Ny kommunestruktur

Kva gjer ein med resten?

Statsråd Monica Mæland (H) vil at fleire kommunar slår seg saman og oppfordrar til naboprat.

STØRRE: Kommunalminister Monica Mæland (H) ynskjer at prosessen med samanslåing av kommuner skal halde fram. Forfattaren av dette innlegget er kritisk til delar av både prosess og resultat for kommunereformen så langt.  Foto: Staale Wattø

STILLER PÅ LISTE: Jens Peter Ringstad, 3.-kandidat, MDG Molde.  Foto: Knut Arne Aarset

Kronikk

Eitt av måla med samanslåinga er meir berekraftige kommunar og eit av kriteria er at det skal vere meir enn 5000 innbyggjarar i kvar kommune.

Større einingar vil trekke til seg folk med kompetanse til administrasjonen er eit viktig argument.

Kva har regjeringa fått til?

Regjeringa har gjort eit forsøk på å slå saman kommunar, utan at det har lukkast særleg godt så langt. Kva har dei fått til i Møre og Romsdal?

Utanom samanslåing av to små landkommuner i Storfjorden på Sunnmøre, Norddal (1685 innb. i 2014) og Stordal (1035) til ei kommune med 2720 innbyggjarar og samanslåing av landskommunane Fræna (9720) og Eide (3744), er det bykommunane Ålesund og Molde som har blitt utvida.

I forhold til målet om store kommunar, har ein fått bort seks kommunar med under 5000 innb. (Eide (3744), Sandøy (1285), Skodje (4387), Ørskog (2301), Midsund (2036) og Nesset (3001). Halsa kommune har etter benkeforslag i kommunestyret gjort vedtak om å slå seg saman med ny eining i Trøndelag.


Fremdeles for mange småkommuner, mener Monica Mæland:

Advarer mot å flytte oppgaver til interkommunale selskaper: – Et demokratisk problem

Små kommuner sliter med å skaffe nok kompetanse. Utfordringene kommer bare til å øke, ifølge en ny rapport.


Metoden

Metoden som er vald frå sentralt hald er mellom anna at samanslåinga skal vere frivillig, og kommunane skal sjølve finne fram til kven dei vil slå seg saman med.

Dette vitnar om ansvarsfråskriving frå rikspolitikarar og opning for vilkårlege løysingar utan klare mål for kva ein vil oppnå anna enn større einingar.

Samanslåinga skulle som sagt vere frivillig, men når Sandøy fann ut at dei ville slå seg saman med Ålesund, blei Haram liggande imellom. Haram blei då tvungne inn i Ålesund mot si vilje. Samtidig høyrer vi frå Sogn og Fjordane om Vågsøy og Flora kommunar som ikkje grenser til kvarandre (Bremanger ligg imellom), men likevel får slå seg saman. Her er ein ikkje konsekvent.


Leder

«Viser ikke veg ut av hengemyra»

"Fylket har stø kurs mot røde tall på drifta, og må sette sugerøret i oppsparte midler. Om ikke lenge hører vi bare slurpelyden når fondene tømmes"


I starten av prosessen var det folkerøystingar der innbyggjarane i enkelte kommunar skulle få seie kva alternativ dei ville velje. For ytre- søre Sunnmøre hadde ein ulike alternativ, men ei samanslåing av kommunane Hareid (5081 innb.) og Ulstein (8092) som ligg på kvar si side av same øya (Hareidlandet), og der det er mange fornuftige og logiske grunnar til å vurdere samanslåing, var ikkje eit av alternativa det kunne røystast over.

Andre kommunar på Sunnmøre der det kan vere fleire gode grunnar til å vurdere samanslåing er Ørsta og Volda. Men dette er ikkje aktuelle politikk. I staden har Volda kommune funne på å slå seg saman med Hornindal kommune i Sogn og Fjordane (med 1223 innb.).

Ein kan spørje om kva som var dei gode momenta som førte til ei slik samanslåing anna enn at det blei ein kommune mindre med under 5000 innb.


Mæland åpner ny runde med kommunesammenslåing

Selv når antallet kommuner i Norge er kuttet til 356 vil halvparten ha færre enn 5.000 innbyggere. Kommunalminister Monica Mæland (H) vil slå sammen flere.


Resultatet?

Nokre kommunar har klarte å finne saman og laga nye einingar, medan andre står utanfor, ser få eller ingen tenlege alternativ og risikerer å bli «taparar» i dette spelet.

Men korleis har dei nye einingane i M & R blitt?

Som nemnt har to småkommunar i Storfjorden funne saman til ei ny, men framleis lita kommune. Samanslåing av Fræna og Eide verkar etter mi vurdering å vere tenleg.

Dei nye bykommunane verkar meir spesielle. Nye Molde vil strekke seg frå Dryna i vest og i ein «krok» til Aursjøen i aust. At øysamfunnet Ona langt nord og ute i havet skal høyre til Ålesund verkar heller ikkje heilt logisk når ein ser på kartet.

Skulle ein utvide Ålesund, ville det vel vere mest nærliggande å sjå på Giske og Sula som på mange måtar ligg tett på og er nær knytte til byen – meir dei enn Haram som blei tvungne inn.

Korleis få naturlege einingar?

Det som allereie har kome saman, kan ein vel ikkje løyse opp i, sjølv om det ville vere ein fordel fleire stader for å ha grunnlag for gode, nye einingar. Men kva gjer ein med resten?

Eg har ikkje tru på å halde fram med «frivillig-ordning». Skal ein nå fram, må det takast nokre avgjerder som enkelte vil oppfatte som upopulære. Det er ikkje sikkert at målet om minst 5000 innbyggjarar kan oppfyllast over alt.

I enkelt område av landet er det så grisgrendt at ein då får for store geografiske avstandar for ei tenleg eining. Etter mi meining bør rikspolitikarane våge å ta ansvar.

Det må gjerast heilskaplege grep som fangar opp alle. Rikspolitikarane må tinge grundige, faglege utgreiingar som tilrår tenlege forslag og alternativ som kan drøftast og høyrast.

Då først vil ein ha moglegheit for å kome fram til gode løysingar som er tenlegare for samfunnet, og at alle kan kome med i eit «godt selskap» og ikkje stå att som taparar.