Kronikk om Stad skipstunnel:

«Riksveg nr. 1»

Rett før jul fekk Kystverket eit oppdrag frå Samferdselsdepartementet. Dei skal gjere ei utgreiing til om Stad skipstunnel, og dei skal kvalitetssikre sitt eige reknestykke om prisen på tunnelen.

Framtidstru: Det skadar ikkje å sjå på prosjektet Stad skipstunnel med ein dose framtidstru i tillegg til dei mange argumenta som elles talar for realisering, meiner Knut Arne Høyvik. Han har som tidlegare fiskeskippar sjølv røynsler frå å passere det utsette havstykket forbi Stad, og samanliknar bygging av skipstunnelen med sikring menneska som må ferdast langs ein rasfarleg veg. Illustrasjon: Kystverket 

Å rekne på dette prosjektet kan ein sikkert halde på med til kalkulatorane smeltar mellom fingrane på konsulentane

Knut Arne Høyvik
Kronikk

Konsulentane frå Atkins Norge AS og Oslo Economics AS som leverte KS2 (Kvalitetssikring 2) i mai 2018, meiner at skipstunnelen vil koste 3,7 milliardar kroner. Det er ein milliard meir enn det reknestykket til Kystverket viser. Samferdselsminister Jon Georg Dale gjorde rett då han tinga ei slik utgreiing frå Kystverket, og vi nærmar oss håpefullt siste episode i denne lange føljetongen.

I den seinare tid har havrommet vore eit mykje brukt ord, på konferansar og politiske møte. Visjonen om å hente meir verdiar frå havet er både god og viktig. Men av og til er det slik at dei store tankane kan sperre for utsikta til det som ligg nær oss, men som likevel er viktig for næringsutvikling og busetjing langs kysten.

Seglingsleia

Det kan hende vi skal sjå litt på den delen av havrommet som ligg like utanfor stovedøra vår, før vi fabulerer om gruvedrift på havbotnen.

Historisk sett har seglingsleia langs kysten vore heilt avgjerande for den verdiskaping og utvikling vi har hatt i landet vårt. Lenge før veg og bane var på plass, frakta ein varer og folk sjøvegen. Det var bl.a. den sjøfarten som la grunnlaget for det Norge vi kjenner i dag, sjølv om den offisielle historia om landet vårt, ofte handlar om stabbur og rosemåla skap.

Det har vore gjort ein framifrå jobb med å merke og halde ved like seglingsleia. Året rundt arbeider Kystverkets folk vidare med å halde Riksveg nr. 1 i god stand. Sjømerke og lykter blir moderniserte, og fleire stadar blir leia utdjupa for å trygge skipstrafikken.

Hindringane

Vegane på land har flaskehalsar, smale parti, låge tunnelar og strekningar med rasfare osv. Det fell oss naturleg å krevje utbetringar og rassikringar, som kan trygge liv og helse.

Riksveg nr. 1 har også hindringar, ikkje fordi det er smalt, men fordi ein må over ope hav med visse mellomrom.

Når storstormane rasar blir skipstrafikken hemma eller hindra på desse havstykka. Dei lærde seier at vi skal få enda meir sterk vind i framtida, grunna klimaendringane.

Medan vi kan gjere mykje med flaskehalsane på vegane på land, må vi stort sett akseptere at seglingsleia ligg slik den ligg, utan moglegheiter til å legge om «vegen»

Det einaste unntaket langs Riksveg nr. 1, er ved Stad, der kan vi eliminere ei hindring. Vi kan sikre dei menneska som må forbi denne halvøya, slik vi sikrar dei som køyrer langs ein rasfarleg veg.

Storm og brottsjøar

Eg kvidde meg for å gå Stadhavet i dårleg vêr, sjølv om vi låg i ope hav i veke etter veke. Det er eit paradoks. Når eg snakkar med mine tidlegare kollegaer fortel dei om same opplevinga.

På Stadhavet kunne vi få brotsjøar som vi ikkje skjøna kvar kom ifrå, dei berre kom. Ein kombinasjon av rare havstraumar og ein merkeleg botnformasjon gjer at dette havstykket kan by på overraskingar ein helst ikkje vil ha, men som ein likevel får. Ser ein på vindstatistikkar på Yr.no for Kråkenes fyr, finn ein fort ut at Stadhavet er det havstykket på heile Norskekysten, med sterkast vind gjennom året. Når hav og himmel gjekk i eitt, drøymde eg ofte om å kunne styre inn fjorden og stikke baugen inn i eit hol i fjellet.

Knut Arne Høyvik 

 

Havnasjonen

Det har vore mange hjartesukk over alle utgreiingane om skipstunnelen. Det kan vi legge bak oss, fordi det er destruktivt å bruke meir tid på det. Når Kystverket legg fram si utgreiing ein gong i juni, må styresmaktene gjere eit val. Skipstunnelen ligg inne i Nasjonal Transportplan (NTP) men skal den byggast må det løyvingar til på dei årlege budsjetta.

Argumenta for å bygge tunnelen er lagt fram så mange gongar, at eg brukar ikkje plass på det. Å rekne på dette prosjektet kan ein sikkert halde på med til kalkulatorane smeltar mellom fingrane på konsulentane.

Eit av motargumenta er at dette er den første skipstunnelen i sitt slag, dette har vi ikkje gjort før, og risikoen er for stor.

Næringslivet i vår del av landet, har heile tida gjort ting dei aldri har gjort før.

Skipsingeniørane har utvikla skip vi aldri har sett før, og verfta har bygt dei. Fiskarane har kursa mot det ukjende, til felt dei aldri har vore på før, og teke i bruk teknologi dei aldri har sett før. Skulle vi ha gjort berre det vi har gjort før, hadde vår del av kysten vore eit øydeland.

Som lekmann greier eg ikkje å sjå risikoen ved å skyte eit hol i fjellet. Vi har trass alt nokre av verdas beste fagfolk på tunnelbygging.

Framtidsretta

Når ein ser tilbake på tidlegare samferdselsprosjekt, ser ein at Stortinget har vore meir offensive og framsynte enn konsulentane. Men det er deira oppgåve å sjå det store bildet. At dei folkevalde vil ha ein kontroll på kva dei brukar fellesskapets pengar på, er slik det skal vere.

Men når alt det positive og negative blir lagt i vektskåla, skadar det ikkje å legge på ei dose med framtidstru.

Politikarane skal ha både målsetjingar og visjonar, og det har dei. Og spørsmålet er om havnasjonen Norge skal bruke av sine midlar og sin kompetanse for å trygge det farlegaste havstykke på Riksveg nr. 1? Eg har aldri vore i tvil om at det er framtidsretta.

Det er tverrpolitiske semje om å flytte meir godstrafikk frå land til sjø. Det krev nok fleire tiltak, men logisk sett vil ei omlegging av seglingsleia til smulare sjø vere ein god start.

Ute i verda følger dei uansett med kva som skjer med Stad skipstunnel. Teknisk Ukeblad melde i 2017 at det på CNNs Facebook-side låg ein eigenprodusert presentasjon av skipstunnelen, basert på Kystverkets materiale. Presentasjonen fekk 1,5 millionar visingar, 12.800 delingar og 27.000 likar-klikk på under eit døgn.

Det kan bli litt turisme av slikt.