiliteringssenteret på Mork er i fare for å bli nedlagt – igjen. Det meiner kronikkforfattaren er eit stort feilgrep. Arkivfoto: Knut Arne Aarset  Foto: Knut Arne Aarset

Kronikk

Eg skriv denne kronikken m.a. som tidlegare nestleiar i Helse- og sosialstyret i Møre og Romsdal (1992-95). Den tida var sjukehusa i fylket eit fylkeskommunalt ansvar. Mykje kan seiast om det, men det var i alle fall då politikarar som kunne stillast til ansvar for utviklinga i helseinstitusjonane.

I dag er innbyggjarane vitne til ein kaotisk situasjon, samtidig som den øvste ansvarlege politikaren, statsråd Høie, sit musestille på stor avstand. Han overlet til dei han ein gong kalla ansiktslause byråkratar å rydde opp i kaoset og kutte i kostnadene.

Det arbeidet som no er i gang om rehabilitering er eit godt døme på pulveriseringa av ansvar. Dei som kjenner dette fagfeltet veit at institusjonane på Mork og i Aure gjer særs viktig, nødvendig og fagleg godt arbeid for slagpasientar og andre i den avgjerande næraste tida etter akuttbehandling på sjukehus. Alle historiene som dagleg strøymer inn til avisene, stadfester den fagleg viktige jobben som vert utført. Ingen andre kan erstatte det fagleg krevjande kvalitetsarbeidet – ikkje kommunane, ikkje sjukehusa.

Dersom sjukehusa skulle overta ansvaret, ville det koste mykje, både å oppgradere bygningsmasse, utstyr og fagkompetanse. Det er vel kjent at Rehab. avdelinga ved sjukehuset i Ålesund i dag verken har kapasitet eller kompetanse på plass for å overta dette arbeidet. Det ville også vere ei meiningslaus satsing når alt dette allereie er etablert på Mork og i Aure. Desto meir meiningslaust er det når det blir sett ned ei faggruppe med berre interne representantar for nett denne avdelinga for å greie ut framtida for denne viktige funksjonen. Og er nokon overraska når dei vil flytte denne aktiviteten til si eiga avdeling? Dette er bukken og havresekken, og ein underleg framgangsmåte for føretaket.

Dersom verken eksisterande institusjonar eller sjukehus skal ha dette fagansvaret for rehabilitering i framtida, slik dei har etter helselovgjevinga, vil kommunane bli sitjande med dei nyutskrivne pasientane, som dei verken har kompetanse, fagleg ansvar eller økonomi til å behandle. Ved ei eventuell nedlegging av Mork og Aure, er det på tale å opprette ambulerande team som kan reise rundt i kommunane for å ta seg av desse pasientane. Kva vil det i så fall koste, og kven vil ha ansvar for å byggje opp utstyr og lokale i kommunane som kan sikre fagleg kvalitet? Dei som vil sitje att med «Svarte-Per» er dei sårbare pasientane, i tillegg til kommunane.

Så er det økonomien i denne delen av helsetenesta. I dag får Helseføretaket midlar som skal dekke kostnaden ved rehabilitering. For Mork senter går rekneskapen i balanse med utgangspunkt i midlar tilført frå Staten gjennom ordninga med innsatsstyrt finansiering. Skal noverande tilbod leggjast ned, kan ein så langt eg forstår berre oppretthalde innteninga ved å byggje opp tilsvarande, avanserte tenester annan stad i føretaket. Det vil i så fall som sagt koste meir i form av lokale, utstyr, kompetanse og drift. Ei eventuell kortsiktig sparing vil koste meir på lengre sikt. «Interngruppa» nemner 17 nye stillingar, ambulerande team, samt opprusting av lokale og utstyr, og likevel dårlegare tenester for pasientane.

Heile denne saka dokumenterer store svakheiter ved føretaksmodellen i helsevesenet. I det regionale føretaket sit makta i sentrum. Det betyr i klartekst at politikarar og byråkratar i Trøndelag har det avgjerande ordet. Det har for det første medført ein fordelingsmodell som det er god grunn til å stille spørsmål ved. Det er grunn til å tvile på om Møre og Romsdal får sin rettmessige del av helsekronene. Då modellen blei innført, vart det samtidig bestemt at den skulle evaluerast. Etter mange år er det framleis ikkje gjort. Det neste trekket er så pålegget om å skjere ned på drifta i vårt fylke. Ansvaret blir lagt på den leiande byråkraten i det lokale føretaket, Remme, som må danse etter makta si pipe for å behalde jobben. På toppen sit fagstatsråden taus som ein østers. Han tek ikkje ansvaret, men skuldar på helseføretaket.

Og kven er det som i neste runde får svi? Sjølvsagt er det folket i vårt fylke og dei dyktige fagfolka som dagleg gjer ein kjempeinnsats for pasientane sine. Men aller mest går det ut over dei sårbare pasientane som misser den hjelpa dei treng og skulle hatt. Ikkje rart at fakkeltoga igjen går.

Kåre Heggen, professor Høgskulen i Volda, tidlegare nestleiar i Helse- og sosialstyret i Møre og Romsdal.   Foto: PRIVAT